Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Lyskebrokkoperasjon hos barn

Lyskebrokk hos barn er ei medfødt utposing av bukhinna gjennom lyskekanalen, som bukorgan (oftast tarm) kan gli ned i. Det blir vist som ein kul i lysken, som hos gutar kan gå heilt ned i pungen. Alle barn med lyskebrokk bør bli operert, men hastegraden varierer.

Oftast er lyskebrokk einsidig, men ikkje så sjeldan dobbeltsidig. Hos gutar med brokk, har kanalen der testikkel vandrar gjennom buken til pungen i fosterstadiet ikkje blitt lukka. Brokket blir vist som ein kul i lysken eller pungen når barnet græt, pressar for avføring, står oppreist, hostar eller pressar ut magen. Hos gutar består innhaldet i brokket som oftast av tynntarm. Lyskebrokk er ti gonger vanlegare blant gutar enn hos jenter. 

Foreldre oppdagar gjerne brokket når barnet skrik. Når barnet roar seg, glir som regel brokkinnhaldet tilbake av seg sjølv. 

Akutthjelp 

Eit brokk som ikkje går tilbake av seg sjølv og som ikkje utan vanskar kan trykkast tilbake er inneklemt. Dette er ein alvorleg tilstand og kan utan behandling medføre tarmslyng og i tillegg øydelegging av testikkel hos gutar eller eggstokken hos jenter. Lèt det seg ikkje trykke tilbake må det opererast akutt. 

 

Tilvising og vurdering

Fastlegen tilviser barnet for vurdering av operasjon. 

Barn som blir innlagde for akutthjelp der brokket ikkje lèt seg trykke tilbake blir tilvist direkte via fastlege eller legevakt. 

Før

Barnet må møte fastande til det tidspunktet som står i innkallinga. 

De blir tatt imot av ein sjukepleiar som har ansvaret for barnet denne dagen, og som vil informere om kva som skal skje. 

Barnet får bedøvingskrem på handa der det skal bli sett inn ein kanyle i blodåra til bruk for narkosemedisinar og væsketilførsel. 

Barnet får roande medisin å drikke først. 

Det vil nok vere noko ventetid i løpet av dagen. De blir følgt til operasjonsstova når det er barnets tur, og ein føresett kan vere med barnet heilt til det har sovna av narkosen.  


Under

I narkose blir huda opna i lysken og brokksekken blir fjerna. Svakheita i bukhinna blir sydd slik at brokket ikkje kjem tilbake. Såret blir sydd med innvendige sting som forsvinn av seg sjølve, og det blir dekt med eit lite plaster. 

Det blir gitt smertestillande under operasjonen slik at det skal vere minst mogleg smerter når barnet vaknar. 

Inngrepet varer omkring ein time, inkludert tida det tar å gi narkose. 

Etter

Etter operasjonen blir barnet køyrt til overvakingsavdelinga og etter kvart overført til sengeposten. 
 
De får reise heim så fort barnet er klar for det. 
 
Hevelse vil trekke seg tilbake i løpet av 3 veker. 

 

Ver merksam

Dersom operasjonssåret blir raudt og hovent, og barnet får feber og aukande smerter i dagane etter operasjonen, ta kontakt med den avdelinga der barnet blei innlagt/operert

Sist faglig oppdatert 29.10.2025

Kontakt

Kirurgisk avdeling

Kontakt Kirurgisk avdeling

Oppmøtestad

Du finn oss på Førde sentralsjukehus.
Vi har og sengepost og poliklinikk på Lærdal sjukehus.

Transport

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Bussen stoppar ved busstoppet på motsatt side av Vievegen, på austsida. Herfrå går flybussen til Førde Lufthamn Bringeland 75 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.