For at vi skal vite kor mykje jern du treng må du ta blodprøver og vekt før behandlinga. Vanlegvis kan jerntilskotet givast samla på ei behandling, men av og til må det givast fordelt på fleire dosar.
Jerntilskot intravenøst
Dersom du ikkje klarer å ta opp nok jern gjennom kosten eller jerntilskot, kan du få jern intravenøst.
Dei raude blodcellene har som oppgåve å bere med seg oksygen til alle celler i kroppen. Jern er eit viktig byggestoff for raude blodceller, så du har for lite jern kan du få for få raude blodceller, også kalla låg blodprosent eller anemi. Da kan du oppleve symptom som bleikheit, svimmelheit, kortpustaheit og hjartebank.Når det er jernmangel som er årsaka til anemi kallar vi det jernmangelanemi.
Jernmangelanemi kan oppstå som følge av blødingar (kraftig menstruasjon, blødande magesår, skade, kirurgi, blødarsjukdommar), men også ved mangelfullt inntak i kosten, eller mangelfullt opptak i tarmen.
Når det ikkje er tilstrekkeleg å behandle jernmangelanemi med kostendringar eller tablettbehandling, kan du få jern direkte i blodet gjennom ein venekanyle som blir lagd inn i ei blodåre.
Tilvising og vurdering
Når fastlegen din vurderer at du treng jerntilskot intravenøst, blir du tilvist til sjukehuset, der ein lege vurderer kva behandling du kan få.
Før
Under
Behandlinga blir gitt på eit behandlingsrom der det kan vere fleire pasientar. Vi legg inn ein venekanyle i ei blodåre på handa eller underarmen, denne tar vi ut igjen etter behandlinga.
Du må vente i avdelinga i 20 minutt etter behandlinga, i tilfelle du reagerer allergisk på behandlinga.
Etter
Ver merksam
Biverknader
- Hovudverk
- Magesmerter
- Utslett
Om du får hovudverk etter behandlinga, kan du ta Paracet. Mildt utslett kan behandlast med cetirizin eller liknande allergimedisin (reseptfritt i butikk og apotek).
Ved sterke magesmerter bør du kontakte avdelinga eller akuttmottaket.
Det er viktig at du fortel om eventuelle biverknader før neste behandling.
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Medisinsk avdeling

Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nordfjord sjukehus
Sjukehusvegen 14
6770 Nordfjordeid

Lærdal sjukehus
Sjukehusvegen 9
6887 Lærdal