Pacemakerinnleggelse, nynorsk

Ein pacemaker er eit lite apparat med batteri og leidningar som vi opererer inn under huda difor å kunne behandle eventuelle hjarterytmeforstyrringar som kan føre til låg og/eller ujamn puls.

Før

  • Du skal faste frå midnatt dagen før operasjonen. Det vil seie at du ikkje skal ete eller drikke. Du skal heller ikkje røyke eller snuse, tygge tyggegummi eller ete sukkertøy. Du kan drikke litt (nokre munnfullar) vatn til medisinar.
  • Vanlegvis skal du ta dei faste medisinane dine om morgonen. Dersom du bruker blodfortynnande medisinar som Marevan® (Warfarin), Pradaxa® (Dabigatraneteksilat), Xarelto® (Rivaroksaban), Lixiana® (Edoksaban) eller Eliquis® (Apiksaban), gjeld eigne retningslinjer. Du får beskjed om kva medisinar du skal ta.
  • Du skal dusje kvelden før operasjonen eller same morgon. Ved behov blir brystkassen barbert. Du skal ha på deg reint tøy, og du må ta av naglelakk, smykke og klokke.
  • Det blir lagt inn ein venekanyle på armen, slik at du kan få medikament og væske direkte i blodåra under operasjonen.

 

Under

Du får lokalbedøving og lagar eit snitt i huda der pacemakeren skal bli plassert, vanlegvis øvst på venstre side av brystkassen like under kragebeinet. Du er vaken under heile operasjonen, og lege og sjukepleiarar snakkar med deg  undervegs. Sjukepleiaren gir deg nødvendig smertestillande eller roande medikament ved behov. Vi bruker gjennomlysing med røntgen når leidningen(ane) skal plasserast i hjartet. Til slutt syr vi huda saman over pacemakeren og legg ein bandasje og kompresjonsrull over.

Operasjonen tar vanlegvis under ein time.

Etter

Etter operasjonen blir du observert av sjukepleiar på sengepost. Du må ligge i senga dei første timane og unngå store bevegelsar med armen nærmast operasjonssåret.

Før du reiser heim, vil pacemakeren og bandasjen bli kontrollert. Du kan vanlegvis reise heim dagen etter operasjonen.

Du får eit kort (Norwegian Pacemaker Registry) utlevert før heimreise. I kortet står viktige opplysningar om pacemakeren din. Dette kortet bør du alltid bere med deg. Kortet skal bli oppdatert ved vesentlege endringar.

Bilkøyring etter operasjonen vurderer vi individuelt ut frå årsaka til at du fekk ein pacemaker og grunnsjukdommen din. Før heimreisa vil legen gi deg informasjon om korleis du skal forhalde deg til bilkøyring.

Etter at du har fått operert inn ein pacemaker, skal du til poliklinisk førstegongskontroll ved lokalsjukehuset ditt. Dette er vanlegvis to til tre veker etter operasjonen. Har du registrert deg på helsenorge.no, vil du få SMS-varsel om poliklinisk time. I tillegg vil du få brev i posten med informasjon om tid og oppmøtestad.

Etter heimreise

Operasjonssåret vil kunne vere litt ubehageleg mens det gror. Paracet vil som regel vere tilstrekkeleg som smertebehandling.

Hald bandasjen tørr dei første 14 dagane for å hindre infeksjon. Du skal ikkje dusje dei to første vekene. Du kan ikkje ta karbad, badstue eller bade i basseng/sjø 4–6 veker etter operasjonen.

Du skal ikkje skifte eller ta av bandasjen dei første 14 dagane. Om dette likevel skulle vere nødvendig, skal den bli skifta på det lokale sjukehuset ditt. 

Stinga forsvinn av seg sjølv og skal ikkje bli fjerna.

For at arret skal bli finast mogleg, kan du sette på ein tape (silikontape er anbefalt) som held det saman i ytterlegare 14 dagar. Skjerm arret for direkte sollys dei første 3–6 seks månadene.

Ver merksam på teikn til infeksjon. Teikna kan vere raudleik, ømheit, hevelse eller smerte omkring operasjonssåret. Dersom huda har blitt så tynn at du kan skimte hjartestartaren, må du kontakte lege.



Du skal bruke armane som normalt, slik at dei ikkje stivnar. Dei 14 første dagane skal du ikkje overdrive høg armføring. Du bør også unngå å løfte tungt og bruke ryggsekk. 

Når såret er grodd, kan du fortsette med normal aktivitet, også seksuell aktivitet.

Aktivitetar som ski, styrketrening, golf og svømming må du vente med til seks veker etter operasjonen.

Du skal alltid informere lege og anna helsepersonell om pacemakaren din, slik at dei kan ta forholdsreglar ved bruk av elektromedisinsk utstyr.
  • MR-undersøking kan du berre gjere dersom du har fått eit MR-kompatibelt system. MR-undersøking må bli gjort på sjukehuset, ikkje privat. Det må gå minst 6 veker etter operasjonen før ein tar MR-undersøking, og det må bli gjort omprogrammering før og etter MR.
  • Behandlande ultralyd som blir brukt ved fysioterapi, skal ikkje bli brukt nær eller over hjartestartaren.
  • Unngå bruk av TENS-apparat (elektrisk nervestimuleringsapparat).
Dei fleste tekniske hjelpemiddel i heimen er ufarleg for pacemakaren din.
  • Du kan bruke mobiltelefon, men då bør du halde den på motsett side av pacemakaren.
  • Hald minst 15 cm avstand frå pacemakaren til induksjonskomfyr/plater.
  • Unngå bruk av sveiseapparat og slagbor.

I utlandet vil dei fleste sjukehus kunne kontrollere pacemakeren din. Det er derfor viktig at du alltid har med deg kortet (Norwegian Pacemaker Registry) du fekk på sjukehuset etter operasjonen.

Det er trygt å gå gjennom sikkerheitskontrollen på flyplassar, men det er mogleg at pacemakeren din kan utløyse alarmen. Om dette skulle hende, forklarer du sikkerheitsvakta at du har hjartestartar og viser fram kortet ditt.


Ver merksam

Komplikasjonar av operasjonen er sjeldne, men det som kan skje, er:

  • Bløding i operasjonssåret
  • Aukande hevelse eller smerte frå operasjonssåret
  • Feber
  • Aukande svimmelheit eller at du svimar av
Dersom noko av dette skulle skje innan dei første 14 dagane, skal du ta kontakt med sjukehuset som opererte deg. Utover dette må du ta kontakt med fastlege/legevakt for vurdering.







Kontakt

Førde sentralsjukehus Medisinsk avdeling

Kontakt Medisinsk avdeling
En stor bygning med en stor plen foran seg

Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Transport

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Bussen stoppar ved busstoppet på motsatt side av Vievegen, på austsida. Herfrå går flybussen til Førde Lufthamn Bringeland 75 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

 

Praktisk informasjon

Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.

​​Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande.  Sjukehusapoteket er altså open for alle.

På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.

Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.

Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.

​For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.

Les meir om eigendelar på helsenorge.no

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

​Ved Førde sentralsjukehus finn du kiosk der du kan kjøpe aviser og andre kioskvarer. Du kan også levere kupongar til Norsk Tipping sine spel.

Alle kantinene i Helse Førde er opne for tilsette, pasientar og pårørande.

​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen. Dei har opningstid 10.30 - 14.30.

Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. Her får du kjøpt varm mat og mykje anna. Den har opent 07.30 - 20.00.
I Førde finn du også ein kafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid  09.00 - 15.00. Her finn du kaffe, te, anna drikke, påsmurt og kaker m.m.

Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle kvardagar frå klokka 10.00-13.30.

Kantina på Tronvik er open for tilsette og bebuarar.

​Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.

Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.

Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.

Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.

Førde sentralsjukehus har sett av hundre parkeringsplassar berre for pasientar og pårørande. Er alle desse plassane opptekne, er det fleire parkeringsområde rundt Førde sentralsjukehus. Ledige plassar på desse områda kan òg nyttast av besøkande.

BLODGJEVARAR og RØRSLEHEMMA har eigne parkeringsplassar mellom anna framfor hovudinngangen og rundt om på sjukehuset sitt område. Dei som kan parkere her, har eige parkeringsløyve. Utan slikt løyve er parkering rekna som ugyldig.

Ordinær parkering for pasientar og pårørande:
Parkeringsplassen er inn frå Svanehaugvegen. Sjå blått område på kartet:

 

Kart over parkeringsplassar ved Førde sentralsjukehus

 

 

​I 6. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthotell.

Pasienthotellet har 22 senger. Dei er fordelt på seks enkle rom og åtte doble rom. Alle romma er tilpassa rullestolbrukarar.

​Treng du nokon å snakke med? Sjukehuspresten er til for deg anten du er pasient eller pårørande. I møte med denne omsorgstenesta kan du finne ein «fristad» og ein plass å samle tankane. I samtale med sjukehuspresten er det tid og rom for både stort og smått.

Du treng ikkje ha kristen eller religiøs tru for å ta kontakt. Det er ditt liv og dine tankar som har fokus. Det er sjølvsagt og høve til klassiske prestetenester som mellom anna sermoniar og bøn.

Uansett kva du har på hjartet er sjukehuspresten tilgjengeleg for å møte deg, der det passar deg best. Det kan vere på telefon, prestekontoret, pasientrom, i kantina eller kanskje på ein benk ute.

Ta kontakt direkte med Helene Langeland på telefon 908 79 281, eller spør personalet om å tilkalle/avtale tid med prest.

Sjukehuspresten er primært tilgjengeleg i ordinær kontortid, men kan og tilkallast til andre tider.

Kontoret er på plan 2, første dør til høgre for inngangen til kantina.

Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
  3. Les nøye gjennom vilkåra.
  4. Trykk "Godta" når du har lese og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal berre vere nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
 

Akuttmedisin:
Etter avtale på telefon 57 83 90 82.

Barneavdeling:
Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet.

Kirurgisk:
Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30.

Kreft:
Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet.

Kvinneklinikken:
Far eller medmor kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Søsken til barnet og andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga.

Medisinsk:
Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale.

Nevrologisk:
Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne.

Ortopedisk:
13.30-16.00 og 17.30-19.30.