Om du får IVIG som behandling for immunglobulinmangel må du ta blodprøver for å sjå at immunglobulinmengda er slik ein ønsker. Sjukehuset gir deg beskjed om kor ofte det må målast og om det er andre blodprøver du skal kontrollere.
IVIG
Infusjonsbehandling med immunglobulin
Intravenøst immunglobulin (IVIG) (handelsnamn Kiovig, Panzyga, Privigen, Octagam,) er behandling med høgreinsa immunglobulin framstilt frå plasma frå blodgivarar.
Immunglobulin
Immunglobulin er viktige og normale delar av immunforsvaret. Nokon har medfødd immunglobulinmangel og nokon utviklar immunglobulinmangel, særleg i etterkant av nokre typar immundempande behandling.
Behandling ved immunglobulinmangel og hyppige eller alvorlege infeksjonar
Om ein har mangel på immunglobulin, kan ein bli meir utsett for å få infeksjonar. Personar som har immunglobulinmangel og hyppige eller alvorlege infeksjonar kan få immunglobulin regelmessig, enten intravenøst eller som heimebehandling med tilskot i underhuda.
Behandling ved autoimmune sjukdommar
IVIG blir også brukt i høge dosar som behandling av enkelte autoimmune sjukdommar. Det blir da gitt som kur over 2–5 dagar. Effekten kjem ofte i løpet av eit par dagar – opptil eit par veker, og varer i 4–6 veker. I nokre tilfelle kan det vere aktuelt å gi gjentatte kurar med 4–12 vekers mellomrom.
Før
Under
Immunglobulinbehandlinga blir gitt langsamt i begynninga for å redusere biverknader. IVIG er rekna som ei trygg behandling, men som alle legemiddel kan dette legemiddelet også forårsake nokre biverknader. Dei vanlegaste biverknadene er hovudverk, kvalme og feber.
Somme biverknader kan oppstå hyppigare ved høg tilførselsfart, når du får immunglobulin for første gong eller om du har ein ubehandla infeksjon. Dersom det oppstår ein biverknad vil tilførselsfarten reduserast / infusjonen stoppast, da vil dei fleste biverknader minke/gå over.
Etter
Du blir observert i éin time etter første behandlingsdag og 20 minutt etter alle andre behandlingsdagar.
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Medisinsk avdeling

Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde