Behandling for personlegdomsforstyrringar består av ulike former for samtaleterapi over lengre tid. Ein kombinasjon av individualsamtalar og gruppebehandling kan vere aktuelt. Behandlinga bør vere tilrettelagd for den typen personlegdomsvanskar du strevar med. Ved moderat til alvorleg personlegdomsforstyrring er det ofte behov for spesialiserte behandlingsprogram.
Også andre hjelpetiltak kan vere aktuelle, som til dømes hjelp med økonomi og bustad. Av og til må slike tiltak komme tidleg for å kunne konsentrere seg om samtalebehandlinga. Hjelp til arbeid også vere aktuelt.
Mål for behandling
Målet med behandlinga er å redusere plagene dine samt auke livskvaliteten din og hjelpe deg å fungere i kvardagen.
Behandlinga vektlegg å styrke din sjølvtillit og tillit til andre. Det vil gjere deg i betre stand til å fungere saman med andre.
Samtalebehandling
Samtalebehandling kan gå føre seg individuelt, i gruppe eller ein kombinasjon av desse. I terapien får du støtte til å utforske og forstå samanhengen mellom hendingar, kjensler og åtferd.
Spesialisert behandling
Dersom du har moderat eller alvorleg personlegdomsforstyrring, kan det vere aktuelt med spesialisert behandling over 1-3 år.
I Noreg finst følgande spesialiserte behandlingsprogram:
- Dialektisk åtferdsterapi (DBT)
- Mentaliseringsbasert terapi (MBT)
- Skjematerapi (ST)
- STEPPS/STAIRWAYS.
Felles for desse tilnærmingane er at:
- Dei er godt strukturert og føreseielege
- Består ofte av ein kombinasjon av gruppekurs, samtale- og gruppebehandling.
- Du blir oppmuntra til å ta kontroll over eige liv
- Terapeuten er aktiv, bekreftande og hjelper deg til å forstå samanheng mellom kjensler, hendingar og åtferd
- Terapeutane arbeider i team der dei får rettleiing og kan drøfte sine behandlingar
Ved milde til moderate personlegdomsforstyrringar kan individuell behandling etter ein «generalistmodell» vere aktuelt. Generalistmodell er også strukturert og føreseieleg, men litt mindre omfattande enn dei spesialiserte behandlingsprogramma.
Legemidlar
Legemidlar har liten verdi for behandling av sjølve personlegdomsforstyrringa. Dersom du har psykiske tilleggsvanskar som til dømes mykje angst, depresjon, ADHD eller psykose, kan legemidlar av og til vere nyttig i kombinasjon med samtalebehandlinga.
Informasjon til pårørande
Det kan vere vanskeleg å vere pårørande til menneske med personlegdomsforstyrringar. Ein kan til dømes oppleve å bli misforstått, bli trua, avvist eller kome i konfliktar. Det er viktig at du tar vare på deg sjølv og di eiga helse. Det kan vere nyttig også for pårørande å snakke med nokon dei kan stole på, eller søke profesjonell hjelp.
Det kan ta lang tid, opptil mange månadar, før effekten av samtalebehandlinga blir synleg i det ytre livet. Det er derfor viktig at pårørande støttar og viser tolmod. Behandling av personlegdomsforstyrring er ingen «quick fix».
PrognoseLidinga kan endre seg over tid. Gamle mytar som «ein gong personlegdomsforstyrring – alltid personlegdomsforstyrring» heng dessverre framleis igjen hos mange. Langtidsundersøkingar viser at omtrent ni av ti blir kvitt diagnosen etter 10 år. For menneske med personlegdomsforstyrringar, som for oss alle, vil kriser eller andre belastande livshendingar ofte framheve problematiske personlegdomstrekk som kan skape vanskar for oss sjølv og i relasjonar til andre.
Tidleg diagnose, oppdatert kunnskap og tilrettelagt behandling gjev raskare betring. Spesielt gjeld dette ferdigheiter til å regulere kjensler og forståinga av deg sjølv og andre. Motsett vil sein diagnostikk, mytar og stigmatisering ofte forverre prognosen, gje auka lidingstrykk og medføre avbrotet utdanning, langvarige sjukemeldingar, tidleg uførleik og vanskelege familieforhold.