Terapeuten og lærar frå sjukehuset vil på førehand forklare barnet kva som skal skje, slik at det blir godt førebudd.
Oppfølging på skule
Barn som får eit behandlingstilbod i psykisk helsevern for barn og unge kan også ha det vanskeleg på skulen. Nokre barn kan trenge hjelp for at det som er vanskeleg på skulen skal bli betre.
Alle barn i Noreg har rett til å gå på skule, også når dei er for behandling i sjukehus. Dei fleste sjukehusa har ein eigen skule.
Terapeut og lærer frå sjukehusskulen kan samarbeide med lærar på heimskulen for at barnet skal få det betre der. Terapeut og lærer snakkar først med barn og foreldre om korleis dette kan gjennomførast.
Tilvising og vurdering
Fastlegen og legevakt tilviser til utgreiing og behandling i spesialisthelsetenesta.
Før
Under
Sjukehusskulen liknar på vanleg skule, men oftast med færre elevar og opplegg tilpassa det barnet klarer. Av og til vil barnet kunne gå på sin eigen heimskule og få hjelpa der i staden.
Barnet kan få undervisning i sjukehusskulen så lenge det er behov.
Etter
Når behandlinga i sjukehusskulen blir avslutta, held barnet fram på heimskulen som før.
Barnet blir samd med terapeut, lærar og foreldre om kva som skal bli sagt til heimskulen og klassen til barnet.
Kontakt
Ungdomspost Psykisk helsevern
Oppmøtestad
Støabygget, Svanehaugvegen 7, 6812 Førde. Ved Førde sentralsjukehus i trekanta lågbygg.