Det er viktig at du har shorts på ved denne undersøkinga. Diagnosen blir stilt gjennom grundige kliniske testar. Nokre stader må du fylla ut spørjeskjema som graderer din knefunksjon.
Rørsla i kneet må vere normal før ein kan operere. Hevelsen bør også ha gått tilbake. Det er også viktig at styrken i beinet er minst 80% av det friske beinet. Dei fleste pasientar vil ha nytte av 6 veker til 3 månaders strukturert trening hos fysioterapeut før ein opererer. Om ein har skadar av menisk eller brusk som skal reparerast, vil det kunne bety at operasjonen blir gjort raskare etter skaden.
Dersom instabiliteten i kneet er beskjeden, vil dei fleste kunne klare seg utan operasjon, føresett at ein følger rett treningsopplegg og får fysioterapi.