Behandling, Conchotomi
Nasemuslingforminsking
Inngrepet vert omtala som conchotomi og i det ligg det at den nedste av tre folder (concha) i naseveggen mot kinnet vert forminska for å betre luftpassasjen og dermed redusere nasetettleiken.
Tilstanden kan vere medfødd. I mange tilfelle får ein kronisk slimhinneheving grunna overforbruk av avsvellande (reseptfrie) nasespray.
Før
Operasjonen vert utførd i lokalanestesi eller narkose.
Faste
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse eller utsetje timen.
Dei siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. Barn kan få morsmjølkerstatning inntil 4 timar før operasjon/undersøking, og morsmjølk inntil 3 timar før. Dei siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk, fordi dette kan auke mageinnhald og magesyre.
Fram til 2 timar før operasjon/undersøking kan vaksne drikke klare væsker. Barn kan drikke klare væsker fram til 1 time før. Klare væsker er: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Alle kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før. Du kan pusse tenner og skylje munnen når som helst.
Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timar før
Klare væsker, tyggegummi, drops, snus og røyk: Skal stoppast 2 timar før
Klare væsker, barn: Skal stoppast 1 time før
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk.
Strengare reglar kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om.
Kva bedøving som vert valde, er individuelt. Dine eventuelle andre sjukdomar vil og vere med å avgjere anestesiform.
Under
Under operasjonen fjernar ein deler av nasemuslingen for å redusere storleiken på den. Det vert då fjerna både slimhinne og det underliggande beinet i muslingen. Du får innlagt ein tampong i nasa for å hindre bløding.
Operasjonen vert utførd dagkirurgisk, og varer i om lag ein halv time. Du kan difor mest truleg reise heim same dagen som operasjonen er gjort. Du må då nytte offentleg transportmiddel eller få nokon til å hente deg då du ikkje kan føre køyretøy sjølv før 24 timar etter operasjonen.
Dersom det berre er slimhinna i muslingen som skal reduserast i størrelse kan operasjonen utførast med såkalla radiobølgjeutstyr (sjå dette i annan behandlingsinformasjon "Nasemuslingforminsking med radiobølgjeteknikk".
Etter
Du kan ete etter 4 timar. Du bør avstå frå varm mat og drikke første døgnet for å redusere blødingsrisikoen. Du må også avstå frå hardare fysisk aktivitet som kroppsøving i om lag 2 veker.
Det er vanleg med litt blodsiv frå nasen eller bakover i svelget dei 2 første døgna.
Du får kontrolltime på poliklinikken etter 2-4 dagar for å fjerne nasetampongar. Her kan det vere individuelle skilnader i kontrollopplegget.
Det vil ofte tilkomme forbigåande bløding frå nasa etter fjerning av tampongen.
Sjukmelding:
3-7 dagar avhengig av yrke.
Smertestillande:
Etter operasjonen får du smertestillande i form av paracetamol/ paracetamol + kodein (til dømes Pinex Forte) eller anna betennelsesdempande medisin (til dømes Voltaren). Det er vanlegvis lite smerter etter denne typen inngrep.
Saltvasspray / skyljing er rutine dei første vekene etter inngrepet, men først etter at tampongane er fjerna etter om lag 2-3 dagar.
Ver merksam
Der er vanleg å få litt hovudpine og trykk over/ rundt auger og i midtansiktet dei første dagane etter operasjonen. Det er då ofte lindrande å liggje med hovudet høgt.
Om du får feber over 38,5 grader, eller sterke smerter etter operasjonen, skal du kontakte ØNH-poliklinikk for råd.
Kontakt
Førde sentralsjukehus
ØNH/kjeve avdeling
Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde