Høgt blodtrykk

Høgt blodtrykk (hypertensjon) er ein svært vanleg tilstand, som er vanlegare jo eldre ein blir. Høgt blodtrykk aukar risikoen for blant anna hjartesjukdom, hjerneslag og nyresjukdom.

Dei fleste med høgt blodtrykk blir diagnostiserte og behandla av fastlegen, men hos enkelte kan det vere aktuelt å bli tilvist til spesialist. Om det er mistanke om underliggande årsaker (som nyresjukdom, hormonsjukdom eller hjartekarsjukdom) eller at blodtrykket er svært vanskeleg å behandle, kan det vere aktuelt å tilvise til spesialist i nyresjukdommar, hjartesjukdommar eller hormonsjukdommar.

Dersom blodtrykket ikkje er svært høgt, vil vi oftast prøve ein periode med livsstilsforandringar før eventuell oppstart med blodtrykksmedisin.  

Tilvising og vurdering

Som regel er det hjarte- eller nyrespesialistane som får tilvisinga. Tilvisinga blir vurdert av aktuell spesialist, og det blir planlagt korleis utgreiinga skal skje. Vanlegvis vil dette i første runde vere ein time på poliklinikken.

Tida det tar til du får time vil variere etter lokale forhold og kor alvorleg tilstanden er, men vanlegvis vil dei fleste få time innan 3 månader. Ved svært høgt blodtrykk eller om vi mistenker organskade på grunn av høgt blodtrykk, kan det vere aktuelt med akutt innlegging.

Cirka 20 prosent av vaksne har hypertensjon. Av dei som er over 60 år har cirka 60 prosent det. Blodtrykk over 140/90 blir vanlegvis rekna for høgt. Hos over 90 prosent finn vi ingen spesiell grunn til hypertensjon, men arvelegheit, overvekt, røyking, høgt saltinntak og stress kan bidra.

Før fastlege tilviser ein pasient med høgt blodtrykk, må det vere tatt vanlege blodprøver blant anna med tanke på nyrefunksjon, blodsukker og saltinnhald i blodet.

Urinprøve må også takast, for å sjekke om det er blod eller protein i urinen, og det må også takast EKG-undersøking av hjartet.

Om blodtrykket er vanskeleg å behandle, er hovudregelen at dersom ein ikkje får god kontroll på blodtrykket med 3 ulike typar blodtrykksmedisin (derav eit vassdrivande middel) i full dose, kan fastlege tilvise til spesialist. Fastlege kan også vise til spesialist ved mistanke om underliggande årsaker til høgt blodtrykk (som nyresjukdom eller hormonsjukdom).

Utredning

Før timen

Når du får tildelt time vil du bli beden om å ta med medisinlista di. Urinprøve og eventuelle blodprøver kan bli tatte før eller i samband med timen.

Kva skjer på sjukehuset?

På sjukehuset vil vi leite etter underliggande årsaker til høgt blodtrykk.

Vi gjer ei vanleg klinisk undersøking der vi sjekkar blodtrykket ditt, lyttar til hjarte og lunger, tar blod- og urinprøver, og eventuelt rekvirerer andre undersøkingar av hjarte, nyre med meir. Det kan vere aktuelt å gjere ein 24-timars undersøking av blodtrykket, der du får kopla på eit blodtrykksapparat som måler blodtrykket med 1/2 til 1 times mellomrom gjennom eit heilt døgn.

Utgreiinga kan også omfatte ultralydundersøking av hjarte og nyrer, blod og urinprøver til undersøking av spesielle hormon. Ved slike undersøkingar kan det hende at du må byte ut eller slutte med enkelte blodtrykksmedisinar i ein periode. Andre røntgenundersøkingar som CT eller MR av nyrer, hjarte eller blodkar kan også vere aktuelt.

Kor lang tid tar utgreiinga?

Dersom det må gjerast ekstraundersøkingar kan utgreiinga ta opptil eit par månader. I denne perioden vil du bu heime og leve som normalt.

Behandling

Oftast finn vi inga underliggande årsak som kan behandlast slik at blodtrykket blir normalt. Da behandlar vi blodtrykket så godt som mogleg på andre måtar.

I tillegg til livsstilsråd som vektnedgang, røykeslutt, minska saltinntak og sunnare livsstil, vil behandlinga bestå av medisinar, som regel fleire typar i kombinasjon. Dette blir gjort over tid og ofte i samarbeid med fastlegen.

Hos dei fleste er høgt blodtrykk ein tilstand som krev livslang behandling med blodtrykksmedisinar, i tillegg til ein sunn livsstil.

Kliniske studiar

1 klinisk studie er open for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.

Sjå fleire kliniske studiar

Oppfølging

Dersom vi ikkje finn ei underliggande årsak som kan behandlast, består vidare oppfølging i å prøve å få blodtrykket så godt som mogleg.

Hos pasientar med diabetes og nyresjukdom ønsker vi at blodtrykket skal vere under 130/80, hos andre under 140/90. Hos personar over 80 år kan vi tillate høgare blodtrykk opptil 150/90. Vi må også sjå an korleis kvar enkelt pasient toler ulike medisinar, og av og til godta høgare blodtrykksverdiar.

Dei fleste pasientar vil så kunne følgast opp av fastlege, eventuelt i samarbeid med spesialist på sjukehuset om dei har andre kompliserande tilstandar som hjartesjukdom, nyresjukdom eller diabetes.

Kontakt

Førde sentralsjukehus Medisinsk avdeling

Kontakt Medisinsk avdeling
En stor bygning med en stor plen foran seg

Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Transport

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Bussen stoppar ved busstoppet på motsatt side av Vievegen, på austsida. Herfrå går flybussen til Førde Lufthamn Bringeland 75 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

 

Praktisk informasjon

Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.

​​Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande.  Sjukehusapoteket er altså open for alle.

På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.

Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.

Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.

​For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.

Les meir om eigendelar på helsenorge.no

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

​Ved Førde sentralsjukehus finn du kiosk der du kan kjøpe aviser og andre kioskvarer. Du kan også levere kupongar til Norsk Tipping sine spel.

Alle kantinene i Helse Førde er opne for tilsette, pasientar og pårørande.

​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen. Dei har opningstid 10.30 - 14.30.

Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. Her får du kjøpt varm mat og mykje anna. Den har opent 07.30 - 20.00.
I Førde finn du også ein kafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid  09.00 - 15.00. Her finn du kaffe, te, anna drikke, påsmurt og kaker m.m.

Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle kvardagar frå klokka 10.00-13.30.

Kantina på Tronvik er open for tilsette og bebuarar.

​Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.

Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.

Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.

Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.

Førde sentralsjukehus har sett av hundre parkeringsplassar berre for pasientar og pårørande. Er alle desse plassane opptekne, er det fleire parkeringsområde rundt Førde sentralsjukehus. Ledige plassar på desse områda kan òg nyttast av besøkande.

BLODGJEVARAR og RØRSLEHEMMA har eigne parkeringsplassar mellom anna framfor hovudinngangen og rundt om på sjukehuset sitt område. Dei som kan parkere her, har eige parkeringsløyve. Utan slikt løyve er parkering rekna som ugyldig.

Ordinær parkering for pasientar og pårørande:
Parkeringsplassen er inn frå Svanehaugvegen. Sjå blått område på kartet:

 

Kart over parkeringsplassar ved Førde sentralsjukehus

 

 

​I 6. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthotell.

Pasienthotellet har 22 senger. Dei er fordelt på seks enkle rom og åtte doble rom. Alle romma er tilpassa rullestolbrukarar.

​Treng du nokon å snakke med? Sjukehuspresten er til for deg anten du er pasient eller pårørande. I møte med denne omsorgstenesta kan du finne ein «fristad» og ein plass å samle tankane. I samtale med sjukehuspresten er det tid og rom for både stort og smått.

Du treng ikkje ha kristen eller religiøs tru for å ta kontakt. Det er ditt liv og dine tankar som har fokus. Det er sjølvsagt og høve til klassiske prestetenester som mellom anna sermoniar og bøn.

Uansett kva du har på hjartet er sjukehuspresten tilgjengeleg for å møte deg, der det passar deg best. Det kan vere på telefon, prestekontoret, pasientrom, i kantina eller kanskje på ein benk ute.

Ta kontakt direkte med Helene Langeland på telefon 908 79 281, eller spør personalet om å tilkalle/avtale tid med prest.

Sjukehuspresten er primært tilgjengeleg i ordinær kontortid, men kan og tilkallast til andre tider.

Kontoret er på plan 2, første dør til høgre for inngangen til kantina.

Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
  3. Les nøye gjennom vilkåra.
  4. Trykk "Godta" når du har lese og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal berre vere nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
 

Akuttmedisin:
Etter avtale på telefon 57 83 90 82.

Barneavdeling:
Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet.

Kirurgisk:
Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30.

Kreft:
Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet.

Kvinneklinikken:
Far eller medmor kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Søsken til barnet og andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga.

Medisinsk:
Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale.

Nevrologisk:
Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne.

Ortopedisk:
13.30-16.00 og 17.30-19.30.