Behandling, Conchotomi
Nasemuslingforminsking med radiobølgjeteknikk
Operasjonen går ut på å skrumpe ein bein- eller bruskdel i nasen (nasemuslinga) ved hjelp av radiobølgjer. Ingrepet vert gjort for å redusere ein- eller tosidig nasetettheit grunna ein stor nasemusling.
Før
Piercing i andlet/tunge må fjernast før inngrepet. Du kan ha på øyredobbar.
Under
Operasjonen vert utført som dagkirurgi og tek om lag 20-30 minutt. Du får lokalbedøving. Først med bedøving på ein bomullsdott i nasen, og deretter med sprøyte i sjølve nasemuslingen.
Til operasjonen vert det brukt eit spesielt utstyr/nål som sender radiobølgjestråler (varme) inn under slimhinna i nasemuslingen, og får dermed slimhinna til å trekke seg saman/skrumpe. Slik vert det betre plass til å puste gjennom nasa.
Sjølve inngrepet tek berre nokre minutt.
Dei fleste opplever lite ubehag under inngrepet, men enkelte kan få lokale smerter og/eller bløding.
Etter
Du kan reise heim etter operasjonen.
Eventuell kontroll vert avtalt med lege/sjukepleiar.
Du skal skylje av nasen med saltvatn og eventuell spraye med sesamolje i 2-3 veker. I same periode kan du oppleve forverring av nasetettheit og lokalt trykk/ubehag samt blødingar over nokre dagar. Dette skuldast heving i slimhinna etter behandlinga, samt tendens til skorper i nasa av same grunn. Dersom du er usikker på om plagene du har etter operasjonen er innanfor det normale, ta kontakt med oss på ØNH- poliklinikk, eventuelt eigen fastlege.
Smertestillande
Det er oftast lite eller inga smerte etterpå. Om du skulle få smerter, kan du bruke reseptfrie smertestillande (Paracetalmol).
Sjukmelding
Du treng i utgangspunktet ikkje sjukmelding, men du bør vere heime frå arbeid operasjonsdagen, avhengig av type arbeid. Konferer med operatør når du kjem til operasjon.
Kontakt
Førde sentralsjukehus
ØNH/kjeve avdeling
Oppmøtestad
ØNH-poliklinikk, 1. etasje.Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde