Hirschsprungs sykdom
Ved Hirschsprungs sjukdom manglar delar av tjukktarmen nerveceller (ganglieceller). Endetarmen (rectum og anus) er alltid ramma. Ein sjeldan gong manglar heile tjukktarmen ganglieceller, og det kan også mangle ganglieceller i varierande lengd av tynntarmen. Hirschsprungs sjukdom blir behandla kirurgisk ved at den delen av tarmen som manglar nerveceller (aganglionær tarm) blir fjerna.
Symptom
Barn får symptom på forstopping eller tarmslyng (ileus). Mange får symptom allereie i nyføddperioden. Barnet kastar opp og klarer ikkje å ete tilstrekkeleg fordi avføringa ikkje kjem ut. Andre barn har ikkje så alvorlege symptom i nyføddperioden, men har kraftig forstopping i spedbarn- og småbarnsalder.
På grunn av forstoppingsproblema har mange av barna dårleg matlyst og dermed dårleg vektoppgang.
Hirschsprungs sjukdom blir behandla kirurgisk ved at den delen av tarmen som manglar nerveceller (aganglionær tarm), blir fjerna.
Kliniske studiar
2 kliniske studiar er opne for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.
- Foreldres opplevelse av å blokke endetarmen til barnet sitt
- Overgang fra ungdom til voksen med en anorektal medfødt misdannelse
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Barne- og ungdomsavdeling
Oppmøtestad
Vi har flytta inn i nye, flotte lokaler i Livabygget. Vi er framleis å finne i 5. etasje, og du tek trapp eller heis som før. Her finn du barne- og ungdomsavdelinga, føde og gynekologisk sengepost.
Sengepost:
Bruk hovudinngangen til sjukehuset og gå korridoren til endes, forbi kafeen og til heishallen. Ta heisen opp i 5 etg. Henvend deg på vaktrommet på Barne og ungdomsavdelinga.
Poliklinikk:
Bruk hovudinngangen til sjukehuset og gå rett fram gjennom glasdørene ved respsjonen. Henvend deg i luka til sekretær.

Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde