Den første tida med nytt høyreapparat
Den første tida er ein prøveperiode på opptil 6 månadar. Det er viktig å bruke prøveperioden godt. Bruk høyreapparata så mykje som mogleg og i ulike situasjonar. Noter deg dei utfordringane som oppstår. Stikkord her er lydane du høyrer og samtalane du har, men også korleis det er å setje dei på. Grad av komfort og om dei gir kløe eller smerte. Merk at du ikkje skal bruke høyreapparata om dei gjer vondt.
Mange som tek i bruk høyreapparat blir overraska over kor mange lydar dei høyrer. Kvardagslydar som ein kanskje ikkje har høyrt på lenge. Slike lydar kan verke forstyrrande, spesielt når det er vanskeleg å høyre kva folk seier. Då er det viktig å vite at slike lydar er spesielt viktig å høyre for ein med svekka høyrsel. Dei bidreg til å vekkje tankar og kjensler ein utan høyreapparata vil gå glipp av. Tankar og kjensler bidreg til auka hjerneaktivitet, noko som er viktig for hjernehelsa di. Det er ein viktig del av tilvenninga å bli trygg og kjend med alle lydane som er rundt oss.
Kontroll og oppfølging
Du blir følgt opp med minimum ein høyreapparatkontroll hos audiograf i utprøvingsperioden.
Dersom du får problem med høyreapparatet ditt, kan du ta direkte kontakt med leverandøren av apparatet for å få hjelp. Dersom det ikkje løyser problemet, kan du kontakte Hørselsentralen.
Har du fått høyreapparatet i Førde, Lærdal eller på Nordfjordeid, kan du kontakte Hørselsentralen på telefon 57 83 94 40. Har du fått apparatet frå ein annan stad enn sjukehusa i Helse Førde, må du ta direkte kontakt med den aktuelle spesialisten for kontroll/service.
Nav dekkjer utgifter til nye høyreapparat kvart sjette år. Audiografen din hjelper deg med søknad og vidare prosess.
Du må sjølv forsikre høyreapparatet ditt.