Naglelidingar
Neglene er ein spesialisert del av huda og kan bli utsett for fleire av dei same sjukdommane som huda elles. Neglene blir blant anna ofte ramma av psoriasis og av soppinfeksjon. Føflekker og andre svulstar kan iblant oppstå under ein nagl. Pasientar som får cellegiftbehandling, opplever gjerne at neglene veks ujamt og får djupe furer.
Utgreiing
Undersøkinga kan gå føre seg hos fastlege eller hos hudlege. Pasienten blir undersøkt med tanke på hudsjukdom som kan forklare nagleforandringane. Det blir ofte tatt avskrap frå naglen for undersøking med tanke på soppinfeksjon. Somme mangelsjukdommar (for eksempel jernmangel) kan gi nagleforandringar, og blodprøve kan vere nødvendig. Ved mistanke om svulstar i tilknyting til neglene må det nokre gonger takast vevsprøve (biopsi).
Behandling
Behandlinga som blir gitt, avheng av diagnosen. Best effekt av behandlinga sest ved soppinfeksjonar i neglene, der pasienten oftast får ein tablettkur.
Oppfølging
Det er ikkje rutinemessig oppfølging av pasientar med naglelidingar. Eventuelle kontrollar avheng av diagnosen og av kva behandling som er gitt.
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Hudavdeling

Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Lærdal sjukehus
Sjukehusvegen 9
6887 Lærdal

Nordfjord sjukehus
Sjukehusvegen 14
6770 Nordfjordeid

Sunnfjord medisinske senter
Hans Blomgate 39
6905 Florø