Når du kjem til sjukehuset, får du snakke med sjukepleiar og lege. Det er viktig at du tar opp ting som er viktige for deg i forbindelse med operasjonen, sjukehusopphaldet eller tid etterpå, slik at vi får vi nødvendige opplysningar om helsetilstanden din og kan planlegge behandlinga betre.
Du får informasjon om kva type brot du har, og kva operasjonsmetode vi anbefaler.
Faste
Det er eit mål å operere hoftebrot så raskt som mogleg. Så snart tidspunktet er avklart, får du beskjed. Du må faste før operasjonen, det vil seie ikkje ete, snuse, røyke, tygge tyggegummi eller ete pastillar. Du kan drikke klar væske inntil 2 timar før operasjonen. Personalet orienterer nærmare om når du skal begynne å faste.
Smertelindring og bedøving
Ein anestesilege vurderer den fysiske forma din og eventuelle andre sjukdommar og går gjennom kva medisinar du vanlegvis tar. Dette gjer vi for å finne rett bedøving. Det er viktig at du fortel oss om smertene dine, slik at du kan få best mogleg smertelindring. Vanlegvis får du bedøving i lysken på den sida brotet er, før operasjonen. Bedøvinga gjer at du får mindre vondt og lettare kan bevege deg.
Andre førebuingar
Når du er innlagt på sjukehuset, tar vi blodprøver av deg og legg inn ein tynn plastslange (venekanyle) i handa/armen som du får væske og medisinar gjennom. Du kan også få tilført surstoff gjennom ein slange i nasen.
Når det nærmar seg tidspunktet for operasjon, legg vi eit blærekateter (tynn slange) inn i blæra, som urinen kan renne ut gjennom. Kateteret blir fjerna når operasjonen er over.
Legane vurderer om du treng fleire undersøkingar før operasjonen.