Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling, (artrose)

Hofteproteseoperasjon ved slitasjegikt

Ein hofteproteseoperasjon kan vera aktuelt ved artrose i hofta, hoftebrudd, medfødde skadar eller andre forandringar i hofta. Det øydelagde og ofte smertefulle leddet blir skifta ut med ein protese. Ein veljer å setje inn ein hofteprotese etter at annan ikkje-operativ behandling er forsøkt og ikkje har hatt tilstrekkeleg effekt.

Når brusken i hofta blir slitne, mister hofta sin naturlege glideflate. Det kan medføre stivleik, redusert bevegelse og svikttendens. Ein får smerter både ved belastning og etter kvert også i kvile og om natta. Nokre gonger oppnår ein ikkje god nok smertelindring med trening og bruk av smertestillande tablettar. Da kan det vera aktuelt å skifte ut hofteskåla og hoftekula med eit kunstig hofteledd, altså ein protese.

Samval

Når du har blitt syk eller har eit helseproblem, er det ofte fleire ulike moglegheiter for både undersøkingar og behandling. Her finn du samvalsverktøy som kan hjelpe deg til å ta valet.

Du kan også finne meir informasjon om artrose på helsenorge.no. 

Før

Ved dei fleste sjuehus blir du innkalla til ein førebuingsdag nokre veker før operasjonen. Da gjer vi nødvendige forundersøkelsar og du får informasjon om den planlagte behandlinga frå kirurg, fysioterapeut, sykepleiar og anestesilege.  

Når operasjonsdatoen er bestemt, tar du kontakt med kommunefysioterapeut/ ergoterapeut med tanke på hjelpemidlar etter operasjonen.  

Nyttige hjelpemidlar:

  • Hjelpemiddel til toalett
  • Dusjkrakk
  • Strømpepåtrekkar, gripetang og langt skohorn
Husk å ta med krykker ved innlegging. Det kan også vera lurt å ta med klede som er lette å bevege seg i og sko som er lette å ta på og sitter godt på foten.  


Bedøving

Operasjonen blir vanlegvis utført i spinalbedøving/ryggbedøving, men kan også bli gjort i narkose. Etter avtale med anestesilege kan du saman med spinalbedøvinga få sovemedisin under inngrepet.


Hofteprotese

Det benyttes veldokumenterte hofteprotesar. Det kunstige leddet består av ein plastforing (evt. Keramikk) som blir festa i hofteskåla (bekkenet) og ein metallstamme med hoftekule som blir festa i lårbeinet. Protesedelane kan bli festa i beinet med eller utan bruk av beinsement.


Førebuingar heime

For å førebygge infeksjon i operasjonssåret, må du fjerne ringar, smykke, piercingar, naglelakk og sminke, og vaske deg med bakteriedrepande såpe eller serviettar kvelden før operasjonen. Instruksjon om dette får du på førebuingsdagen.

Faste og medisiner

På operasjonsdagen skal du møte fastande, det vil si at du ikkje skal ete, drikke, røyke, snuse eller ta pastillar/drops etter midnatt. Du må bare ta eventuelle medisinar som anestesilegen på førehand har sagt at du skal ta. Dette blir avklara på førebuingsdagen i forkant av operasjonen.

Under

Ved hofteoperasjonar blir bedøving i dei aller fleste tilfella gitt i ryggen, ei såkalla spinalbedøving, og du vil kunne vera vaken. Av og til vel vi narkose i samråd med anestesilegen, og du vil vera bevisstlaus under inngrepet.

Ein anestesisjukepleiar sit ved deg under heile operasjonen. Han eller ho er kontaktpersonen din, og passer på at du har det bra. Du skal ikkje kjenne smerte, men du vil merke litt bevegelse i kroppen mens ortopeden skiftar leddet. Du vil også kunne høyre bankelydar, og andre lydar fra kirurgens arbeid.

Du kan høyre på musikk under operasjonen dersom du ønskjer det. Ta med den musikken du ønskjer å høyre på. Dersom du heller vil sove litt kan du få avslappande medisinar.

Operasjonen blir utført under strenge hygieniske forhold. Hofteoperasjonar blir i dag gjort i sideleie eller rygg leie. Kirurgen opnar hofteleddet med eit snitt ved hofta. Vi fjernar leddhovudet etter at lårhalsen er kutta. Denne delen blir erstatta av ein protese i rustfritt stål eller titanlegering. Hofteskåla blir erstatta med ei plastskål eller titanskål.

Protesane fins i fleire størrelsar, og ortopeden vel den som passar best for deg. Dei sementfrie komponentane blir banka på plass. Protesane gror så fast til beinet i løpet av veker eller månader. Nokre protesar blir festa med beinsement som blandast og tørkar i løpet av få minutt.

Etter at leddhovudet er montert på, blir hofteprotesen sett i ledd. Kirurgen sjekkar beinlengde og at hofta er stabil ved vanlege bevegelsar så den ikkje seinare "går ut av ledd". 
Operasjonstid for hofteprotesar varierer noko, men ligg vanlegvis på 90 minutt.

Etter

Vanlig sjukehusopphald er 1‐3 dager med dagleg trening og aktivitet. Du vil få instruksjon i øvingar og krykkegange av fysioterapeut mens du er på sykehuset. Egeninnsats er avgjørande for et vellykka resultat. 

Aktivitet

Det er viktig å komme seg raskt på beina. Allerede 3‐5 timar etter operasjonen kan du, med hjelp, komme ut av senga. Fra første dag etter operasjonen skal du gå med 2 krykker eller andre egna hjelpemidlar.

  • Du kan i regelen belaste den opererte hofta.
  • Du kan komme ut og inn frå seng både på operert og uoperert side.
  • Du kan liggje på uoperert side etter operasjonen med pute mellom beina. Du kan også liggje på magen. Du kan liggje på operert side når såret har grodd (2-3 veker) og det ikkje er smertefullt.

Smerter

Det er vanleg med smerter i dagene og vekene etter operasjonen. Det er ikkje farlig å bruke hofta sjølv om det er litt smertefullt. Du vil få smertestillande tablettar som dempar smertane til et akseptabelt nivå.
Medisinane blir trappa gradvis ned etter kvart som smertane avtar. Dei fleste får ein smertefri og velfungerande hofte, men det kan ta tid (hos enkelte inntil 1 år) før smertane er heilt borte og bevegelsen optimal. 

Forsiktigheitsreglar 

Restriksjonar etter hofteprotesekirurgi varierar noe mellom sjuehusa og avhengar også av kva for kirurgisk metode som er nytta. Vanlege restriksjonar kan vere:

  • Unngå å bøye deg fremover med knea pekande innover og foten plassert ut til sida i 3 månader, «kalvbeint stilling».
  • Unngå å sittje med beina i kryss, og å krysse operert bein over midtlinja dei første 3 månadene. 

Illustrerer punkta over
 

  • Du kan plukke opp ting frå golvet ved å strekkje operert bein bak når du bøyer deg (se bilde under).
  • Du kan bøye deg frem og la knea falle til sida, «froskestilling», når du ikkje merker stramming/ubehag i operert hofte.

Illustrerer punkta over
 

Etter utskriving
Hevelse og misfarga bein på operert side er vanleg på grunn av økt væske– og blodansamling. Dette kan du sjå heilt ned i anklane. Det vil gradvis forsvinne av seg sjølv. For å redusere hevelsen kan du liggje med beinet høgt og overkroppen lågt. Lett aktivitet og sirkulasjonsfremmande øvelsar kan også bidra til å redusere hevelse.

Sårpleie

Huden lukkas enten med ei oppløseleg tråd som ikkje skal bli fjerna, eller med tråd/stiftar som må bli fjerna etter 2-3 veker. Bandasje må bli bytta ved behov. Korleis du skal forhalde deg til både stinga og bandasjen vil du få informasjon om før utreise. Vi anbefalar å unngå bading i basseng/badekar/saltvann dei første 3 vekene.

Trening/krykker

Det er viktig med dagleg aktivitet og trening etter utreise frå sjukehuset. Treninga vil dei fleste klare på eigen hand. Krykkane kan bli avvikla etter 4 veker når du kan gå normalt utan å halte. Avvik kan førekomme i individuelle tilfellar. Du vil få informasjon om og trene på dette under opphaldet.

Aktivitetar

Turgåing og andre lettare aktiviteter blir anbefala. Du kan ha seksuelt samvær så lenge du overhalder gjeldande restriksjonar.

Sjukemelding/reseptar

Vanlegvis treng man sjukmelding i 2-8 veker, avhengig av type jobb. Du får med deg resept på smertestillande medisinar og blodfortynnande sprøytar.

Bilkøyring

Bilkøyring bør du vente med til du har avvikla bruken av krykker, og beinet kjennast sterkt nok til å klare bilkøyring. Du skal heller ikkje køyre bil om du brukar smertestillande medisinar med rød varseltrekant på. Det er veitrafikkloven som gjeld.

  • Inn og ut av bil som passasjer: still setet langt tilbake og tipp rygglenet godt bakover.

Kontroll på flyplasser

Ein protese kan utløyse alarmen ved sikkerhetskontroll. Det vil vanlegvis vere nok å forklare at du har ei hofteprotese og eventuelt vise frem arret. Du kan også få ein bekreftelse frå sjuehuset om at du har protese om du ønsker det.

Etterkontroll

Du vil bli innkalla til kontroll hos lege eller fysioterapeut ca. 3 månader etter operasjonen. 

Mulige komplikasjonar

Dei vanlegste komplikasjonane i forbindelse med hofteproteseoperasjon er infeksjon og at hofta går ut av ledd (luksasjon). Begge førekjem hos ca 1% av pasientane. Det er viktig at du tar raskt kontakt med avdelinga dersom det oppstår akutte sterke smertar eller tekn til infeksjon (Se meir under «Faresignal».) Det kan også førekomme nerveskade, men dette er sjeldan og oftest heilt eller delvis forbigåande. Blodpropp førebyggjast med rask mobilisering og blodfortynnande sprøytar, evt også med komprimerande strømper. Det anbefalast også at du unngår lange flyreisar dei første 6 vekene etter operasjonen. Nokre gonger oppstår eni beinlengdeforskjell, oftest ved at det opererte beinet blir lengre. Da kan det vere nødvendig å bruke innleggssåle i motsatt sko. 

Informasjon fra fysioterapeut 

Øvelsar for hofte etter proteseoperasjon. 

NB! Dei liggjande øvelsane skal ikkje gjerast på golvet, men i ein seng, på ein sofa, på ein benk eller lignande. 

  1. Stram setemusklane og press begge knea ned i underlaget. Hold i nokre sekundar. Slipp opp. 
  2. Bøy opp i kne og hofte og trekk hælen langs underlaget. Strekk deretter beinet ut igjen. 
  3. Bøy opp i anklane. Før beina frå kvarandre og deretter rolig inn igjen. Ikkje lyft beina frå underlaget. 
  4. Liggande setelyft: Ligg på ryggen med bøyde knær. Knip setemusklane saman og lyft bekkenet og nedre del av ryggen frå underlaget. Senk rolig ned igjen. 
  5. Stående tåhev med støtte: Stå bak ein stol og støtt deg med hendene til stolryggen. Lyft deg opp på tærne med begge beina og senk deg rolig ned igjen. 
  6. Støtt deg i en stol eller lignande. Sett opererte bein litt bak det andre - tærne i bakken. Strekk ut ved å føre hælen mot bakken. Kjenn at du bruker lårmusklane og setemusklane når du strekkjer ut. 
  7. Støtt deg til en stol, inntil en vegg eller lignande. Før det opererte beinet ut til sida og før det kontrollert ned igjen. Det kan vere greitt å ikkje ha sko på opererte bein når du gjør denne øvelsen. 
  8. Støtt deg med begge hendene på ein stolrygg eller lignande. Stå med føttene i skulderbreddes avstand. Bøy i hofter og knær med lik tyngde på begge bein. Reis deg opp igjen når du har nådd posisjonen på figuren. 
  9. Trappegang opp med krykker: Opp med det friske beinet først, deretter operert bein og krykker. 
  10. Trappegang ned med krykker: Sett krykkene ned eit trinn, deretter følger operert bein. Det friske beinet til slutt. Krykkene følgjer alltid det opererte beinet. 

Kontakt

Førde sentralsjukehus Ortopedisk avdeling

Kontakt Ortopedisk avdeling
En stor bygning med en stor plen foran seg

Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Transport

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Frå Førde Sentralsjukehus går flybussen 70 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

 

Praktisk informasjon

Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.

​​Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande.  Sjukehusapoteket er altså open for alle.

På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.

Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.

Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.

​For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.

Les meir om eigendelar på helsenorge.no

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

​Ved Nordfjord sjukehus og Førde sentralsjukehus finn du kiosk der du kan kjøpe aviser og andre kioskvarer.

Ved Førde sentralsjukehus kan du også levere kupongar til Norsk Tipping sine spel.

Alle kantinene i Helse Førde er opne for tilsette, pasientar og pårørande.

​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen. Dei har opningstid 10.30 - 14.30.

Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. Her får du kjøpt varm mat og mykje anna. Den har opent 07.30 - 16.30.
I Førde finn du også ein kafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid  09.00 - 15.00. Her finn du kaffe, te, anna drikke, påsmurt og kaker m.m.

Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle kvardagar frå klokka 10.00-13.30.

Kantina på Tronvik er open for tilsette og bebuarar.

​Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.

Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.

Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.

Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.

Førde sentralsjukehus har sett av hundre parkeringsplassar berre for pasientar og pårørande. Bommen ved pasientparkeringa opnar seg automatisk. Er alle desse plassane opptekne, er det fleire parkeringsområde rundt Førde sentralsjukehus. Ledige plassar på desse områda kan òg nyttast av besøkande.

BLODGJEVARAR og RØRSLEHEMMA har eigne parkeringsplassar mellom anna framfor hovudinngangen og rundt om på sjukehuset sitt område. Dei som kan parkere her, har eige parkeringsløyve. Utan slikt løyve er parkering rekna som ugyldig.

Ordinær parkering for pasientar og pårørande:
Parkeringsplassen er inn frå Svanehaugvegen. Sjå blått område på kartet:

Kart over parkeringsplassar ved Førde sentralsjukehus
 

​I 6. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthotell.

Pasienthotellet har 22 senger. Dei er fordelt på seks enkle rom og åtte doble rom. Alle romma er tilpassa rullestolbrukarar.

​Treng du nokon å snakke med? Sjukehuspresten er til for deg anten du er pasient eller pårørande. I møte med denne omsorgstenesta kan du finne ein «fristad» og ein plass å samle tankane. I samtale med sjukehuspresten er det tid og rom for både stort og smått.

Du treng ikkje ha kristen eller religiøs tru for å ta kontakt. Det er ditt liv og dine tankar som har fokus. Det er sjølvsagt og høve til klassiske prestetenester som mellom anna sermoniar og bøn.

Uansett kva du har på hjartet er sjukehuspresten tilgjengeleg for å møte deg, der det passar deg best. Det kan vere på telefon, prestekontoret, pasientrom, i kantina eller kanskje på ein benk ute.

Ta kontakt direkte med Helene Langeland på telefon 908 79 281, eller spør personalet om å tilkalle/avtale tid med prest.

Sjukehuspresten er primært tilgjengeleg i ordinær kontortid, men kan og tilkallast til andre tider.

Kontoret er på plan 2, første dør til høgre for inngangen til kantina.

Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
  3. Les nøye gjennom vilkåra.
  4. Trykk "Godta" når du har lese og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal berre vere nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
 

For å avgrense smitte under pandemien kan det vere andre visittider og reglar som gjeld. Sjå Smittestatus virussjukdomar​ for meir informasjon.​​

Akuttmedisin:
Etter avtale på telefon 57 83 90 82.

Barneavdeling:
Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet.

Kirurgisk:
Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30.

Kreft:
Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet.

Kvinneklinikken:
Far eller medmor kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Søsken til barnet og andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga.

Medisinsk:
Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale.

Nevrologisk:
Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne.

Ortopedisk:
13.30-16.00 og 17.30-19.30.