Diagnose
Meniskskade
Meniskane er to små støytdemparar som finst i kvart kneledd. Desse to bruskane ligger på kvar sin side av kneet, i sjølve leddet.
Dei viktigaste funksjonane
- Danne ei "grop" som lårbeinet kan bevege seg i utan at beinet "går ut av ledd" i forhold til leggbeinet.
- Fordele vektbelastninga på leddflata slik at slitasjen blir så liten som mulig.
- Fordele leddvæske slik at leddet kan beveges med minst mulig motstand
- Stabilisere kneet
Årsakar til skade
Menisken kan bli skada av forskjellige årsaker. Dei vanlegaste årsakene er i forbindelse med idrett. Men det kan og førekome på grunn av slitasjeprega menisk som følgje av generell slitasje i kneleddet. Dei vanlige symptoma er smerter, stivhet og hevelse. Nokon kan og få låsningar i kneet, der dei ikkje klarar å strekke ut kneet.
Tilvising og vurdering
Etter å ha vurdert symptoma og sjukehistoria vil ei undersøking av lege kunne gje mistanke om meniskskade. Nokon gongar må ein også ha ei MR undersøking å støtte seg til. Behandlinga er avhengig av type meniskskade. Nokon gongar er ikkje operasjon aktuelt, men dersom plagene er vedvarande vil ein ofte velje operasjon. Dersom fastlegen din meiner dette er nødvendig, vil du bli tilvist til ortopedisk poliklinikk.
Utredning
Du vil bli vurdert av ein ortoped om skaden skal opererast eller ikkje. Kirurgen vil då foreslå artroskopi av kneet. Du vil få skriftleg informasjon om møtetider, medisinar og fasting.
Behandling
Operasjonen går som regel føre seg i narkose. På framsida av kneet vert det laga to snitt på ca 1 cm, der kikkert og instrument vert ført inn for å reparere eller fjerne deler av menisken. I dei aller fleste tilfelle vil den delen av menisken som er skada bli fjerna, medan resten av menisken blir igjen.
Operasjonen går som regel føre seg i narkose, og varar i omlag ein time.
Oppfølging
Når operasjonen er ferdig blir såropninga lukka med sting eller strips og dekka med bandasje. Det er viktig å komme i gang med rørsletrening for å unngå tilstiving og forhindre blodpropp. Du vil ha på ein elastisk strømpe/bandasje som går frå lår til fot. Denne skal du behalde på i 4-5 dagar.
Du skal nytte krykker dei første dagane. Du vil ha fått på ei ortose med borrelås som du får låne med deg heim. Denne er låst i nesten full strekk og du skal som regel avlaste kneet dei første vekene, dette kan variere utifrå inngrepet. Skinna skal gradvis stillast inn i auka fleksjon frå veke til veke.
Du vil få med tilvisning til fysioterapeut for opptrening av muskulatur og rørsle. I tillegg til fysioterapirekvisjon, vil du få med deg resept på smertestillande medisinar og blodfortynnade sprøyter. Vanlegvis treng du sjukemelding for 8-12 veker, avhengig av yrke. Bilkøyring bør du vente med til du ikkje lenger er avhengig av krykker og foten føles sterkt nok. Du skal ikkje køyre bil så lenge du brukar smertestillande med raud varseltrekant
Du vert kalla inn til kontroll etter 2 veker.
Ver merksam
Vær merksam på tegn på infeksjon; dunkande/aukande smerter, rødme, hevelse eller feber.
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Ortopedisk avdeling
Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde