Pulmonal angiografi
Kontrastundersøking av blodårane til lungene
Pulmonal angiografi er ei røntgenundersøking som blir gjord ved mistanke om blodpropp eller misdanningar i blodårane i lungene (lungearteriane).
Før
Du må faste frå midnatt kvelden før, men du kan ta morgonmedisinane dine saman med litt vatn. Dersom du bruker blodfortynnande medisinar som Lixiana, Marevan®, Pradaxa®, Xarelto® eller Eliquis® gjeld eigne reglar, høyr med legen/sjukepleiaren din.
Begge lyskar må barberast kvelden før. Du vil få lagt inn ein kanyle (mykt plastrøyr) i ei blodåre på handa eller underarmen av sjukepleiar på førehand.
Under
Du blir henta på sengeposten og køyrd til undersøkingsrommet i seng. Der blir du lagd på ein smal benk. Leidningar og blodtrykksapparat blir kopla til deg slik at vi kan overvake hjarterytmen og blodtrykket ditt under prosedyren.
Det blir dekt sterilt rundt deg, og innstikkstaden i lysken blir vaska. Det vil vere eit røntgenapparat over deg som sørger for røntgengjennomlysing av hjartet og lungearteriane dine.
Undersøkinga startar med at du får lokalbedøving i lysken. Du vil kjenne eit stikk og litt press. Deretter fører legen eit kateter (mjukt, tynt plastrøyr) inn i ei stor blodåre i lysken og vidare opp gjennom høgre hjartehalvdel og ut i lungepulsåra. Når kateteret er på plass, sprøytar legen kontrastmiddel gjennom kateteret. Dei kontrastfylte blodårane kjem til syne på ein røntgenskjerm, og bilda av blodårane blir lagra som ein video.
Når tilstrekkeleg informasjon er innhenta, blir kateteret fjerna, og du får ein trykkbandasje over innstikkstaden i lysken.
Gjer det vondt?
Undersøkinga skal ikkje vere smertefull, men om du likevel skulle oppleve ubehag vil du få smertestillande/roande medikament undervegs. Du vil vere vaken under heile undersøkinga.
Undersøkinga varer cirka 30 til 60 minutt.
Etter
Når undersøkinga er ferdig, blir du køyrd i seng tilbake til sengeposten. Sjukepleiar måler blodtrykk og sjekkar lysken din. Du må halde senga i 2 timar og må ligge flatt den første timen, dette for å unngå auka press på blodåra i lysken som du er stukken i, og dermed redusere blødingsfaren.
Du kan ete og drikke med ein gong.
Resultatet av undersøkinga
Du får resultat av undersøkinga av legen. Av og til får du ikkje vite resultatet før utpå ettermiddagen eller dagen etter.
Ver merksam
Alle prosedyrar som blir gjennomførte gjennom blodårane kan medføre komplikasjonar, men risikoen er liten.
Den vanlegaste komplikasjonen er bløding frå lysken der du har blitt stukken (innvendig eller utvendig).
Har du i utgangspunktet dårleg nyrefunksjon, kan du få ei forbigåande forverring av nyrefunksjonen på grunn av kontrastmiddelet.
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Medisinsk avdeling

Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde