Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Lyskebrokkoperasjon hos voksne

Operasjon er det einaste behandlingsalternativet for brokk. Dersom det ikkje er teikn til avklemming av tarmen, kan legane anbefale at du ventar  med operasjon. Eldre personar med lite plager kan unngå operasjon heilt.

Tilvising og vurdering

Du blir tilvist frå fastlegen til ein kirurg på sjukehuset.

Før

Ein kirurg undersøker deg poliklinisk for å slå fast om kulen faktisk dreier seg om eit brokk. Dersom dette framleis er uklart etter den kliniske undersøkinga kan det bli nødvendig med ultralyd eller CT-undersøking. Du får samtidig informasjon om moglege operasjonsmetodar og komplikasjonar.


​​Faste

Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.

De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Fram til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.

  • Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
  • Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før

Dersom du likevel har ete eller drukke utanom dei tidene som står her må personalet få vite det.

Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk.Det får du i så fall beskjed om. 

På sjukehuset blir du tatt imot av sjukepleiar. Mens du ventar på operasjonen får du snakke med anestesilege og kirurgen som skal operere deg. Anestesilegen avgjer i samråd med deg og kirurg om du skal ha narkose, ryggbedøving eller lokalbedøving.

Under

Det er fleire metodar for å operere lyskebrokk. Sjølve operasjonen tar ca 1-2 timar avhengig av operasjonsmetoden. Operasjonen blir vanlegvis utført på dagtid utan innlegging.

Kikholskirurgi (TAPP/TEP)

Ved kikholskirurgi lager kirurgen eit lite kutt ved navlen. Kuttet er omtrent ein centimeter langt. Kirurgen fører eit laparoskop gjennom opninga. Laparoskop er eit instrument med lys og kamera, som gjer det mogleg å sjå inn i bukhola og i bukveggen via ein videoskjerm. Samtidig blir det laga eitt eller fleire kutt lenger ned på magen for å kunne føre inn operasjonsinstrument.

Ved operasjonsmetodane som er kalla TAPP og TEP blir eit nett plassert på innsida av bukveggen for å forsterke det svake området og forhindre at du får eit nytt brokk. Operasjonen må gjerast i narkose. 

Open kirurgi

Ved open kirurgi blir det laga eit snitt på fem til ti centimeter i lyskeområdet. Kirurgen dytter brokkinnhaldet inn, og vanlegvis blir brokksekken fjerna. Eit nett kan bli plassert over det svake punktet for å forhindre at brokket kjem fram igjen. Operasjonen kan gjerast i narkose, ryggbedøving eller i lokalbedøving.

Etter

Etter operasjonen blir du passa på til du vaknar. Du får ete og drikke, og vi sjekkar at du klarar å late vatnet.

Dersom du er operert som dagkirurgisk pasient kan du reise heim. Du får med deg smertestillande tablettar og eventuelt resept. Du kan ikkje køyre bil eller betene maskinar første døgnet etter operasjonen. Sjukemelding får du før heimreise, og lengda blir vurdert individuelt avhengig av kva du jobbar med. 

Sting

Dersom du har sting som må fjernast, vil du få beskjed om dette. Dei fleste må ikkje fjerne nokon sting.

Når du dusjar etter operasjonen, gjer følgande:

  • Om bandasjen er tett, kan du dusje utan å skifte bandasje etterpå.
  • Om bandasjen ikkje er tett og vatn kan komme inn i operasjonssåret:
    • Er såret tørt, la vatnet renne forsiktig over såret
    • Ikkje bruk såpe.
    • Ikkje gni eller ta på såret, og ikkje prøv å fjerne skorpar.
    • Klapp såret tørt med eit reint handkle.
    • Legg på ein ny, rein bandasje.

Etter operasjonen skal du unngå tunge løft i ca. 4-6 veker. Vi anbefaler at du startar med lett fysisk aktivitet så snart som mogleg etter operasjonen.

Aktivitet

Såret i huda gror raskt, mens vevet under huda treng lengre tid på å gro.

  • For å unngå at brokket kjem tilbake må du unngå tunge løft dei første seks vekene etter operasjonen, dette inkluderer tunge løft (meir enn 5 kg)
  • Du bør også unngå forstopping.

 

Kontroll

Det er som regel ikkje nødvendig med oppfølging etter operasjonen. Du må ta kontakt med fastlege dersom du får vondt i såret, blir hoven eller raud, eller kjenner deg sjuk etter operasjonen.

Ver merksam

Litt hevelse, raudleg farge og smerte som stikkingar i såret er ikkje uvanleg den første tida etter operasjonen. Viss smertene ikkje går over og det siver væske frå såret bør du kontakte fastlegen din eller sjukehuset. 

Sist faglig oppdatert 08.04.2024

Kontakt

Kirurgisk avdeling

Kontakt Kirurgisk avdeling

Oppmøtestad

Du finn oss på Førde sentralsjukehus.
Vi har og sengepost og poliklinikk på Lærdal sjukehus.