Før timen
Når du får tildelt time vil du bli beden om å ta med medisinlista di. Urinprøve og eventuelle blodprøver kan bli tatte før eller i samband med timen.
Kva skjer på sjukehuset?
På sjukehuset vil vi leite etter underliggande årsaker til høgt blodtrykk.
Vi gjer ei vanleg klinisk undersøking der vi sjekkar blodtrykket ditt, lyttar til hjarte og lunger, tar blod- og urinprøver, og eventuelt rekvirerer andre undersøkingar av hjarte, nyre med meir. Det kan vere aktuelt å gjere ein 24-timars undersøking av blodtrykket, der du får kopla på eit blodtrykksapparat som måler blodtrykket med 1/2 til 1 times mellomrom gjennom eit heilt døgn.
Utgreiinga kan også omfatte ultralydundersøking av hjarte og nyrer, blod og urinprøver til undersøking av spesielle hormon. Ved slike undersøkingar kan det hende at du må byte ut eller slutte med enkelte blodtrykksmedisinar i ein periode. Andre røntgenundersøkingar som CT eller MR av nyrer, hjarte eller blodkar kan også vere aktuelt.
Kor lang tid tar utgreiinga?
Dersom det må gjerast ekstraundersøkingar kan utgreiinga ta opptil eit par månader. I denne perioden vil du bu heime og leve som normalt.