Brystundersøking
Mammografi
Mammografi er ei røntgenundersøking av brysta som viser brystvevet for å oppdage eventuelle forandringar.
Mammografiprogrammet
Kvinner i alderen 50 - 69 år blir i tillegg automatisk invitert til mammografiscreening i regi av Mammografiprogrammet kvart andre år. Hensikta her er å oppdage brystkreft i eit tidleg stadium.
Sjølv om Mammografiprogrammet har aldersgruppen 50-69 år som målgruppe, er det verdt å merke seg at nokre kvinner kan være 51- 53 år før dei får sin første invitasjon til Mammografiprogrammet, men alle får 10 invitasjoner.
Tilvising og vurdering
Det er fastlegen din som henviser til mammografi.
Innkalling til time
Etter at vi har mottatt en henvisning, vil du få informasjon om time til undersøkelse, eventuelt informasjon om avvising av henvisningen.
Før
Du bør ikkje bruke deodorant, parfyme, pudder eller krem av noko slag i armhola eller på/under brysta den dagen du skal til undersøking. Dette kan påverke bileta og gjere vurderinga av bileta vanskeleg.
Sett av god tid undersøkingsdagen. Det er vårt mål å få gjort alle nødvendige undersøkingar på same dag og dette kan ta inntil 2–3 timar.
For mammografiprogrammet
Ein radiograf vil stille deg nokre spørsmål før sjølve undersøkinga og sjå etter forandringar i huda på brysta som kan bli synlege på mammografibileta. Dette er informasjon som røntgenlegen bruker når han granskar bileta.
Under
Sjølve røntgenundersøkinga tek berre nokre få minutt. Brystet blir plassert på ei plate, og ei øvre plate blir senka ned og legg press på brystet for å gjere røntgenbiletet skarpt og redusere stråledosen. Nokre kvinner synest dette er ubehagelig, men det varer berre nokre få sekund.
Ut i frå kva som er årsaka til at du skal til mammografi, er gjennomføringa av undersøkinga slik:
- Når du er tilvist til mammografi på grunn av eit symptom frå brysta tar vi to bilete av kvart bryst, og eventuelt tilleggsbilete. Vi tar også ein ultralyd/vevsprøve viss røntgenlegen meiner det er nødvendig.
- Når du er tilvist som ledd i kontroll etter gjennomgått brystkreft eller ved familiær risiko for brystkreft tar vi to bilete av kvart bryst. Vi tar også her ein ultralyd/vevsprøve viss røntgenlegen meiner det er nødvendig.
- Ved undersøking etter invitasjon i Mammografiprogrammet tar vi to bilete av kvart bryst.
Etter
Du kan reise heim etter undersøkinga. Dersom du er tilvist til mammografi blir svaret på undersøkinga sendt til tilvisande lege.
Mammografiscreening
Ca. 3% av kvinnene som kjem til mammografiscreening blir innkalla til ei etterundersøking med tilleggsbilete. Då tar ein ofte ei ultralydundersøking også. Å bli innkalla til etterundersøking betyr ikkje at ein har brystkreft. Kun ca. 20% av dei etterinnkalla har brystkreft.
Svaret på mammografiscreening blir kun sendt til deg.
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Radiologisk avdeling

Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde