Malignt melanom (Føflekkreft)

Malignt melanom er ei av dei vanlegaste kreftformene i Noreg. Førekomsten har vore sterkt aukande sidan 1960-talet. Den viktigaste risikofaktoren for melanom er solskade. Personar med lys hudtype har særleg auka risiko. Arv er svært sjeldan ei årsak til melanom. Dei fleste melanom oppstår i normalt pigmentert hud, medan rundt ein tredel oppstår i eksisterande føflekkar. Eit melanom blir kjenneteikna ved ujamn avgrensing, misfarging, storleik og endring. Melanom kan vere sortpigmentert, men kan også ha raudleg eller blåleg preg eller vere utan farge. Endeleg diagnose må stillast med ein vevsprøve.

Tilvising og vurdering

Diagnosen blir stilt ved å skjere bort den mistenkte forandringa i huda. Dette blir som regel gjort på fastlegekontoret eller hos hudlege.

Utredning

Huda som er fjerna blir sendt inn til undersøking i mikroskop. Ved store forandringar i huda eller der fjerning medfører store kosmetiske konsekvensar, kan det takast prøve av ein del av forandringa. Ved påvist melanom blir du informert om diagnosen, og vist til ei kirurgisk avdeling på lokalsjukehus.

Kirurgi ved påvist melanom

Når det er påvist melanom vil tjukna vere avgjerande for vidare behandling. Sjølv om heile forandringa er fjerna, skal arret etter prøvetaking fjernast med 1-2 cm fri margin ned til underliggjande muskelhinne, for å redusere risiko for lokalt tilbakefall. Det blir som regel eit langt større sår ved fjerning av tryggingsmargin enn ved den første operasjonen. Derfor kan vere behov for å transplantere hud for å få lukka såra. Ved forstadium til melanom er det tilstrekkeleg at arret blir fjerna med ein margin på 5 mm.

Ved ei tjukn på 1,1 mm eller meir vurderer vi om vi skal å utføre vaktpostlymfeknute- diagnostikk. Vaktpostlymfeknuten er første lymfeknute som eventuelt får kreftceller ved spreiing. Som regel er det éin vaktpostlymfeknute, men det kan også vere fleire. Ved å operere ut vaktpostlymfeknuten og undersøkje han i mikroskop, kan vi finne ut om kreften har byrja å spreie seg. Vaktpostlymfeknutane finst vanlegvis i lysken, armhola eller på halsen. For å lokalisere vaktpostlymfeknuten, blir det sett inn eit sporstoff rundt arret dagen før operasjonen. Ved vaktpostlymfeknutediagnostikk blir du vist til ei lokal plastikkirurgisk avdeling.

Sjølve inngrepet skjer i narkose og blir gjort samtidig som tryggingsmarginen rundt arret blir fjerna. Svar på om det er spreiing i vaktpostlymfeknuten får du som regel nokre veker etter operasjonen.

 

​​​Pakkeforløp heim​

Alle pasientar som får ein kreftdiagnose, blir inkludert i pakkeforløp heim for pasientar med kreft. Gjennom pakkeforløpet går vi gjennom dei individuelle behova dine for tenester og oppfølging utover sjølve kreftbehandlinga.

Pakkeforløp heim for kreft (helsenorge.no)​

Behandling

Dersom du har kreft, blir det no planlagd kva behandling som er best for deg. Avgjerd om behandlinga di blir teken i samråd med deg, vanlegvis basert på vurdering i eit tverrfagleg team-møte.

Det finst fleire moglege behandlingar. Kva som er best for deg kan du og helsepersonell komme fram til saman. Dette blir kalla samval. Å vere med og bestemme er ein rett du har.

Samval inneber at du mottek informasjon om fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa. Så kan du saman med helsepersonell sjå desse opp mot kvarandre, ut ifrå kva som er viktig for deg.

Her er tre spørsmål du kan stille din behandlar:

  1. ​Kva alternativ har eg?
  2. Kva fordelar og ulemper er moglege ved desse alternativa?
  3. Kor sannsynleg er det at eg vil oppleve nokre av desse?

Les meir om samval på helsenorge.no

Behandling ved kreftceller i vaktpostlymfeknuten

Ved funn av kreftceller i vaktpostlymfeknuten vil vidare behandling bli diskutert i eit tverrfagleg møte. Både kor stort område med spreiing som er funnen, og tilleggssjukdommar og alder, vil avgjere vidare oppfølging og behandling. Som regel vil vi tilrå å vurdere medikamentell etterbehandling for å redusere risiko for tilbakefall. I somme tilfelle kan det vere aktuelt å operere ut fleire lymfeknutar frå det same området.

Behandling ved fjernspreiing

Spreiing finst hyppigast i lymfeknutar nær der melanomet har vore lokalisert, men spreiing kan også finnast til lunger, lever, hjerne, skjelett og hud. Ved mistanke om spreiing blir det som regel vurdert utgreiing med CT/MR/PET-CT. Mistanke om spreiing bør bli stadfesta med vevsprøve. Dersom påvist spreiing er avgrensa og tilgjengeleg for å bli fjerna, vil kirurgisk behandling som regel vere førstevalet.

Har sjukdommen spreidd seg i ei grad der kirurgi ikkje lenger vil føre til helsebot, må ein vurdere annan type behandling.

Behandling ved spreidd sjukdom

I desse tilfella er behandlinga individuell. Behandlinga blir vurdert i samarbeid mellom kreftlege og plastisk kirurg. Medikamentell behandling i form av tablettar eller immunterapi kan bli vurdert. Behandlinga kan gi  skrumping av tumor og symptomlindring, og dessutan forlengd levetid.

Oppfølging

Første kontroll ved påvist melanom utan spreiing skje 3 månader etter kirurgi, hos hudlege eller fastlege. Stadieinndelinga til sjukdommen bestemmer hyppigheita og varigheita til kontrollane, og om og når det skal takast røntgenbilete. Ved påvist spreiing vil du vanlegvis bli følgt opp hos kreftlege på lokalsjukehuset.

Rehabilitering og meistring ved kreftsjukdom

Det finst ei rekkje tilbod som kan vere ei hjelp til å komme tilbake til kvardagen under og etter kreftsjukdom. Derfor er det viktig å tenkje rehabilitering og meistring av sjukdommen heilt frå sjukdomsstart og byrjinga av behandlinga. Målet er å kunne fungere og leve med eller etter kreftsjukdom, med så god livskvalitet som mogleg.

Ver merksam

Du må straks kontakte lege dersom ein føflekk veks i storleik, endrar form eller farge.

Kontakt

Førde sentralsjukehus Hudavdeling

Kontakt Hudavdeling
En stor bygning med en stor plen foran seg

Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

En bygning med et flagg foran

Lærdal sjukehus

Sjukehusvegen 9

6887 Lærdal

En stor sykehusbygning med en plen foran seg

Nordfjord sjukehus

Sjukehusvegen 14

6770 Nordfjordeid

En gruppe mennesker utenfor en bygning

Sunnfjord medisinske senter

Hans Blomgate 39

6905 Florø

Transport

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Bussen stoppar ved busstoppet på motsatt side av Vievegen, på austsida. Herfrå går flybussen til Førde Lufthamn Bringeland 75 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

 

​Buss

Fleire rutebusser går forbi Lærdal Sjukehus.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Lærdal er det også gode bussamband til Bergen og Oslo.

Flybuss

Næraste flyplass er Sogndal Lufthamn Haukåsen. Det er korrespondanseruter via Kaupanger – sjå rutetider på nettsidene til skyss.no.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Buss

Nordfjordeid Rutebilstasjon ligg i Nordfjordeid sentrum og er om lag ein kilometer frå psykiatrisenteret/BUP/sjukehuset.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Nordfjordeid er det også bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Praktisk informasjon

Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.

​​Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande.  Sjukehusapoteket er altså open for alle.

På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.

Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.

Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.

​For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.

Les meir om eigendelar på helsenorge.no

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

​Ved Førde sentralsjukehus finn du kiosk der du kan kjøpe aviser og andre kioskvarer. Du kan også levere kupongar til Norsk Tipping sine spel.

Alle kantinene i Helse Førde er opne for tilsette, pasientar og pårørande.

​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen. Dei har opningstid 10.30 - 14.30.

Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. Her får du kjøpt varm mat og mykje anna. Den har opent 07.30 - 20.00.
I Førde finn du også ein kafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid  09.00 - 15.00. Her finn du kaffe, te, anna drikke, påsmurt og kaker m.m.

Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle kvardagar frå klokka 10.00-13.30.

Kantina på Tronvik er open for tilsette og bebuarar.

​Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.

Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.

Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.

Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.

Førde sentralsjukehus har sett av hundre parkeringsplassar berre for pasientar og pårørande. Er alle desse plassane opptekne, er det fleire parkeringsområde rundt Førde sentralsjukehus. Ledige plassar på desse områda kan òg nyttast av besøkande.

BLODGJEVARAR og RØRSLEHEMMA har eigne parkeringsplassar mellom anna framfor hovudinngangen og rundt om på sjukehuset sitt område. Dei som kan parkere her, har eige parkeringsløyve. Utan slikt løyve er parkering rekna som ugyldig.

Ordinær parkering for pasientar og pårørande:
Parkeringsplassen er inn frå Svanehaugvegen. Sjå blått område på kartet:

 

Kart over parkeringsplassar ved Førde sentralsjukehus

 

 

​I 6. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthotell.

Pasienthotellet har 22 senger. Dei er fordelt på seks enkle rom og åtte doble rom. Alle romma er tilpassa rullestolbrukarar.

​Treng du nokon å snakke med? Sjukehuspresten er til for deg anten du er pasient eller pårørande. I møte med denne omsorgstenesta kan du finne ein «fristad» og ein plass å samle tankane. I samtale med sjukehuspresten er det tid og rom for både stort og smått.

Du treng ikkje ha kristen eller religiøs tru for å ta kontakt. Det er ditt liv og dine tankar som har fokus. Det er sjølvsagt og høve til klassiske prestetenester som mellom anna sermoniar og bøn.

Uansett kva du har på hjartet er sjukehuspresten tilgjengeleg for å møte deg, der det passar deg best. Det kan vere på telefon, prestekontoret, pasientrom, i kantina eller kanskje på ein benk ute.

Ta kontakt direkte med Helene Langeland på telefon 908 79 281, eller spør personalet om å tilkalle/avtale tid med prest.

Sjukehuspresten er primært tilgjengeleg i ordinær kontortid, men kan og tilkallast til andre tider.

Kontoret er på plan 2, første dør til høgre for inngangen til kantina.

Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
  3. Les nøye gjennom vilkåra.
  4. Trykk "Godta" når du har lese og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal berre vere nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
 

Akuttmedisin:
Etter avtale på telefon 57 83 90 82.

Barneavdeling:
Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet.

Kirurgisk:
Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30.

Kreft:
Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet.

Kvinneklinikken:
Far eller medmor kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Søsken til barnet og andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga.

Medisinsk:
Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale.

Nevrologisk:
Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne.

Ortopedisk:
13.30-16.00 og 17.30-19.30.

Barseleininga har familierom og ingen faste visittider.

Medisinsk sengepost:
11.30 - 12. 30 og 16.00 - 18.00

Ortopedisk:
Pårørande er velkomne heile døgnet.

God start eininga:
Barseleininga har visittid heile døgnet.

Medisinsk sengepost:
14.00-15.00 og 18.30-19.00.