Du blir henta på sengeposten og køyrd til undersøkingsrommet i seng. Der blir du lagd på ein smal benk. Leidningar og blodtrykksapparat blir kopla til deg slik at vi kan overvake hjarterytmen og blodtrykket ditt under prosedyren.
Det blir dekt sterilt rundt deg, og innstikkstaden i lysken blir vaska. Det vil vere eit røntgenapparat over deg som sørger for røntgengjennomlysing av hjartet og lungearteriane dine.
Undersøkinga startar med at du får lokalbedøving i lysken. Du vil kjenne eit stikk og litt press. Deretter fører legen eit kateter (mjukt, tynt plastrøyr) inn i ei stor blodåre i lysken og vidare opp gjennom høgre hjartehalvdel og ut i lungepulsåra. Når kateteret er på plass, sprøytar legen kontrastmiddel gjennom kateteret. Dei kontrastfylte blodårane kjem til syne på ein røntgenskjerm, og bilda av blodårane blir lagra som ein video.
Når tilstrekkeleg informasjon er innhenta, blir kateteret fjerna, og du får ein trykkbandasje over innstikkstaden i lysken.
Gjer det vondt?
Undersøkinga skal ikkje vere smertefull, men om du likevel skulle oppleve ubehag vil du få smertestillande/roande medikament undervegs. Du vil vere vaken under heile undersøkinga.
Undersøkinga varer cirka 30 til 60 minutt.