Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Leddgikt

Leddgikt, eller revmatoid artritt, er ein kronisk leddsjukdom prega av hovne ledd, leddsmerter og stivleik. Det er ein autoimmun sjukdom der immunforsvaret til kroppen går til angrep på eigne celler og lagar betennelse (inflammasjon) i leddhinnene.

Revmatoid artritt (leddgikt) gjør leddene stive, smertefulle og hovne. Behandling kan ikke kurere leddgikten, men kan virke symptomlindrende og beskytte leddene mot skade.

Les meir på helsenorge.no

Utbreiing

I Noreg har cirka 0,5 prosent av befolkninga revmatoid artritt. Sjukdommen er tre–fire gonger hyppigare hos kvinner. Den kan starte i alle aldrar, men oppstår oftast hos personar over 50 år.

Symptom

Hovudsymptoma ved leddgikt er hevelse, smerte og stivleik i fingerledd på grunn av leddbetennelse (artritt). Utan behandling kan sjukdommen føre til leddskade og nedsett funksjon. Påverknad av indre organ er sjeldan, men leddgikt kan gi auka risiko for å utvikle beinskjørheit (osteoporose) og hjarte-karsjukdom. Det er ikkje uvanleg å oppleve generell trøyttleik eller utmatting.

Sjukdommen kan arte seg svært ulikt frå person til person. Nokon opplever milde symptom, medan andre har meir alvorleg sjukdomsforløp.

Symptoma varierer over tid. Hos nokon svært få går sjukdommen heilt tilbake utan behandling, medan nokon berre opplever milde symptom. Dei fleste får meir plager etter kvart dersom ein ikkje behander sjukdommen. Det finst i dag effektive medisinar som dempar betennelsen og lindrar plagene.

Tilvising og vurdering

Dersom det er mistanke om at du har leddgikt vil du bli tilvist til revmatolog av fastlegen din. Opplysningane frå fastlegen gir grunnlag for om og kor raskt du vil bli innkalla til vurdering.

Når symptoma er leddsmerter med spørsmål om revmatoid artritt, ber vi om:

  1. Anamnese
    a) varigheit av leddsmerter
    b) morgonstivleik, tilstiving i kvile, rørslelindring?
    c) eventuell effekt av NSAIDS?
    d) tilkomme utfordringar med daglege funksjonar?
    e) eventuelt hereditet og andre sjukdommar

  2. Funn ved undersøking
    a) hevelse i ledd?
    b) ømheit over ledd (utan å vere tilsvarande øm utanfor ledda)?
    c) rørsleinnskrenkingar?

  3. Blodprøver
    a) CRP, Sr
    b) RF, anti-CCP, ANA

  4. Resultat av eventuelle biletundersøkingar

Utgreiing

Behandling

Oppfølging