Forandringane har ein karakteristisk utsjånad og diagnosen er derfor nesten alltid enkel å stille. Molluskane er ofte lett gjenkjennelege, men kan forvekslast med kjønnsvorter (kondylomer).
Molluskbehandling
Molluskar er ein smittsam, men ufarleg hudinfeksjon, der 2–5 millimeter store utvekstar veks fram i det ytste laget til huda (hornlaget). Infeksjonen kjem av Molluscum Contagiosum Virus (MCV) som er i Poxvirus-familien. Det tar vanlegvis frå to til åtte veker frå ein blir smitta til molluskane dukkar opp.
Molluskane er små, rosa til hudfarga, glatte, kuleforma forandringar med ei lita sentral nedsenking. Ofte inneheld dei ein osteaktig masse.
Tilstanden finst særleg hos barn, og forandringa sit typisk på overkroppen og armanes innside. Hos vaksne, der tilstanden kan smitte ved seksuell kontakt, finn ein molluskane oftast på kjønnsorganet, på låra eller på nedre del av magen.
Molluskane kan klø, og eksem kan oppstå rundt molluskane som resultat av kløe. Kloring kan medføre at det oppstår bakterieinfeksjon i huda.
Viruset smittar gjennom hudkontakt, men smittefaren er relativt liten ved vanleg samvær. Viruset kan også overførast via handkle og klede. Utslettet kan spreiast lokalt på kroppen via kloring og barbering.
Før
Under
Etter
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Hudavdeling

Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Lærdal sjukehus
Sjukehusvegen 9
6887 Lærdal

Nordfjord sjukehus
Sjukehusvegen 14
6770 Nordfjordeid

Sunnfjord medisinske senter
Hans Blomgate 39
6905 Florø