Rektoskopi, fleksibel
Ved fleksibel rektoskopi bruker vi eit endoskop for å undersøkje endetarmen og nedste del av tjukktarmen. Endoskopet er eit 10–14 mm tjukt, bøyeleg instrument med eit kamera på tuppen, som overfører bilete til ein skjerm. Vi kan ta vevsprøver (biopsi) og eventuelt behandle enkelte tilstandar direkte via endoskopet.
Før
Rein tarm før undersøkinga
Føresetnaden for ei vellykka undersøking er at den nedste delen av tarmen er rein. Derfor må du kjøpe ei kombinasjonspakning med 4 tablettar Toilax og ein klystertube Toilax på apoteket.
Dagen før undersøkinga tar du to tablettar Toilax ved lunsjtid og to tablettar Toilax om kvelden. Normalt tek det 5–10 timar før du merkar effekt av tablettane.
2–3 timar før undersøkinga bruker du ein Toilax klystertube. Ta av korken på klystertuben og smør eventuelt inn tuppen på tuben med vaselin eller anna glidemiddel. Før tuben forsiktig inn i endetarmen. Press på klystertuben slik at klystervæska renner inn i endetarmen. Effekten av klystertuben kjem etter 10–30 minutt.
Mat før undersøkinga
- Du må ikkje ete fiberrikt brød, kornblandingar, linfrø eller frørike frukter/grønsaker dei siste 5 dagane før undersøkinga.
- Dersom du har tendens til forstopping, er det ein fordel å ete flytande mat (til dømes supper og yoghurt) 1–2 døgn før undersøkinga.
- Du må ikkje bruke jerntilskot dei siste 7 dagane før undersøkinga.
- Eventuelle morgonmedisinar tek du som vanleg.
Gi beskjed dersom du bruker faste medisinar. Ta med ei oppdatert liste over medisinar du bruker.
Blodfortynnande medisinar
Dersom du bruker blodfortynnande medisinar er det viktig at du følgjer instruksjonane i innkallingsbrevet.
Under
Når du blir undersøkt, ligg du på ein undersøkingsbenk. Du får ei spesialbukse på deg eller eit laken over deg. Det kan vere behov for at du snur og vender på deg i løpet av undersøkinga.
Av og til er det også behov for å undersøkje endetarmen med ultralyd. Ein fingertjukk ultralydsonde blir forsiktig ført inn i endetarmen. Ved hjelp av ekko frå ultralydbølgjer, får vi bilete av endetarmen på ein skjerm, lukkemuskulaturen og nærliggjande vev i området. Av og til må ein liggje med beina i beinhaldarar (gynekologisk leie) ved ultralydundersøkinga.
Vanlegvis varer undersøkinga frå 15 til 30 minutt. Som regel kan du reise heim med ein gong etter undersøkinga. Er det gjort behandling som krev observasjon, må du vere på sjukehuset 1–2 timar etter undersøkinga.
Etter
Vanlegvis får du vite resultatet med ein gong etter undersøkinga. Dersom det er teke vevsprøvar, tek det 2–3 veker å få svar på desse. Resultatet og eventuelle prøvesvar blir sendt til legen som har tilvist deg.
Du kan ikkje sjølv køyre bil før dagen etterpå dersom du har fått roande eller smertestillande medisin.
Ver merksam
Fleksibel rektoskopi er ei svært sikker undersøking og komplikasjonar er svært sjeldan. I heilt spesielle tilfelle kan det oppstå bløding eller hol på tarmen. Operasjon kan då bli nødvendig. Ved mistanke om komplikasjon er det aktuelt med vidare observasjon og eventuelt innlegging på sjukehuset.
Etter undersøkinga kan du kjenne deg litt oppblåse og ha noko mageknip. Dersom du får sterke magesmerter eller anna ubehag etter at du har komme heim, må du kontakte sjukehuset.
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Medisinsk avdeling

Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde