Piercing i ansikt/tunge må fjernast før inngrepet. Du kan ha på øyredobbar.
Conchotomi
Nasemuslingforminsking med radiobølgjeteknikk
Operasjonen går ut på å forminske bein- og bruskdel i nasen (nasemuslingen). Inngrepet blir gjort for å redusere nasetettleiken på éi eller begge sider, som kjem av ein stor nasemusling.
Før
Under
Under operasjonen reduserer vi størrelsen på delar av nasemuslingen.
Operasjonen blir gjord som dagkirurgi og tar cirka 20–30 minutt. Du får lokalbedøving. Først med bedøving på ein bomullsdott i nasen, og deretter med sprøyte i sjølve nasemuslingen.
Radiobølgeteknikk
Inngrepet blir gjennomført ved hjelp av eit apparat med ei nål som sender radiobølgestråler (varme) inn under slimhinna i nasemuslingen. Det får dermed slimhinna til å trekke seg saman eller skrumpe, slik at det blir betre plass til å puste gjennom nasen.
Sjølve inngrepet tar berre nokre minutt.
Dei fleste opplever lite ubehag under inngrepet, men enkelte kan få lokale smerter og/eller bløding.
Etter
Du kan reise heim etter operasjonen.
Eventuell kontroll avtaler du med lege/sjukepleiar.
Du skal skylje nasen med saltvatn og eventuelt spraye med sesamolje i 2–3 veker. I desse vekene kan du oppleve at nasen blir tettare og få trykk, ubehag og blødingar i nokre dagar. Dette kjem av hevelse i slimhinna og tendens til skorper i nasen etter inngrepet. Dersom du er usikker på om plagene du har etter operasjonen er innanfor det normale, ta kontakt med oss på ØNH-poliklinikken, eventuelt med fastlegen.
Smertestillande
Det er oftast lite eller inga smerte etterpå. Om du skulle få smerter, kan du bruke reseptfrie smertestillande (Paracetalmol).
Sjukmelding
Du treng i utgangspunktet ikkje sjukmelding, men bør vere heime frå arbeid operasjonsdagen, avhengig av type arbeid. Dette kan du diskutere med den som har operert deg.
Kontakt
Førde sentralsjukehus
ØNH/kjeve avdeling
Oppmøtestad
ØNH-poliklinikk, 1. etasje.
Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde