Ortostasetest
Ortostasetest er ein metode for å sjå korleis blodtrykket og pulsen til kroppen reagerer på stillingsendringar (til dømes frå liggjande til ståande stilling). Blodtrykk og puls blir målt medan du ligg på ein ståbenk, som gradvis blir tilta til ein meir oppreist posisjon.
Om undersøkinga
Etter ein skade i ryggmergen eller hjernen kan blodtrykks- og pulsreguleringa vere endra. Når ein til dømes reiser seg opp frå ein stol skal både blodtrykk og puls stige litt. Når dette ikkje skjer, på grunn av ein skade i ryggmergen (eller hjernen), kan du oppleve symptom som svimmelheit, synsforstyrring og kvalme. Denne testen gir oss eit bilete av korleis kroppen din reagerer på stillingsendringar.
Før
Dersom du bruker eit pass-på-belte skal dette takast på før du møter opp til testen. Vi tilrår at du et eit lett måltid og drikk rikeleg med væske i nokre timar før testen.
Under
Når du kjem til testen, treng testleiaren nokre opplysningar frå deg, mellom anna om symptoma du har og når desse oppstår.
Du skal liggje på ein ståbenk og blir sikra med 2–3 stroppar (på knea, hoftene og eventuelt over brystet). Du får på ein blodtrykksmansjett og tre elektrodar på overkroppen for å kunne måle blodtrykk og puls. Det blir teke blodtrykks- og pulsmålingar kvart minutt, først i liggjande stilling, og sidan når du gradvis blir tilta til ei meir oppreist stilling.
Denne testen skal ikkje gjere vondt. Du kan derimot oppleve symptom som svimmelheit, kvalme og synsforstyrring, men desse vil forsvinne når ståbenken blir senka ned igjen.
Etter
Etter testen går testleiaren gjennom resultata saman med deg. Du kan stille spørsmål dersom du har behov for det.
Resultata blir lagde inn i den elektroniske pasientjournalen din, og du kan diskutere resultata med legen din ved behov.
Det er ingen spesielle forholdsreglar etter undersøkinga.
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Nevrologisk seksjon
Oppmøtestad
Førde sentralsjukehus, 4. etasje.Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde