Meniskskade
Meniskane er to små støytdemparar som finst i kvart kneledd. Desse to bruskane ligger på kvar sin side av kneet, i sjølve leddet.
Dei viktigaste funksjonane
- danne ei «grop» som lårbeinet kan bevege seg i utan at beinet «går ut av ledd» i forhold til leggbeinet
- fordele vektbelastninga på leddflata slik at slitasjen blir så liten som mogleg
- fordele leddvæske slik at leddet kan bevegast med minst mogleg motstand
- stabilisere kneet
Årsaker til skade
Menisken kan bli skadd av ulike årsaker, men skade oppstår hyppigast i samband med idrett. Det kan også førekomme på grunn av slitasje på menisken som følge av generell slitasje i kneleddet. Dei vanlege symptoma er smerter, stivleik og hevelse. Nokon kan også få låsing i kneet, slik at dei ikkje klarer å strekke det ut.
Tilvising og vurdering
Ein lege vil vurdere mistanke om meniskskade etter å ha sett på symptom og sjukehistorie og gjort ei undersøking av kneet. Av og til må også ei MR-undersøking utførast for å styrke mistanken. Behandling er avhengig av type meniskskade.
Av og til er ikkje operasjon aktuelt, men dersom plagene er vedvarande vil ein ofte velje operasjon. Dersom fastlegen din meiner dette er nødvendig, vil du bli tilvist til ortopedisk poliklinikk.
Utgreiing
Ein ortoped vil vurdere om skaden skal opererast eller ikkje og eventuelt foreslå kikhòlsoperasjon (artroskopi) av kneet. Du får informasjon om møtetider, medisinar og faste i innkallingsbrev.
Behandling
Operasjonen blir som regel utført i narkose. På framsida av kneet blir det laga to snitt på omtrent éin centimeter, der kikkert og instrument blir ført inn for å reparere eller fjerne delar av menisken. I dei aller fleste tilfella vil den delen av menisken som er skadd blir fjerna, mens resten av menisken blir igjen.
Operasjonen varer i omtrent éin time.
Oppfølging
Når operasjonen er ferdig, blir såropninga lukka med sting eller strips og blir dekt med bandasje. Det er viktig å komme i gang med rørsletrening for å unngå at kneet stivnar og for å forhindre blodpropp. Du skal ha på ein støttebandasje som går frå låret til foten dei første dagane etter operasjonen.
Du skal bruke krykker dei første dagane og får på ei støtteskjene (ortose) med borrelås som du får låne med deg heim. Denne er låst i nesten full strekk og du skal som regel avlaste kneet dei første vekene, dette kan variere ut frå inngrepet. Skinna skal gradvis stillast inn i auka fleksjon frå veke til veke.
Du vil få med tilvising til fysioterapeut for opptrening av muskulatur og rørsle. I tillegg til fysioterapirekvisisjon, vil du få med deg resept på smertestillande medisinar og blodfortynnande sprøyter. Vanlegvis treng du sjukmelding for åtte til tolv veker, avhengig av yrket ditt. Du bør vente med å køyre bil til du ikkje lenger er avhengig av krykker og foten kjennest sterk nok. Du skal ikkje køyre bil så lenge du bruker smertestillande med raud varseltrekant.
Du vert innkalla til kontroll etter to veker.
Ver merksam
Oppsøk lege ved teikn på infeksjon: Raude, hevelse, dunkande feber eller aukande smerter.
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Ortopedisk avdeling

Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde