Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Motiverande intervju (MI)

Motiverande intervju baserer seg på kunnskapen om korleis ein persons motivasjon for å endre seg kan styrkast gjennom samtale med ein hjelpar, sjølv når personen har motstridande tankar knytte til endring av eigne handlingar og vanar.

Motivasjon er eit ord for grunnane til at vi handlar som vi gjer. Er vi motiverte for å oppnå noko aukar det sjansen for at vi maktar å gjennomføre det vi set oss føre, og til at vi ikkje gir opp til trass for hindringar og motgang.

Indre versus ytre motivasjon

Vi skil mellom ytre og indre motivasjon. La oss seie at du av helsegrunnar har fått råd om å begynne å trene. Om du pliktskyldig begynner å trene fordi legen seier at det vil vere bra for helsa di, kjem mykje av motivasjonen frå forventningar utanfrå. Da er du ytre motivert. Men ytre motivasjon er sjeldan berekraftig over tid. Om du derimot sjølv vel å begynne å trene fordi du har eit eige ønske om det, interesse for det og kanskje også glede av å gjere det, da er du indre motivert. Den indre motivasjonen er vanlegvis langt sterkare og meir varig.

Er du indre motivert har du gjerne ei oppleving av sjølvråderett (det er mitt val) og av overenstemmelse med eigne verdiar (det er viktig for meg).

Motiverande intervju er ein samtalemetode for å styrke den indre motivasjonen for endring til ein person.

Tilvising og vurdering

For å få behandling i spesialisthelsetenesta treng du tilvising. Fastlegen og legevakt er dei som i hovudsak viser til utgreiing og behandling.

Motiverande intervju kan vere ei sjølvstendig behandling, for eksempel innan psykisk helsevern. Motiverande intervju kan også inngå som ei delbehandling i andre behandlingar, for eksempel knytt til rehabilitering.

Spesialisthelsetenesta du blir tilvist til, vil avgjere endeleg utforming og omfang av behandlinga.

Grunnar for og mot endring

Når vi vurderer å gjere ei viktig endring i livet vårt er det vanleg å ha fleire og motstridande oppfatningar om situasjonen og behovet for endring. Det er gjerne argument både for og mot den endringa vi vurderer. Ved motiverande intervju møter du ein trygg og anerkjennande samtalepartnar som saman med deg kan utforske situasjonen din og behova og valmoglegheitene dine.

Formålet er å få fram fordelar og ulemper ved endring, ved systematisk å gå gjennom positive og negative erfaringar og ved å gjere ei avveging av desse erfaringane. Du får eit grunnlag for avgjerd om endring på kort og lang sikt, og vel sjølv dine eigne mål. Samtalepartnaren din i motiverande intervju skal ønske ei nøytral form, der det er opp til deg kva du vel å gjere.

Bruk av motiverande intervju i behandlinga aukar sjansen for at du følger dine eigne mål med behandlinga. Metoden kan også vere ein viktig bidragsytar til at du blir verande i og fullfører behandlinga. Det er dine tankar, kjensler og behov som står i sentrum.

Vanleg metode i helsehjelp

Motiverande intervju er ofte nytta ved rehabilitering, livsstilsendringar knytte til kosthald og fysisk aktivitet, og rusmiddelproblem. Metoden blir også brukt for å styrke motivasjonen for ulike behandlingstiltak.

Motiverande intervju kan givast i ein enkeltståande samtale eller inngå som ein del av oppfølginga over tid.

Samtalane kan gå føre seg både ved avtalar på ein poliklinikk og ved innlegging i døgnbehandling. Motiverande intervju kan brukast både i individuelle samtalar, i par- og familiesamtalar og i gruppeterapi. Tilnærminga blir vanlegvis kombinert med andre former for samtaleterapi eller behandling.

Metode med gode resultat

Over dei siste tiåra har det vore forska mykje på denne metoden, og resultata viser at det er ei god tilnærming til arbeid med ulike typar endring.

På nettsidene til Helsedirektoratet finn du meir informasjon om kva motiverande intervju er, og kva metoden kan brukast til.

Sist faglig oppdatert 13.10.2025

Kontakt

Psykisk helsevern