Hjarteinfarkt

Hjarteinfarkt kjem av at ein blodpropp heilt eller delvis tettar til ei av kransårane i hjartet ditt. Kransårane er dei blodårene som forsyner hjartemuskelen med oksygenrikt blod. Blir ei eller fleire av kransårane tette, vil det ofte gi symptom i form av sterke brystsmerter. Tilstanden er alvorleg og det er derfor viktig at du kjem raskt til sjukehuset for behandling.

Hjerteinfarkt forårsakes av en blodpropp som dannes i en av hjertets blodårer. Tilstanden er alvorlig og det er viktig å komme raskt til sykehus.

Les meir på helsenorge.no

Hjartet er ein muskel som sørgjer for at alle organa i kroppen får oksygenrikt blod. Hjartet sjølv treng også oksygen for å fungere, og får dette gjennom kransårane (blodårane i hjartet) som ligg utanpå hjartet.

Hjarteinfarkt oppstår på grunn av feittavleiringar i kransårane til hjartet. Vi kallar prosessen aterosklerose eller åreforkalking. Dei fleste får slike feittavleiringar i større eller mindre grad med aukande alder, men somme er meir utsette enn andre.

Illustrasjon av hjertets anatomi.
Anatomien til hjartet.

Faktorar som kan framskunde åreforkalkingsprosessen er røyking, høgt blodtrykk, høgt kolesterol, fysisk inaktivitet, dårleg kosthald og diabetes. I tillegg kjem faktorar som du ikkje kan påverke, slik som arv, kjønn og alder.

Når ein blodpropp stoppar forsyninga av blod til hjartemuskulaturen, oppstår eit hjarteinfarkt. Det aktuelle området av hjartemuskelen døyr og det blir danna arrvev. Er hjarteinfarktet større vil pumpeevna til hjartet bli redusert.

Symptom

Klemmande smerter sentralt i brystet er eit typisk symptom på hjarteinfarkt. Smertene kan stråle ut i venstre arm, ut i begge armar, til mellom skulderblada, opp mot hals, nakke og kjeve eller til øvste del av mage. Andre symptom på hjarteinfarkt kan vere kvalme, oppkast, kaldsveitte og tung pust. Diffuse symptom som å vere sliten finst òg. Graden av smerte er uavhengig av storleiken på infarktet. Hos somme kan eit infarkt oppstå heilt utan smerter («stumme infarkt»).

Eit hjarteinfarkt kan oppstå utan forvarsel. Ved hjarteinfarkt er det svært viktig å komme raskast mogleg til behandling for å unngå eller avgrense skaden på hjartemuskelen.

Utgreiing

Har du symptom som gir mistanke om hjarteinfarkt skal du kontakte lege. Legen når du via 113, legevakta eller fastlegen din.

Ved mistanke om hjarteinfarkt tek ambulansepersonell EKG av deg. Resultatet blir vurdert av lege.

Ved framkomst på sjukehuset blir EKG vurdert, blodprøver tekne, hjartet undersøkt med ultralyd og kransårane undersøkt med koronar angiografi.

Behandling

Den akutte behandlinga av eit hjarteinfarkt avheng av storleiken på hjarteinfarktet.

Er det ei større kransåre som har gått tett, slik at blodtilførselen til delar av hjartemuskelen stoppar opp, ser vi det på EKG-undersøkinga. Dersom det er tilfellet, må vi opne den tette åra så fort som mogleg.

Har du lang reisetid til sjukehus med moglegheit for utblokking av kransåra (PCI), kan ambulansepersonell eller lege behandle infarktet med eit medikament som løyser opp blodproppen. Dette kallar vi trombolyse. Du blir deretter transportert til «PCI»-sjukehus. Om reisetida er kort til «PCI»-sjukehus, blir du køyrd direkte dit (med ambulansebil eller helikopter) for opning av åra ved hjelp av utblokking.

Er kransåra i hjartet delvis tett, og hjartemuskelen framleis får blodtilførsel, kan vi stabilisere deg ved hjelp av medikament, før vi undersøkjer kransårane med koronar angiografi eller CT av hjartet. Om desse undersøkingane avdekkjer sjukdom i kransårane, har vi ulike behandlingsformer:

Medikamentell behandling

Undersøkinga kan vise at det ikkje er nødvendig med noka spesiell behandling utover medikamentell behandling.

Utblokking (PCI)

Utblokking av eitt eller fleire tette/tronge parti i kransårene. Dette blir utført i same prosedyre som koronar angiografi.

Hjarteoperasjon (by-pass operasjon)

Kan tilbydast dersom det ikkje ligg til rette for utblokking av dei tronge partia i kransårene.

Førebyggjande behandling

Førebyggjande behandling etter hjarteinfarktet tek sikte på å hindre nye hjarteinfarkt. Då er det livsstilsendring, saman med medikament, som gjeld. Med livsstilsendring meiner vi til dømes auka fysisk aktivitet, hjartevennleg kosthald og røykjeslutt.

For å førebyggje nye hjarteinfarkt er det viktig med blodfortynnande og kolesterolsenkande medisinar. I tillegg kan vil du få medikament som vernar hjartemuskulaturen mot skaden som kan ha oppstått.

Kliniske studiar

2 kliniske studiar er opne for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.

Sjå fleire kliniske studiar

Oppfølging

Kva oppfølging du får etter eit hjarteinfarkt avheng av tilstanden din og kva behandling du har fått. Det er viktig at du tek medisinane som føreskrive, og har jamleg kontroll hos fastlege og/eller poliklinikk, avhengig av kva du blir informert om.

Det er også viktig med gode levevanar: røykjeslutt, sunt kosthald, avgrensa alkoholinntak, vektreduksjon, redusere stress, og dessutan å vere i fysisk aktivitet.

Medisinar etter gjennomgått hjarteinfarkt

Etter å ha gått gjennom eit hjarteinfarkt, skal du bruke førebyggjande medisinar. Desse medisinane bidreg til å redusere risiko for forverring av hjartesjukdommen din. Nokre av medisinane skal du truleg bruke livet ut, andre for ein kortare periode.

 

Dersom du har fått påvist hjarteinfarkt er det vanleg å bruke blodfortynnande medisinar som verkar på blodplatene, også kalla blodplatehemmere. Blodplater er små celler som får blodet til å klistre seg saman (koagulere), og bidreg mellom anna til å stanse blødingar.

Det finst fleire typar blodfortynnande medisinar. Felles for alle blodfortynnande medisinar er at dei reduserer risikoen for danning av blodproppar, ved å redusere evna blodplatene har til å klistre seg saman (koagulere).

Etter eit hjarteinfarkt er det vanleg å bruke to typar blodfortynnande medisinar samtidig i inntil 12 månadar etter infarktet. I tillegg til Acetylsalisylsyre blir du behandla med ein av dei andre blodfortynnande medisinane som vi har ramsa opp under her. Legen din bestemmer kva type du skal ha, og kor lenge du skal bruke denne. Deretter skal du (som oftast) ta ein av dei blodfortynnande medisinane resten av livet.

Acetylsalisylsyre (preparatnamn: Albyl-E ®eller Acetylsalisylsyre®

Acetylsalisylsyre blir brukt som livslang førebyggjande behandling mot blodpropp.

Korleis bør du ta acetylsalisylsyre

Acetylsalisylsyre skal du ta til same tid kvar dag. Du bør helst ta tabletten utan mat og svelgje han heil saman med eitt glas vatn. Tabletten skal du helst svelgje heil, ikkje dele han eller tyggje han, då han kan irritere mageslimhinna. Dersom du har svelgjevanskar kan du om nødvendig knuse tabletten.

Dersom du har gløymt å ta tabletten

Dersom du gløymer den daglege dosen til fast tid, skal du ta acetylsalisylsyre når du kjem på det. Dersom du gløymer dosen ein heil dag skal du halde fram med å ta acetylsalisylsyre til vanleg tid neste dag. Du skal ikkje ta dobbel dose som erstatning for ein gløymd dose.

Klopidogrel (Preparatnamn: Plavix® eller Clopidogrel®)

Korleis bør du ta klopidogrel

Éin tablett dagleg til same tid kvar dag. Denne kan du ta med eller utan mat.

Dersom du har gløymt å ta tabletten

Dersom du oppdagar at du har gløymt å ta tabletten innan 12 timar etter normalt doseringstidspunkt, bør du ta tabletten straks. Neste tablett tek du til normal tid. Dersom du oppdagar at du har gløymt å ta tabletten 12 timar eller meir etter normal doseringstidspunkt, tek du ikkje den gløymde tabletten, og neste tablett tek du til vanleg tid. Du skal ikkje ta dobbel dose som erstatning for ein gløymd dose.

Tikagrelor (preparatnamn: Brilique ®)

Korleis bør du ta ticagrelor

Éin tablett morgon og ein om kvelden, til same tid kvar dag. Tabletten kan du ta med eller utan mat.

Dersom du har gløymt å ta tabletten

Har du gløymt ein tablett, skal du ta neste tablett til vanleg tid. Du må ikkje ta ein dobbelt dose som erstatning for ein gløymd tablett.

Prasugrel (preparatnamn: Efient®)

Korleis bør du ta prasugrel

Éin tablett dagleg til same tid kvar dag. Tabletten kan du ta med eller utan mat.

Dersom du har gløymt å ta tabletten

Dersom du går glipp av den daglege dosen til fast tid, skal du ta tabletten når du kjem på det. Dersom du gløymer dosen ein heil dag skal du halde fram med å ta tabletten til vanleg tid neste dag. Du skal ikkje ta dobbel dose som erstatning for ein gløymd dose.

Blodfortynnande medisinar kan forårsake halsbrann og magesår. Ettersom blodet koagulerer mindre under behandling med blodfortynnande medisinar, kan det gi auka risiko for bløding. Du kan derfor oppleve at det kan ta litt lengre tid før du sluttar å blø dersom du får eit sår, og at du lettare kan få blåmerke i huda eller blø frå tannkjøttet ved tannpuss. Dersom du opplever bløding eller andre plagsame biverknader må du ikkje stoppe å ta medisinane dine utan å diskuterer  det med legen din. Legen kan då redusere på dosen eller byte til ein annan medisin.

Når du skal til tannlege må du alltid seie frå om at du bruker blodfortynnande medisinar. Dette er også viktig dersom du skal til operasjonar (også små inngrep) og undersøkingar som inneber stikk.

Kolesterol er eit samleomgrep på feittstoff i blodet. Vi deler dei ofte inn i «det gode kolesterolet (HDL) og «det dårlege kolesterolet» (LDL). Høgt LDL-kolesterol blir assosiert med auka risiko for utvikling og/eller forverring av hjarte-karsjukdom. Etter eit hjarteinfarkt er kolesterolsenkande behandling viktig for å redusere risikoen for at du får nye hjarteinfarkt.

Vi har fleire typar kolesterolsenkande medisinar. Den mest brukte er ei gruppe kalla statinar. Statinar bidreg til å redusere mengda LDL-kolesterol i blodet, og vil på den måten bidra til å minske risikoen for hjarteinfarkt.

Statinar omfattar fleire verkestoff. Atorvastatin (Lipitor®) er det vanlegaste kolesterolsenkande medikamentet som blir brukt etter eit hjarteinfarkt. Andre kolesterolsenkande medisinar er Simvastatin (Zocor®), Pravastatin (Pravachol®) og Rosuvastatin (Crestor®).

Medisinane finst i ulike styrkar, og legen din vel kva type/styrke du har behov for.

Korleis bør du ta tablettane

Atorvastatin og Rosuvastatin kan du ta når som helst på dagen. Simvastatin og Pravastatin er tilrådd å ta på kvelden.

Generelt sett skal du ta tablettane til same tid kvar dag. Du kan ta dei med eller utan mat, men unngå samtidig inntak av grapefrukt og grapefruktjus.

Dersom du har gløymt å ta tabletten

Har du gløymt ein tablett, skal du ta neste tablett til vanleg tid. Du skal ikkje ta dobbel dose som erstatning for ein gløymd dose.

Som alle legemiddel kan kolesterolsenkande medisin gi biverknader, men ikkje alle får det.

Kolesterolsenkande medisinar er godt tolerert hos dei fleste. Eventuelle biverknader opptrer som oftast i starten av behandlinga, og minkar normalt nokre veker etter behandlingsoppstart.

Dei vanlegaste biverknadene er diffuse muskelsmerter, diaré, forstopping, kvalme og halsbrann. Dersom du opplever plagsame biverknader, må du ikkje stoppe å ta medisinane dine utan å diskutere det med lege. Legen kan då redusere på dosen eller byte til ein annan medisin.

Kontakt

Førde sentralsjukehus Medisinsk avdeling

Kontakt Medisinsk avdeling
En stor bygning med en stor plen foran seg

Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Transport

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Bussen stoppar ved busstoppet på motsatt side av Vievegen, på austsida. Herfrå går flybussen til Førde Lufthamn Bringeland 75 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

 

Praktisk informasjon

Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.

​​Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande.  Sjukehusapoteket er altså open for alle.

På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.

Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.

Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.

​For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.

Les meir om eigendelar på helsenorge.no

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

​Ved Førde sentralsjukehus finn du kiosk der du kan kjøpe aviser og andre kioskvarer. Du kan også levere kupongar til Norsk Tipping sine spel.

Alle kantinene i Helse Førde er opne for tilsette, pasientar og pårørande.

​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen. Dei har opningstid 10.30 - 14.30.

Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. Her får du kjøpt varm mat og mykje anna. Den har opent 07.30 - 20.00.
I Førde finn du også ein kafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid  09.00 - 15.00. Her finn du kaffe, te, anna drikke, påsmurt og kaker m.m.

Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle kvardagar frå klokka 10.00-13.30.

Kantina på Tronvik er open for tilsette og bebuarar.

​Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.

Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.

Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.

Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.

Førde sentralsjukehus har sett av hundre parkeringsplassar berre for pasientar og pårørande. Er alle desse plassane opptekne, er det fleire parkeringsområde rundt Førde sentralsjukehus. Ledige plassar på desse områda kan òg nyttast av besøkande.

BLODGJEVARAR og RØRSLEHEMMA har eigne parkeringsplassar mellom anna framfor hovudinngangen og rundt om på sjukehuset sitt område. Dei som kan parkere her, har eige parkeringsløyve. Utan slikt løyve er parkering rekna som ugyldig.

Ordinær parkering for pasientar og pårørande:
Parkeringsplassen er inn frå Svanehaugvegen. Sjå blått område på kartet:

 

Kart over parkeringsplassar ved Førde sentralsjukehus

 

 

​I 6. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthotell.

Pasienthotellet har 22 senger. Dei er fordelt på seks enkle rom og åtte doble rom. Alle romma er tilpassa rullestolbrukarar.

​Treng du nokon å snakke med? Sjukehuspresten er til for deg anten du er pasient eller pårørande. I møte med denne omsorgstenesta kan du finne ein «fristad» og ein plass å samle tankane. I samtale med sjukehuspresten er det tid og rom for både stort og smått.

Du treng ikkje ha kristen eller religiøs tru for å ta kontakt. Det er ditt liv og dine tankar som har fokus. Det er sjølvsagt og høve til klassiske prestetenester som mellom anna sermoniar og bøn.

Uansett kva du har på hjartet er sjukehuspresten tilgjengeleg for å møte deg, der det passar deg best. Det kan vere på telefon, prestekontoret, pasientrom, i kantina eller kanskje på ein benk ute.

Ta kontakt direkte med Helene Langeland på telefon 908 79 281, eller spør personalet om å tilkalle/avtale tid med prest.

Sjukehuspresten er primært tilgjengeleg i ordinær kontortid, men kan og tilkallast til andre tider.

Kontoret er på plan 2, første dør til høgre for inngangen til kantina.

Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
  3. Les nøye gjennom vilkåra.
  4. Trykk "Godta" når du har lese og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal berre vere nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
 

Akuttmedisin:
Etter avtale på telefon 57 83 90 82.

Barneavdeling:
Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet.

Kirurgisk:
Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30.

Kreft:
Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet.

Kvinneklinikken:
Far eller medmor kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Søsken til barnet og andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga.

Medisinsk:
Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale.

Nevrologisk:
Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne.

Ortopedisk:
13.30-16.00 og 17.30-19.30.