Behandling, KNE- OG HOFTEPROTESER
Leddproteseoperasjon
Kvart år blir det operert om lag 9 200 hofteprotesar og om lag 5 400 kneprotesar i Noreg. Antal hofteopererte har hatt ei gradvis auke dei siste åra, og kneproteseoperasjonane har auka ytterlegare. Slitasjegikt eller artrose er den hyppigaste årsaka til ein proteseoperasjon.
Færre enn ti prosent av pasientane som har fått sett inn leddprotese, må skifte protesen i løpet av dei første ti åra. Omtrent 90 prosent av pasientane opplever fullstendig eller betydeleg betring av leddsmertene. Pasientar som får sett inn kneprotese, må rekne med noko redusert bevegelegheit. Dei aller fleste kan ta opp att eit normalt fysisk aktivitetsnivå.
Tilvising og vurdering
Pasientar med leddsmerter oppsøker i første omgang fastlege. Fastlegen undersøker det smertefulle leddet. Ved mistanke om artrose blir det bestilt røntgen av leddet. Dersom røntgenbildet viser tydelege forandringar i leddet, blir pasienten tilvist til ortopedisk poliklinikk.
Før
Faste
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.
De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.
Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Strengare regler kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om.
Under
Etter
Ver merksam
Dei vanlegaste komplikasjonane er infeksjon i protesen, at hofteprotesen går ut av ledd, eller at det oppstår blodpropp. Ein kan også få ulik beinlengde, muskelsvinn og nerveskade. Dette kan medføre halting etter operasjonen. Nerveskade og brot i knokkel kan også oppstå.
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Ortopedisk avdeling
Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde