Hjernehinnebløding
Ei hjernehinnebløding oppstår når ei utposing (aneurysme) på ei pulsåre i hovudet sprekk. Desse arteriane går i væskerommet mellom hjernehinner og blødinga blir derfor også kalla hjernehinnebløding.
Kva er eit intrakranielt aneurysme?
Eit intrakranielt aneurysme er ei utposing på ein av pulsårane av hjernen og finst hos 1 – 2 prosent av befolkninga. Ein veit ikkje sikkert kvifor eit aneurysme oppstår, men førekomsten er høgare hos kvinner, røykjarar og hos personar med langvarig forhøgd blodtrykk. Førekomsten aukar med alderen, såleis har 10 prosent av 70-åringar og 20 prosent av 80-åringar eit aneurysme, men dei færraste aneurysmer sprekk. Intrakranielle aneurysmer finst som regel hos enkeltpersonar, utan andre tilfelle i slekta.
Symptom på hjernehinnebløding
Symptoma kjem brått, oftast utan forvarsel. Dei fleste opplever ein lynaktig, veldig kraftig hovudverk, ofte følgde av kvalme, brekkingar og kjensle av at nakken blir stiv. I nokre tilfelle følgjer medvitstap og/eller krampar.
Utgreiing
Diagnosen blir stilt ved CT som gir detaljerte bilete av blødinga. Som regel vil ein sprøyte kontrast inn i ei blodåre på armen (CTA), som gir god framstilling av blodkar og sjølve aneurysmet.
Behandling
Behandlinga av aneurysmer kan gjerast på 2 ulike måtar og bestemmast ut frå individuelle faktorar som mellom anna lokalisasjonen, storleiken og forma til utposinga. Dei mest brukte reparasjonsmetodane er:
Klipsing
Ved klipsing blir det gjort ein operasjon der ein opnar skallen og avstengjer utposinga med ei klemme (klips) som skal bli liggjande. Dette blir utført av nevrokirurg på operasjonsstova.

Coiling
Ved coiling blir utposinga tetta med tynne metalltrådar som blir førte gjennom innsida av blodårane frå pulsåra i lysken. Coiling blir gjort på røntgenavdelinga av spesielt utdanna røntgenlegar.

Det er trygt å ta MR med både klips og koil. Det er heller ikkje noko problem i samband med flyreiser.
Hos enkelte vil det vere vedvarande problem med sirkulasjon av hjernevæske. Behandlinga for dette er å operere inn eit varig drenasjesystem (shunt) under huda som fører hjernevæska frå hjernen til bukhulen. Dette kan du fint leve med.
Postoperativ behandling
Etter reparasjon av aneurysmet blir du overvakt på intensivavdeling og/eller på nevrokirurgisk overvaking, i omtrent 2 veker (spennvidd 2 dagar – 2 månader) der behandling og tidleg rehabilitering blir tilpassa kvar enkelt. Etterpå blir du skriven ut til lokalt sjukehus og vidare til heim, rehabiliteringsinstitusjon eller sjukeheim.
Kliniske studiar
2 kliniske studiar er opne for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.
- Direkte eller gradvis avslutning av drenasje av hjernevæske
- Fysiske, kognitive og emosjonelle endringer etter hjernehinneblødning
Oppfølging
Rehabilitering etter intrakraniell aneurysmeblødning
I rehabiliteringsfasen kan dei fleste leve utan spesielle restriksjonar. Det blir tilrådd gradvis opptrening alt etter det du orkar. Du kan til dømes gå daglege turar den første tida etter blødinga. Start med cirka 15 minutt og auk gradvis, etter dagsform. Etter kvart kan du ta opp att andre aktivitetar som du har vore vand til å gjere før blødinga.
Forsiktigheitsreglar
- Det er heilt i orden med flyreiser, dersom allmenntilstanden tillèt det.
- Du blir åtvara mot å køyre bil inntil dette er avklart med nevrolog eller nevrokirurg på 3-månaderskontroll. Sterke smertestillande medisinar kan påverke psykomotorisk tempo og dermed også evna til å køyre bil.
- Ver måtehalden med alkohol.
- Du blir tilrådd å slutte å røykje.
Ver merksam
Vanlege symptom etter utskriving frå sjukehus
- Hovudverk, trøyttleik, døsigheit og redusert energinivå er vanleg i forløpet etter blødinga og minkar som regel over tid.
- Det er ikkje uvanleg å vere desorientert eller forvirra og ha stort søvnbehov i ein periode, og ha redusert eller manglande minne for perioden på sjukehuset.
- Nokre opplever redusert initiativ, tiltakslyst, minne, konsentrasjon, finmotorisk funksjon og søvnvanskar.
- Etter kvart slit mange med kjenslemessige reaksjonar slik som depresjon og frustrasjon, og ein kan kjenne seg «annleis» og einsam. Det kan også skje endringar i relasjonar med familien og venner.
- Smerter i såret rundt operasjonsområdet er vanleg. I somme tilfelle kjem ikkje kjensla for berøring i det opererte område fullstendig tilbake. Nokre kan også oppleve brennande smerter eller kribling i arr området.
- Forstopping kan oppstå som følgje av sterke smertestillande medisinar og dessutan inaktivitet. Middel mot forstopping bør brukast i samråd med lege.
Mindre vanlege symptom etter bløding
- Språkforstyrringar, slik som vanskar med å finne ord og vanskar med å forstå det som blir sagt, kan finnast.
- Synsforstyrringar kan også finnast. Om desse held fram, blir det tilrådd undersøking hos augelege.
- Nokre får isjias (korsryggsmerter med utstråling på baksida av låra) på grunn av manglande aktivitet og kan ha behov for behandling hos fysioterapeut.
- Smerter i kjeven kan finnast, oftast på den opererte sida, og oppstår når ein opnar opp munnen ved eting eller tannpuss. Det blir tilrådd trening av kjeven ved å opne opp munnen/gape så mykje ein kan (inntil smertegrense) og lukke igjen minst 5 gonger dagleg. Dersom smertene ikkje minkar over 6 veker, er det tilrådd å ta kontakt med fastlege.
- Høyrselsnedsetjing eller lydoverfølsømhet kan oppstå og vare i fleire veker. Dette går som regel spontant over og det er ikkje behov for tiltak.
- Hårtap kan oppstå som biverknad til medisinar som blei brukte etter blødinga, stråling i samband med røntgenundersøkingar eller stress. Det er ikkje grunn til bekymring, håret veks ut igjen.
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Medisinsk avdeling

Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde