Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Illegale rusmiddel

Når rusmiddelbruken har komme ut av kontroll, og du har utvikla ein avhengnad, vil ein vesentleg del av behandlinga vere å få kontroll over impulsar til å ruse deg, uansett årsak. Å slutte å bruke rusmiddel kan vere ein krevjande prosess og det er god hjelp i støttande relasjonar frå behandlar og/eller familie og nettverk. Nokon vil ha nytte av poliklinisk behandling, mens andre treng døgninnlegging.

TSB omfattar tilbod om døgnbehandling, dagbehandling, ambulantbehandling og polikliniske tenestar.
 

Kven kan tilvise?

Tilvising til TSB kan komme frå 

  • sosialtenesten/NAV
  • barneverntenesten
  • fastlege/allmennpraktiserande lege
  • privatpraktiserande legespesialist eller psykolog (spesialist)
  • lege ved andre delar av spesialisthelsetenesta
  • lege i fengselshelsetenesta
  • anna helsepersonell som har rett til å tilvise til spesialisthelsetenesta

Kva skal tilvisinga innehalde?

Tilvisinga skal danne grunnlaget for vurderingane som skal gjerast. Det er derfor viktig at den innehalder mest mogeleg komplett informasjon om deg (pasienten) og forhald rundt deg.
 

 
Tilvisinga skal innehalde følgande informasjon:
 

 
  • Personopplysningar (namn, adresse, fødselsnummer, telefonnummer)
  • Familieforhald / sosial status
  • Sysselsetting / trygdestatus / eventuelle økonomiske vanskar
  • Uteståande dommar / planlagt soning
  • Historikk for rusproblematikk, inkludert tidligare behandling og beskriving av situasjonen i dag
  • Historikk og vurdering av psykisk og somatisk helse
  • Medisinering
  • Mål for iverksatt eller planlagt habilitering / rehabilitering
  • Involverte instansar, inkludert beskriving av samarbeidsrelasjonar
  • Vurdering av rett til individuell plan
  • Samtykke til innhenting av relevante opplysningar
  • Relevante epikrisar
  • Forslag til type tiltak
  • Vurdering av om det er behov for avrusing for å kunne gjennomføre behandling
 
 
 

Før

Under

Etter

Kontakt

Psykisk helsevern