Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Narkose til barn

Narkose er ei bedøving som verkar i heile kroppen. Pasienten blir smertefri, søv og kroppen blir heilt slapp. For at barnet ditt skal kunne få narkose, må det møte fastande på sjukehuset. Ved å førebu barnet på kva som skal skje på sjukehuset, og ved at vi vaksne er klar over korleis vi opptrer ovanfor barnet, kan vi bidra til at det opplever tryggleik og meistring under sjukehusopphaldet.

Ein vaksen som barnet er trygg på må vere saman med barnet under sjukehusopphaldet. Det kan vere mor, far eller annan pårørande.

Utsetting av operasjon?

Dersom barnet har symptom på pågåande infeksjon som forkjøling, feber, oppkast eller diaré, eller fått akutt sjukdom, kontakt sjukehuset for å høyre om undersøkinga eller operasjonen må bli utsett.

Før

 

Planlegging av anestesi

Vi ønsker å planlegge godt før de kjem inn, derfor er det viktig at vi har nøyaktig informasjon om barnet, som:

  • alder 
  • vekt
  • allergiar og andre sjukdommar 
  • faste medisinar 
  • lause tenner 

Alle typar bedøving har ein risiko, og vår viktigaste jobb er å førebygge og minske denne risikoen. Er du usikker eller har spørsmål, så ta kontakt med aktuell avdeling. Dersom barnet ditt bruker blodfortynnande medisinar eller har diabetes, ønsker vi at du tar kontakt med oss i forkant av operasjonen for å avklare bruk av faste medisinar på operasjonsdagen.

Førebuingar i god tid før operasjonsdagen

Barn som er godt førebudde til eit kirurgisk inngrep, blir mindre engstelege og stressa. Ved bruk av alderstilpassa informasjon kan barnet ditt oppleve tryggleik og meistring under sjukehusopphaldet.

Forklar enkelt og roleg. Bruk gjerne film og/eller bildebok nedanfor. Barn under 6 år kan, om mogleg, gjerne blir informert to til tre dagar før sjukehusbesøket, mens barn over seks år kan informerast ein til to veker før.

Teiknefilm: Peter på sjukehus

Film: Da Mats var på sjukehus

Denne filmen finst også på engelsk, somali og fransk på nettsida til Sykehuset Telemark

Bildebok: Elias på sjukehus (helse-stavanger.no)

Førebuingar heime

Du må faste

Å faste betyr at du ikkje kan ete mat den dagen du skal operere. Du kan heller ikkje ete drops eller drikke mjølk/morsmjølkerstatning. Du kan drikke klare væsker som vatn og saft fram til éin time før operasjonen.

​Faste

Før operasjonen/undersøkinga må barnet faste. Dersom barnet ikkje faster, kan det hende vi må avlyse/utsette timen.

Dei siste 6 timane før operasjon/undersøking skal barnet ikkje ete mat eller drikke mjølk/kumjølkprodukt. Barn kan få morsmjølkerstatning inntil 4 timer før, og morsmjølk inntil 3 timar før. Barnet kan drikke klare væsker fram til 1 time før operasjon/undersøking. Klare væsker er: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt. Barnet kan pusse tenner og skylje munnen når som helst.

  • Fast føde og kumjølk: Skal stoppast 6 timar før
  • Morsmjølkerstatning: Skal stoppast 4 timar før
  • Morsmjølk: Skal stoppast 3 timar før
  • Klare væsker: Skal stoppast 1 time før

Dersom barnet likevel har ete eller drukke utanom dei tidene som står her må personalet få vite det. Strengare reglar kan vere nødvendig for nokon. Det får de i så fall beskjed om.

​​​Faste

​​Før operasjonen/undersøkinga må barnet faste. Dersom barnet ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsette timen.

Dei siste 6 timane før operasjon/undersøking skal barnet ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. Spedbarn kan få morsmjølkerstatning inntil 4 timar før, og morsmjølk inntil 3 timar før. Dei siste 2 timane skal barnet unngå drops og tyggegummi, snus og røyk, fordi dette kan auke mageinnhold og magesyre. Barnet kan drikke klare væsker fram til 1 time før operasjon/undersøking: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Barnet kan pusse tenner og skylje munnen når som helst.

  • Mat og mjølk: Skal stoppast 6 timar før
  • Morsmjølkerstatning: Skal stoppast 4 timar før
  • Morsmjølk: Skal stoppast 3 timar før
  • Drops og tyggegummi, røyk og snus: Skal stoppast 2 timar før
  • Klare væsker: Skal stoppast 1 time før

Dersom barnet likevel har ete eller drukke utanom dei tidene som står her må personalet få vite det.​

Medisinar

Du skal ta dei faste medisinane dine, dersom vi ikkje har avtalt noko anna. Andre medisinar eller inhalasjonar, skal du ta med til sjukehuset.

Hygiene

Det er viktig at du møter nydusja/bada og i reine klede. Kleda bør vere lette å ta av – unngå heildress og strømpebukse. Eventuelle kontaktlinser, smykke, ringar, øyredobbar og/eller naglelakk må du fjerne.

Pakk sjukehusbagen

  • Ta med dei faste medisinane dine.
  • Det kan bli mykje ventetid på sjukehuset. Da er det greitt å ha med noko som du liker å halde på med, som bøker/lydbøker, aktivitetsbøker og nettbrett.
  • Smokk, kosebamsar eller koseklutar er også fint å ta med.

Barn som skal leggast inn

Du som skal overnatte på sjukehuset vil bli overflytta til sengepost når du har sove ut og er vaken etter narkosen. Kva som skjer vidare på sengepost avheng av kva du er operert for. Under innlegginga vil éin av foreldra dine få høve til å overnatte saman med deg og ete måltida som blir serverte.

Kjøp Emla krem og smertestillande medikament

Før operasjonsdagen må du kjøpe følgande på apoteket:

  • Emla krem/plaster: Vi anbefaler Emla krem framfor Emla plaster. 
  • Smertestillande medikament: Vi anbefaler å kjøpe eitt medikament med verkestoffet paracetamol og eitt medikament med verkestoffet ibuprofen, for eksempel Paracet og Ibux.

Emla treng du om morgonen før de reiser til sjukehuset dersom barnet skal få ein venekanyle. Smertestillande kan det bli behov for når de kjem heim frå sjukehuset.

Emla krem er eit lokalbedøvande legemiddel som gjer at huda blir mellombels kjenslelaus. Legemiddelet må verke i ein times tid for å oppnå best effekt, og skal derfor settast på heime ein time før de kjem til sjukehuset.

Kremen/plasteret skal settast på barnet si hand og innsida av olbogen, helst på synleg blodåre. Det er ikkje sikkert at stikket i handflata blir heilt smertefritt sjølv med krem/plaster, så ver varsam med å seie dette til barnet. 

Under

 

Ved at vi vaksne er klar over korleis vi opptrer ovanfor barnet, bidrar vi til at barnet kan oppleve tryggleik og meistring under sjukehusopphaldet. Her er nokre punkt det er viktig at du som skal følge barnet på sjukehuset er klar over.

Bevar roa

Det er viktig at du verkar roleg og trygg, og prøver å skjule di eiga usikkerheit. Roa di/usikkerheit smittar over på barnet. Ver bevisst eige kroppsspråk.

Dersom barnet ditt begynner å gråte, kan du bekrefte for barnet at det er heilt ok at det græt. Unngå overdriven trøyst, da det vil bekrefte for barnet at situasjonen verkeleg er noko å frykte. Unngå også å kritisere, unnskylde eller forhandle ved eksempelvis å seie «Oppfør deg!», «Nå er dei snart ferdige!» eller «Eg kjøper ei gåve til deg om du sit stille».

Svar barnet ærleg

Pass på at du ikkje lyg om ubehagelege prosedyrar. Dersom barnet ditt spør om det vil gjere vondt, svarer du at det kan vere ubehageleg eller litt vondt, men at vi vil gjere alt vi kan for at det skal bli så lite vondt som mogleg. Dette er viktig for at barnet skal kunne fortsette å stole på oss.

  • Unngå «ikkje» – bruk positive utsegner
  • Barn høyrer ofte ikkje ordet «ikkje» når dei blir redde/stressa. Bruk positive utsegner. Sei heller:
  • «Du klarer dette» enn «Ikkje ver redd».
  • «Dette går bra» enn «Det er ikkje farleg».

Gi barnet reelle alternativ

Medråderett frå barnet bidrar til å gi det ei kjensle av kontroll, bli sett, høyrt og tatt på alvor. Når vi gir barnet høve til medråderett, er det viktig at vi gir det reelle alternativ.

I staden for å seie «Kan legen få lytte på hjartet ditt?», kan du seie «Nå skal legen lytte på hjartet ditt. Vil du sitte i fanget mitt eller ligge på benken?»

Hadde du sagt «Kan legen få lytte på hjartet ditt?» og barnet hadde svart «NEI», ville barnet mista tillit når vi likevel hadde gjort det.

Roande medisinar (premedikasjon) før narkose

Nokre barn får roande medisin før narkosen. Denne kan bli gitt som mikstur, tablett, i endetarmen eller som nasespray. Tida det tar frå barnet inntar medikamentet til det får effekt av medisinen, varierer med kva medikament vi eventuelt vel.

Narkose

Det er to måtar å få narkose på – maskeinnleiing og intravenøs innleiing. Anestesilegen bestemmer kva bedøving som er best for deg og din type operasjon. Mens du blir lagd i narkose, får ein føresett/forelder vere med inn på operasjonsstua fram til du har sovna.

 

Ved maskeinnleiing fell barnet i søvn ved å puste inn narkosemiddel gjennom ei maske. Maska må sitte tett over munn og nase for å fungere. Narkosegass luktar litt rart. Det kan ta nokre minutt før barnet sovnar. På veg inn i djupare narkosesøvn, bevegar barnet ofte på seg og det kan komme snorkelydar frå halsen. Dette er heilt vanleg reaksjon på sovemedisinen.

En baby som får narkose

Foto: Vestre Viken

Maskeinnleiing

Ved intravenøs innleiing blir sovemedisin sett direkte i blodet. Dette blir gjort via ein venekanyle.

Intravenøs innleiing går veldig fort. Barnet fell i søvn i løpet av nokre få sekund og kroppen blir tung og slapp. Ved intravenøs innleiing blir sovemedisin sett direkte i blodet. Dette blir gjort via ein venekanyle.

En persons hånd ved venekanyle

Foto: Vestre Viken

Intravenøs innleiing

 

I nokre tilfelle får du sitte på fanget til mor eller far når vi innleier narkosen.

Etter

 

Oppvakning

Når operasjonen er ferdig, flyttar vi barnet til ei avdeling på sjukehuset der det får vakne mens vi overvaker det. Hovudregelen er at det berre er plass til éin forelder/føresett her, ettersom det også ligg andre nyopererte pasientar som treng ro.

I oppvakningsfasen er det viktig at barnet får ro og får vakne av seg sjølv. Vi unngår derfor å stimulere barnet unødvendig. Ver klar over at nokre barn kan bli litt urolege og irritable når dei er i ferd med å vakne frå narkose.

Barnet får behandling mot smerter og eventuelt kvalme mens det vaknar opp. Dette i form av stikkpiller eller medisin i venekanylen. Foreldre til spedbarn som bruker flaske og morsmjølkerstatning kan gjerne ta det med til oppvakninga.

Når legen er ferdig å operere deg vil vi slutte å gi deg medisinar som gir narkosen. Du vaknar inne på operasjonsstua, men det er ikkje sikkert at du hugsar det seinare. Vi vil passe på deg heile tida frå du kjem inn på operasjonsavdelinga, til du vaknar igjen.

Rett etter operasjonen kviler du i ei seng på oppvakningsavdelinga. Her kan ein av foreldra dine, eller den vaksne som er med deg, vere saman med deg. Det er viktig at du får sove av deg narkosen. Forelder bør derfor unngå å forstyrre deg så lenge som du søv. Tida du blir overvakt varierer ut frå operasjon som er utført.

Heimreise

Før heimreise vil legen snakke med dykk om kva de må passe på. De vil også få informasjon om medisinar du kan bruke heime dersom du får vondt. Som hovudregel skal du ha ete, drukke, vere tilstrekkeleg smertelindra og ha tissa før de reiser heim. For mange vil det også vere viktig å meistre øvingar gitt frå fysioterapeut.

Når kan du ete og drikke?

Kor lenge du må vente før du kan ete og drikke, er avhengig av kva type operasjon og kva medisinar du har fått

Gjer det vondt?

Det er vanleg å kjenne litt smerter etter operasjonen, og nokon kan kjenne seg kvalm. Fortel sjukepleiaren korleis du har det, gjerne med hjelp av ein smerteskala. Du kan få medisinar som hjelper mot både smerter og kvalme, slik at du får det betre.

Har du tissa etter operasjonen?

Etter nokre typar operasjonar er vi opptatte av om du har tissa. Årsaka er at narkosen kan gjere at du ikkje kjenner deg tissetrengd. Da må vi følge med fram til du har tissa.

Av og til tar vi bilde av urinblæra for å sjekke om den er full av urin. Da bruker vi ein liten skannar. Når vi skannar blæra har vi først på litt kald blank gelé under navlen din, så legg vi skannaren på magen din og tar bilde.

Sjukefråvær

Det blir også ordna med bekrefting ut frå behov: Fråvær skole, rett til skoleskyss, gymfritak/tilrettelagd gym og andre erklæringar, pleiepengar, og de blir dessutan informerte om eventuell oppfølging vidare.

Sist faglig oppdatert 01.11.2024

Kontakt

Førde sentralsjukehus Barne- og ungdomsavdeling

Kontakt Barne- og ungdomsavdeling

Oppmøtestad

Vi har flytta inn i nye, flotte lokaler i Livabygget. Vi er framleis å finne i 5. etasje, og du tek trapp eller heis som før. Her finn du barne- og ungdomsavdelinga, føde og gynekologisk sengepost. 

Sengepost:
Bruk hovudinngangen til sjukehuset og gå korridoren til endes, forbi kafeen og til heishallen. Ta heisen opp i 5 etg. Henvend deg på vaktrommet på Barne og ungdomsavdelinga. 

Poliklinikk:
Bruk hovudinngangen til sjukehuset og gå rett fram gjennom glasdørene ved respsjonen. Henvend deg i luka til sekretær.

 

En stor bygning med en stor plen foran seg

Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Transport

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Bussen stoppar ved busstoppet på motsatt side av Vievegen, på austsida. Herfrå går flybussen til Førde Lufthamn Bringeland 75 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

 

Praktisk informasjon

Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.

​​Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande.  Sjukehusapoteket er altså open for alle.

På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.

Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.

Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.

​For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.

Les meir om eigendelar på helsenorge.no

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

​Ved Førde sentralsjukehus finn du kiosk der du kan kjøpe aviser og andre kioskvarer. Du kan også levere kupongar til Norsk Tipping sine spel.

Alle kantinene i Helse Førde er opne for tilsette, pasientar og pårørande.

​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen. Dei har opningstid 10.30 - 14.30.

Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. Her får du kjøpt varm mat og mykje anna. Den har opent 07.30 - 20.00.
I Førde finn du også ein kafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid  09.00 - 15.00. Her finn du kaffe, te, anna drikke, påsmurt og kaker m.m.

Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle kvardagar frå klokka 10.00-13.30.

Kantina på Tronvik er open for tilsette og bebuarar.

​Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.

Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.

Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.

Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.

Førde sentralsjukehus har sett av hundre parkeringsplassar berre for pasientar og pårørande. Er alle desse plassane opptekne, er det fleire parkeringsområde rundt Førde sentralsjukehus. Ledige plassar på desse områda kan òg nyttast av besøkande.

Blodgjevarar og rørslehemma har eigne parkeringsplassar mellom anna framfor hovudinngangen og rundt om på sjukehuset sitt område. Dei som kan parkere her, har eige parkeringsløyve. Utan slikt løyve er parkering rekna som ugyldig.

Ordinær parkering for pasientar og pårørande:
Parkeringsplassen er inn frå Svanehaugvegen, nord-aust for Svanabygget som er hovudbygningen ved sjukehuset. På nedsida av parkeringsplassen er det også ladepunkt for el-bil. 

 

​I 6. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthotell.

Pasienthotellet har 22 senger. Dei er fordelt på seks enkle rom og åtte doble rom. Alle romma er tilpassa rullestolbrukarar.

​Treng du nokon å snakke med? Sjukehuspresten er til for deg anten du er pasient eller pårørande. I møte med denne omsorgstenesta kan du finne ein «fristad» og ein plass å samle tankane. I samtale med sjukehuspresten er det tid og rom for både stort og smått.

Du treng ikkje ha kristen eller religiøs tru for å ta kontakt. Det er ditt liv og dine tankar som har fokus. Det er sjølvsagt og høve til klassiske prestetenester som mellom anna sermoniar og bøn.

Uansett kva du har på hjartet er sjukehuspresten tilgjengeleg for å møte deg, der det passar deg best. Det kan vere på telefon, prestekontoret, pasientrom, i kantina eller kanskje på ein benk ute.

Ta kontakt direkte med Helene Langeland på telefon 908 79 281, eller spør personalet om å tilkalle/avtale tid med prest.

Sjukehuspresten er primært tilgjengeleg i ordinær kontortid, men kan og tilkallast til andre tider.

Kontoret er på plan 2, første dør til høgre for inngangen til kantina.

Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
  3. Les nøye gjennom vilkåra.
  4. Trykk "Godta" når du har lese og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal berre vere nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
 

  • Akuttmedisin:
    Etter avtale på telefon 57 83 90 82.
  • Barneavdeling:
    Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet.
  • Kirurgisk:
    Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30.
  • Kreft:
    Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet.
  • Kvinneklinikken:
    Far eller medmor kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Søsken til barnet og andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga.
  • Medisinsk:
    Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale.
  • Nevrologisk:
    Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne.
  • Ortopedisk:
    13.30-16.00 og 17.30-19.30.