Kardio-onkologi
Hjartevurdering av kreftpasientar
I vurderinga går vi gjennom førebygging, oppfølging og behandling av hjartebiverknader på bakgrunn av kreftbehandlinga.
Moderne kreftbehandling er effektiv. Ein biverknad av enkelte former for kreftbehandling er hjarteskade. I vurderinga går vi gjennom biverknader i hjartet hos kreftpasientar og hjelper til med rask hjartevurdering og tverrfagleg vurdering der kreftlegane ønsker dette før, under og/eller etter kreftbehandling. Vanlegvis vil det bli tatt EKG (elektrokardiogram) og hjarteultralyd. Det vil bli tatt stilling til om det er nødvendig med hjartemedisinar.
Før
Du vil bli tilvist til hjartelegen frå kreftlegen din etter retningslinjer kreftlegen har for kreftsjukdommen din. Du treng ikkje førebu noko før timen.
Under
Vanlegvis vil det bli tatt blodtrykk og EKG av sjukepleiar før du kjem inn til legen. Legen vil vanlegvis utføre hjarteultralyd, og tilvise deg til vidare undersøking som arbeidsbelastningstest eller kransåresundersøking om dette er nødvendig.
Gjer det vondt?
Nei.
Kor lenge varer behandlinga?
Undersøkinga tar mellom 45-60 minutt.
Etter
Du kan som regel dra heim etter undersøkinga. Hjartelegen vil sende resultatet av undersøkingane til kreftlegen din. Dersom spesielle omsyn skal bli tatte eller du blir anbefalt å begynne med hjartemedisinar vil dette bli diskutert med deg ved konsultasjonen hos hjartelegen.
Må eg ta medisinar?
Du må ikkje ta spesifikke medisinar før undersøkingane. Du treng ikkje møte fastande.
Biverknader og komplikasjonar
Det er ingen biverknader av undersøkingane som blir gjorde. Når du tar EKG og hjarteultralyd blir det sett på «plasterlappar» som nokon kan reagere på med hudallergi.
Skal eg til kontroll eller følgast opp på nokon måte?
Vidare oppfølging blir bestemt av resultatet på hjarteundersøkinga og vil også kunne vere avhengig av kreftbehandlinga du får.
Oppfølging
Vidare oppfølging blir bestemt av resultatet på hjarteundersøkinga og vil vere avhengig av kreftbehandlinga du får.
Kjelder for informasjon
Nasjonal kompetanseteneste for seineffektar etter kreftbehandling
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Medisinsk avdeling

Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde