Hjerneristing hos barn
Ved alvorleg ulykke eller mistanke om at hovudskaden er alvorleg, blir barnet lagt på intensiv eller postoperativ dei første timane eller dagane før det blir flytta til sengepost. Ved mindre skadar/kort medvitstap, blir barnet observert på sengepost med hyppig tilsyn av sjukepleiar i cirka eitt døgn etter skadetidspunkt.
Symptom
Det kan vere vanskeleg å vurdere om barn har ei hjerneristing og ein bør derfor observere ved mistanke. Hjerneristing er i utgangspunktet ein ufarleg tilstand, og det er svært liten risiko for varig skade. Likevel vil ein observere barn som har fått ein hovudskade, fordi det ein sjeldan gong kan utvikle seg små blødingar i hjernen eller mellom hovudskallen og hjernehinna.
Ein lett hovudskade kan gi følgjande lette og forbigåande plager:
- moderat hovudverk
- kvalme/oppkast
- svimmelheit/ustøheit
- nedsett minne
- dårleg konsentrasjonsevne
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Barn og unge, avdeling sengepost og poliklinikk

Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde