Diagnose

Korsbandskade, framme

Fremre korsband er eit leddband som er viktig for å kontrollere rørsla til kneet og forhindre at leggen glir framover i forhold til lårbeinet. I tillegg har det ei viktig rolle i å kontrollere rotasjonen i kneet.

Avriving av det fremre korsbandet er ein vanleg idrettsskade og kan gjere kneet ustabilt. Opptrening med rettleiing kan hjelpe, men er du veldig aktiv, kan det hende du må gjennom ein operasjon.

Avriving av fremre korsband er vanleg i idrettar som inneber raske vendingar, vridingar eller hopping, for eksempel basketball, slalåm, fotball eller turn. Det er størst risiko for at det fremre korsbandet ryk dersom du overstrekkjer eller vrir kneleddet. Men direkte slag mot kneet eller foten kan òg forårsake skaden.

Les meir på helsenorge.no

Korsbandskade er ein vanleg skade i den aktive befolkninga.

Diagnosen blir stilt gjennom ei grundig klinisk undersøking hos knespesialist. MR er ikkje nødvendig for å stilla diagnosen, men kan vere nyttig i kartlegging av assosierte skadar i kneet (meniskskadar, andre leddbandskadar, bruskskadar). Saman med ortopedkirurgen vil ein då bli einige om den rette behandlinga.

Tilvising og vurdering

Når du har vorte tilvist på grunn av ein fremre korsbandskade i kneet, vil du bli innkalla til undersøking hos knespesialist.

Utgreiing

Det er viktig at du har shorts på ved denne undersøkinga. Diagnosen blir stilt gjennom grundige kliniske testar. Nokre stader må du fylla ut spørjeskjema som graderer din knefunksjon.

Rørsla i kneet må vere normal før ein kan operere. Hevelsen bør også ha gått tilbake. Det er også viktig at styrken i beinet er minst 80% av det friske beinet. Dei fleste pasientar vil ha nytte av 6 veker til 3 månaders strukturert trening hos fysioterapeut før ein opererer. Om ein har skadar av menisk eller brusk som skal reparerast, vil det kunne bety at operasjonen blir gjort raskare etter skaden.

Dersom instabiliteten i kneet er beskjeden, vil dei fleste kunne klare seg utan operasjon, føresett at ein følger rett treningsopplegg og får fysioterapi.

Behandling

Operasjonen går føre seg i narkose. I tillegg er det vanleg at ein får bedøvd nokre av nervane i låret for å gi betre smertestillande effekt etter operasjonen. Ein startar med å gjere ein kikkehullsundersøkelse for å verifisere at korsbandet er avrive. Samtidig behandlar ein assosierte skadar i menisk og brusk. Ein fjernar så restane av det øydelagde korsbandet. Senene som skal brukast til det nye korsbandet blir teken ut. Ved bruk av sikteapparat og røntgenbilete finn ein den rette plasseringa av korsbandet, og ein borar så kanalar i leggbeinet og lårbeinet. Det nye korsbandet blir så dratt inn i desse kanalane, og blir festa. Dei to vanlegaste val av sener til nytt fremre korsband i Noreg er anten kneskjelsene eller hamstringssener. Valet er avhengig av alder, kva slags idrett ein driv og dessutan kva slags arbeid ein har. I nokre tilfelle vil ein også bruke strekkesena til låret eller donorsener.

Du reiser heim same kveld eller dagen etter operasjon.

Oppfølging

Du skal starte hos fysioterapeut 10-14 dagar etter operasjonen. Før dette skal du gjere eigenøvingar som du får delt ut på sjukehuset.

Du vil få resept på smertestillande når du reiser frå sjukehuset.

Kontrollar

Du vil få individuell kontroll hos fysioterapeut/og eller lege i løpet av det neste året.

Dersom du har ein stillesittande jobb kan du vere tilbake på jobb etter cirka 4 veker. Har du ein meir fysisk jobb er det mogleg at ein må vere sjukmeldt opp til 3 månader etter operasjonen, eventuelt få lettare oppgåver på jobb i denne perioden.

Opptreninga

Du tek det med ro heime og ligg mykje med beinet høgt og strokke dei to første vekene. Du skal driva med eigne øvingar.

Oppstart hos fysioterapeut etter 10-14 dagar.

Etter 9 månader og i samråd med fyisoterapeut, kan du byrja idrettsspesifikk trening med vendingar og hopp

Vi tilrår at du ventar i 12 månader før du går tilbake til vridingsidrett som fotball, handball og basketball.

Ver merksam

Sårinfeksjon og blodpropp er sjeldne komplikasjonar etter korsbandoperasjon. Du vil under operasjonen få førebyggjande medisin mot dette.

Ta kontakt med sjukehuset viss du opplever følgjande symptom:

  • Feber
  • Frostanfall
  • Rødhet eller puss frå såra
  • Brystsmerter eller kortpustenhet

Kontakt

Førde sentralsjukehus Ortopedisk avdeling

Kontakt Ortopedisk avdeling
En stor bygning med en stor plen foran seg

Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Transport

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Frå Førde Sentralsjukehus går flybussen 70 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

 

Praktisk informasjon

Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.

​​Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande.  Sjukehusapoteket er altså open for alle.

På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.

Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.

Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.

​For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.

Les meir om eigendelar på helsenorge.no

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

​Ved Nordfjord sjukehus og Førde sentralsjukehus finn du kiosk der du kan kjøpe aviser og andre kioskvarer.

Ved Førde sentralsjukehus kan du også levere kupongar til Norsk Tipping sine spel.

Alle kantinene i Helse Førde er opne for tilsette, pasientar og pårørande.

​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen. Dei har opningstid 10.30 - 14.30.

Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. Her får du kjøpt varm mat og mykje anna. Den har opent 07.30 - 16.30.
I Førde finn du også ein kafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid  09.00 - 15.00. Her finn du kaffe, te, anna drikke, påsmurt og kaker m.m.

Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle kvardagar frå klokka 10.00-13.30.

Kantina på Tronvik er open for tilsette og bebuarar.

​Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.

Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.

Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.

Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.

Førde sentralsjukehus har sett av hundre parkeringsplassar berre for pasientar og pårørande. Bommen ved pasientparkeringa opnar seg automatisk. Er alle desse plassane opptekne, er det fleire parkeringsområde rundt Førde sentralsjukehus. Ledige plassar på desse områda kan òg nyttast av besøkande.

BLODGJEVARAR og RØRSLEHEMMA har eigne parkeringsplassar mellom anna framfor hovudinngangen og rundt om på sjukehuset sitt område. Dei som kan parkere her, har eige parkeringsløyve. Utan slikt løyve er parkering rekna som ugyldig.

Ordinær parkering for pasientar og pårørande:
Parkeringsplassen er inn frå Svanehaugvegen. Sjå blått område på kartet:

Kart over parkeringsplassar ved Førde sentralsjukehus
 

​I 6. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthotell.

Pasienthotellet har 22 senger. Dei er fordelt på seks enkle rom og åtte doble rom. Alle romma er tilpassa rullestolbrukarar.

​Treng du nokon å snakke med? Sjukehuspresten er til for deg anten du er pasient eller pårørande. I møte med denne omsorgstenesta kan du finne ein «fristad» og ein plass å samle tankane. I samtale med sjukehuspresten er det tid og rom for både stort og smått.

Du treng ikkje ha kristen eller religiøs tru for å ta kontakt. Det er ditt liv og dine tankar som har fokus. Det er sjølvsagt og høve til klassiske prestetenester som mellom anna sermoniar og bøn.

Uansett kva du har på hjartet er sjukehuspresten tilgjengeleg for å møte deg, der det passar deg best. Det kan vere på telefon, prestekontoret, pasientrom, i kantina eller kanskje på ein benk ute.

Ta kontakt direkte med Helene Langeland på telefon 908 79 281, eller spør personalet om å tilkalle/avtale tid med prest.

Sjukehuspresten er primært tilgjengeleg i ordinær kontortid, men kan og tilkallast til andre tider.

Kontoret er på plan 2, første dør til høgre for inngangen til kantina.

Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
  3. Les nøye gjennom vilkåra.
  4. Trykk "Godta" når du har lese og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal berre vere nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
 

For å avgrense smitte under pandemien kan det vere andre visittider og reglar som gjeld. Sjå Smittestatus virussjukdomar​ for meir informasjon.​​

Akuttmedisin:
Etter avtale på telefon 57 83 90 82.

Barneavdeling:
Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet.

Kirurgisk:
Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30.

Kreft:
Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet.

Kvinneklinikken:
Far eller medmor kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Søsken til barnet og andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga.

Medisinsk:
Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale.

Nevrologisk:
Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne.

Ortopedisk:
13.30-16.00 og 17.30-19.30.