Undersøking
Nevropsykologisk undersøking, barn
Ei nevropsykologisk undersøking går ut på å finne ut korleis hjernen din arbeider. Det gjer vi gjennom å snakke saman og løyse ulike oppgåver.
Når du kjem til oss, vil vi først prate litt med deg og dine føresette om korleis du har det, og om kva ting du synest du får bra til og kva som er vanskeleg.
Dei aller fleste barn som kjem til oss tar også nokre testar. Då jobbar du saman med ein vaksen som forklarer deg kva du skal gjere. Testane kan likne litt på ting som du gjer på skulen og fortel oss for eksempel noko om korleis du lærer, hugsar og konsentrerer deg, snakkar og forstår språk, kor godt hendene dine greier å gjere ting og korleis du er saman med andre.
Før
- Ta med ferdig utfylte skjema om de fikk tilsendt slike på førehand.
- Møt utkvilt til testinga, og unngå medisinendringar dagane i forvegen.
- Ta med briller og høyreapparat om du bruker det.
- Det kan vere lurt å ha med matpakke og drikke, eller pengar til å kjøpe mat då testinga tar nokre timar.
- Hugs å skru av mobilen under testinga.
Under
Første gong du kjem til oss, snakkar vi om kvifor du er hos oss og kva undersøkinga går ut på. Vi spør mange spørsmål om korleis du var då du var liten og korleis du har det nå. Det er vanleg at både du og dine føresette er med når vi snakkar. Det kan også vere at vi ønsker å snakke med andre som kjenner deg godt, for eksempel vaksne på skulen, hos PPT eller BUP, men då spør vi dine føresette om lov til å gjere det først. Les gjerne brosjyren Rettigheter i psykisk helsevern for deg under 16 år.
Etter at vi har snakka ei stund, får du gå og jobbe med oppgåver saman med ein vaksen. Oppgåvene kan vere munnlege, skriftlege eller praktiske. Det kan vere at du vil kjenne deg litt sliten når du er ferdig.
Etter
Etter at undersøkinga er ferdig, avtaler vi eit møte med dine føresette. På dette møtet snakkar vi om korleis du løyste oppgåvene og korleis vi kan bruke resultata for å hjelpe deg med ting som er vanskelege. Dei eldste barna er som regel sjølv med på dette møtet. Av og til har vi også møter saman med skulen din, PPT eller BUP. Vi snakkar då om du for eksempel treng meir hjelp på skulen eller om det er nødvendig med fleire undersøkingar. Til slutt skriv vi eit brev til den som har vist deg til oss og til fastlegen din om kva vi har funne og kva vi har avtalt vidare.
Ver merksam
I utgangspunktet har helsepersonell teieplikt, men det er nokre unntak der vi har meldeplikt. Det handlar i hovudsak om tilfelle ved bekymring for barns omsorgssituasjon eller sikkerheit.