Behandling
Kognitiv adferdsterapi ved langvarig smerte
I psykologisk behandling ved langvarige smerter lærer du strategiar for å påverke i kva grad smertene plager deg mentalt og avgrensar kvardagen. Det inneber også strategiar for å styrke meistring i kverdagen.
Tilvising og vurdering
For å få eit behandlingstilbod i spesialisthelsetenesta trenger du ei tilvising. Det er som oftast fastlegen som tilviser til utgreiing og behandling, men anna helsepersonell kan også tilvise. Med utgangspunkt i tilvisinga og prioriteringsrettleiar vil me vurdere om du har krav på behandling i spesialisthelsetenesta.
Før
Sentrale område i utgreiinga
- Smertenes lokalisasjon, karakter, intensitet, og varigheit
- Fysiske helseproblem
- Grad av fysisk aktivitet
- Begrensingar som smertene gjer for ulike bevegelsar, aktivitetar og gjeremål i kvardagen
- Søvnproblem og vedvarende utmatting
- Kjenslemessige problem og plager med angst og depresjon
- Tankar om smertene og om årsaka til dei
- Noværande livssituasjon, familie, studiar og arbeid
- Tidlegare stressbelastingar
- Tidlegare utgreiing og behandling
- Bruk av medikament
- Bruk av rusmiddel
- Personlege ressursar og moglegheit for støtte frå andre
- Om du har barn og om dei har spesielle behov no som bør takast vare på
Under
Etter
Etter at du har avslutta behandlinga hjå oss i spesialisthelsetenesta kan du ha utbytte av oppfølging frå fastlegen din og anna helsepersonell i primærhelsetenesta. Oppfølginga varierer ut frå ditt behov og kva behandlingstilbod som finst i din kommune.