Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Lystgass til barn

På sjukehuset hender det at barn må gjere undersøkingar dei synest gjer vondt eller er skumle. Då kan dei få lystgass, som er ein usynleg gass som blir pusta inn gjennom ei maske. Den verkar både smertestillande, roande og litt søvndyssande.

Om bruk av lystgass på sjukehus

Lystgass som blir brukt på sjukehuset er ein medisinsk gass som er ei blanding av 50 prosent oksygen og 50 prosent dinitrogenoksid (lystgass).

Det varierer når det er aktuelt med lystgassbehandling, men det blir brukt i aukande grad for å unngå å bruke tvang, som til dømes å halde fast barnet. Om det er aktuelt for ditt barn, blir det vedteke i samråd med dykk som foreldre og helsepersonell i forkant av undersøkinga eller behandlinga. Formålet med bruken er å hindre tvang hos barnet og gjere undersøkinga eller prøvetakinga lettare å gjennomføre.

Det er i utgangspunktet ikkje ei nedre aldersgrense, men i praksis blir det brukt frå 4-årsalderen, då barnet må samarbeide om å halde og akseptere maske framfor munn og nase. Døme på undersøkingar som blir gjorde ved hjelp av lystgass er å ta blodprøver, sy eit sår og setje sprøyter.

Før

Når barn får ei innkalling til sjukehuset, er det lurt å førebu barnet på kva dei skal og kvifor. Kanskje må barnet gjere nokre undersøkingar eller ta nokre prøvar som kan opplevast skummelt eller vondt. Det å bruke tid på å førebu barn har mykje å seie for korleis barn opplever situasjonen og korleis dei held seg til sjukdom og behandling vidare.

 

Sjå gjerne førebuingsfilmen før de kjem til sjukehuset. Du kan skru på undertekstar i spelaren.

 

På sjukehuset

Før prosedyren/undersøkinga får du tilpassa smertelindring og lokalbedøving. Det kan vere bedøvingsplaster, smertestillande eller liknande. Dette må ofte verke ei stund før vi kan starte sjølve prosedyren og behandlinga med lystgass.

Før vi byrjar, viser vi deg korleis maska ser ut og forklarer kva som skal skje. Maska kan ha litt ulik utsjånad og farge. Vi finn den maska som passar deg best.

Illustrasjonsfoto. Vi finner den masken som passer deg best.

Før vi byrjar, viser vi deg korleis maska ser ut og forklarer kva som skal skje.  Maska kan ha litt ulik utsjånad og farge. Vi finn den maska som passar deg best.

Illustrasjonsfoto. Du kan lukte på tusjene og velge den lukten du liker best.

Vi har ulike duftpennar som ein kan teikne med inni maska sånn at det luktar jordbær, vanilje eller sjokolade. Du kan sjølv få velje kva lukt du vil ha i maska.

Illustrasjonsfoto. Sykepleieren tegner i masken med den tusjen du har valgt.

Sjukepleiaren teiknar i maska med den lukta du har valt.

 

Under

Du kan sitje eller liggje når du pustar lystgassen. Foreldra dine eller andre omsorgspersonar får vere saman med deg heile tida. Dersom du vil, kan du sitje på fanget til ein av foreldra dine. Sjukepleiaren kan hjelpe deg med å halde maska, eller du kan halde maska sjølv.

Illustrasjonsfoto. Når du får lystgass kan du sitte alene i stolen eller på fanget til en av foreldrene dine.
Når du får lystgass, kan du sitje åleine i stolen eller på fanget til ein av foreldra dine.

Lystgassen kan gjere deg litt svimmel, og du kan kjenne prikking i bein og armar og kanskje at kroppen blir slapp. Det går raskt over. Du pustar i maska i nokre minutt før du skal behandlast. Så held du fram med å puste inn lystgassen med rolege og djupe pust under heile behandlinga.

Illustrasjonsfoto. Du puster i masken i noen minutter.
Du pustar i maska i nokre minutt.

Det kan suse litt frå utstyret, og kvar gong du trekkjer pusten vil du høyre ein slags pustelyd. Mange synest det høyrest ut som lyden astronautar lagar når dei pustar i verdsrommet. Du er vaken heile tida, ser og høyrer og sjukepleiaren fortel deg heile tida kva som skal skje.

Vi passar på deg

Sjukepleiaren er med heile tida og passar på deg. Av og til bruker vi også eit apparat som måler at du pustar godt. Det festar ein med ei klype på fingeren, og det gjer ikkje vondt.  

Etter

Når vi tek bort maska, forsvinn lystgassen ut av kroppen på nokre få minutt.

Når alt er ferdig, er det lurt å bli sitjande litt. Etter nokre minutt kjenner du deg heilt som vanleg igjen.  Når du er heilt ferdig, får du ein premie, og du treng ikkje å bli observert på sjukehuset i etterkant fordi du har brukt lystgass.

Illustrasjonsfoto. Du kan velge en premie når du er ferdig.
Du kan velje ein premie når du er ferdig.

Ver merksam

Gravide skal ikkje opphalde seg i rommet under administrasjon av lystgass.

Sist faglig oppdatert 13.03.2024

Kontakt

Førde sentralsjukehus Barne- og ungdomsavdeling

Kontakt Barne- og ungdomsavdeling

Oppmøtestad

Vi har flytta inn i nye, flotte lokaler i Livabygget. Vi er framleis å finne i 5. etasje, og du tek trapp eller heis som før. Her finn du barne- og ungdomsavdelinga, føde og gynekologisk sengepost. 

Sengepost:
Bruk hovudinngangen til sjukehuset og gå korridoren til endes, forbi kafeen og til heishallen. Ta heisen opp i 5 etg. Henvend deg på vaktrommet på Barne og ungdomsavdelinga. 

Poliklinikk:
Bruk hovudinngangen til sjukehuset og gå rett fram gjennom glasdørene ved respsjonen. Henvend deg i luka til sekretær.

 

En stor bygning med en stor plen foran seg

Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Transport

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Bussen stoppar ved busstoppet på motsatt side av Vievegen, på austsida. Herfrå går flybussen til Førde Lufthamn Bringeland 75 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

 

Praktisk informasjon

Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.

​​Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande.  Sjukehusapoteket er altså open for alle.

På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.

Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.

Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.

​For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.

Les meir om eigendelar på helsenorge.no

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

​Ved Førde sentralsjukehus finn du kiosk der du kan kjøpe aviser og andre kioskvarer. Du kan også levere kupongar til Norsk Tipping sine spel.

Alle kantinene i Helse Førde er opne for tilsette, pasientar og pårørande.

​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen. Dei har opningstid 10.30 - 14.30.

Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. Her får du kjøpt varm mat og mykje anna. Den har opent 07.30 - 20.00.
I Førde finn du også ein kafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid  09.00 - 15.00. Her finn du kaffe, te, anna drikke, påsmurt og kaker m.m.

Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle kvardagar frå klokka 10.00-13.30.

Kantina på Tronvik er open for tilsette og bebuarar.

​Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.

Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.

Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.

Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.

Førde sentralsjukehus har sett av hundre parkeringsplassar berre for pasientar og pårørande. Er alle desse plassane opptekne, er det fleire parkeringsområde rundt Førde sentralsjukehus. Ledige plassar på desse områda kan òg nyttast av besøkande.

Blodgjevarar og rørslehemma har eigne parkeringsplassar mellom anna framfor hovudinngangen og rundt om på sjukehuset sitt område. Dei som kan parkere her, har eige parkeringsløyve. Utan slikt løyve er parkering rekna som ugyldig.

Ordinær parkering for pasientar og pårørande:
Parkeringsplassen er inn frå Svanehaugvegen, nord-aust for Svanabygget som er hovudbygningen ved sjukehuset. På nedsida av parkeringsplassen er det også ladepunkt for el-bil. 

 

​I 6. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthotell.

Pasienthotellet har 22 senger. Dei er fordelt på seks enkle rom og åtte doble rom. Alle romma er tilpassa rullestolbrukarar.

​Treng du nokon å snakke med? Sjukehuspresten er til for deg anten du er pasient eller pårørande. I møte med denne omsorgstenesta kan du finne ein «fristad» og ein plass å samle tankane. I samtale med sjukehuspresten er det tid og rom for både stort og smått.

Du treng ikkje ha kristen eller religiøs tru for å ta kontakt. Det er ditt liv og dine tankar som har fokus. Det er sjølvsagt og høve til klassiske prestetenester som mellom anna sermoniar og bøn.

Uansett kva du har på hjartet er sjukehuspresten tilgjengeleg for å møte deg, der det passar deg best. Det kan vere på telefon, prestekontoret, pasientrom, i kantina eller kanskje på ein benk ute.

Ta kontakt direkte med Helene Langeland på telefon 908 79 281, eller spør personalet om å tilkalle/avtale tid med prest.

Sjukehuspresten er primært tilgjengeleg i ordinær kontortid, men kan og tilkallast til andre tider.

Kontoret er på plan 2, første dør til høgre for inngangen til kantina.

Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
  3. Les nøye gjennom vilkåra.
  4. Trykk "Godta" når du har lese og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal berre vere nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
 

  • Akuttmedisin:
    Etter avtale på telefon 57 83 90 82.
  • Barneavdeling:
    Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet.
  • Kirurgisk:
    Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30.
  • Kreft:
    Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet.
  • Kvinneklinikken:
    Far eller medmor kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Søsken til barnet og andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga.
  • Medisinsk:
    Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale.
  • Nevrologisk:
    Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne.
  • Ortopedisk:
    13.30-16.00 og 17.30-19.30.