Hvis du har kreft, planlegger vi nå hvilken behandling som er best for deg. Beslutning om din behandling tar vi i samråd med deg, vanligvis basert på vurdering i et tverrfaglig team-møte.
Samval inneber at du mottek informasjon om fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa. Så kan du saman med helsepersonell sjå desse opp mot kvarandre, ut ifrå kva som er viktig for deg.
Her er tre spørsmål du kan stille din behandlar:
Behandling av kreft i magesekken
Dei fleste pasientane vil få fjerna heile eller delar av magesekken kirurgisk, avhengig av kvar svulsten sit. Inngrepet kan bli gjort som open kirurgi eller med kikkholsteknikk. Er du yngre enn 75 år, vil du som regel få fire cellegiftkurar før og fire kurar etter operasjonen. Nokre gonger blir det også tilrådd cellegift sjølv om du er over 75 år.
Dersom du på grunn av alder eller annan sjukdom ikkje skal ha cellegiftbehandling, blir det berre tilrådd operasjon åleine. Det same gjeld dersom svulsten er overflatisk. Dersom svulsten er i eit tidleg stadium, sit overflatisk eller er veldig liten, kan han ofte bli fjerna ved hjelp av eit endoskop, som blir ført inn gjennom munnhola og ned til svulsten (endoskopi).
Du må rekne med eit sjukehusopphald på omtrent ei veke etter fjerning av heile eller delar av magesekken med kirurgi.
Dersom ein svulst ikkje kan fjernast, er cellegift ei mogleg behandling.
Cellegift som blir gitt mot svulstar i magesekken, kan vere ei betydeleg påkjenning for kroppen. Ein må vurdere om du vil tole behandlinga, og om du vil ha nytte av den, sett i samband med belastinga du vil oppleve.
Behandling av kreft i matrøyret med tanke på at du skal bli frisk, er som regel ein kombinasjon av cellegift, eventuell stråling og deretter operasjon. Grunnen til dette er at sjølv små svulstar i matrøyret spreier seg tidleg til lymfeknutar i nærleiken. Det skjer derfor unntaksvis at vi opererer pasientane utan forbehandling. Nokre overflatiske svulstar kan bli behandla med det vi kallar ein endoskopisk reseksjon.
Både forbehandlinga, med cellegift og stråling, og operasjonen er ei betydeleg belastning. Alderen og allmenntilstanden din og eventuelle andre sjukdommar du har, må bli nøye vurdert før ei slik behandling blir sett i gang. Behandlinga er først og fremst ei belastning for lungene, og pasientar som røyker, bør slutte minimum åtte veker før operasjonen. Som regel blir lungefunksjonen undersøkt før operasjonen.
Ved operasjonen blir magesekken losna i buken, og ein lagar eit røyr av den. Ein går også inn i høgre side av brystkassen og fjernar store delar av matrøyret og lymfeknutar rundt matrøyret. Magesekkrøyret blir så kopla til resten av matrøyret. Inngrepet kan bli gjort både med kikkholsteknikk og som open operasjon.
Dersom du ikkje kan bli operert fordi svulsten er for omfattande, kan vi i nokre tilfelle gi endå kraftigare strålebehandling og cellegiftbehandling, dersom du har god allmenntilstand. Dette kan gi betre langtidsoverleving.
Hos mange vil verken operasjon eller omfattande cellegiftbehandling eller stråling vere mogleg, på grunn av alder og allmenntilstand. Då vil innlegging av ein såkalla stent (ein sylinder) for å opne matrøyret vere ei mogleg behandling. Ein annan moglegheit er kortvarig strålebehandling.
Dersom du ikkje kan bli operert fordi sjukdommen har spreidd seg, vil ofte cellegift vere det vi kan tilby.
Lindrande behandling
Mange pasientar med livstruande sjukdom vil ha behov for lindrande behandling. Ein vil kunne få lindring ved behandling med ulike typar medikament, samtaler og praktisk bistand frå ulike helsearbeidarar.