Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Røntgenmerking

Av og til kan god- eller vondarta svulstar i brystet vere plasserte på ein sånn måte at dei ikkje kjennest. I slike tilfelle og ved mistanke om brystkreft kan det vere nødvendig å legge inn ein merketråd eller markør i brystet for å markere brystvev som skal fjernast under ein operasjon. I dei fleste tilfelle nyttar vi ultralyd for å plassere merketråden/markøren rett. Viss området ikkje er synleg på ultralyd, gjer vi det røntgenrettleidde.

Før

På dagen du skal inn og plassere tråden eller markøren må du ikkje bruke krem, parfyme eller pudder på brysta eller i armholene same dag som undersøkinga.

Fjern eventuelle piercingar. 

Under

Du skal ligge på ein benk under plasseringa av merkinga. Avhengig der svulsten er i brystet eller korleis han er synleg på røntgen vel vi plassering av merketråden/markøren. 

Du får som regel lokalbedøving. Deretter fører ein radiolog ei tynn og hol nål inn i brystet der den merketråden/markøren blir plassert. Du vil kjenne eit stikk i huda i det vi set merketråden/markøren på plass.  

Vi tar deretter røntgenbilde for å dokumentere at merketråden/markøren er plassert rett. Dersom det blir lagt ein merketråd blir tråden som er igjen utanfor brystet pakka inn og bandasjert godt.

Gjer det vondt?

Plasseringa gir vanlegvis lite smerte. 

Etter

Dersom du får innlagt ein merketråd, skal du behalde bandasjen på heilt til operasjonen. 

Sist faglig oppdatert 10.06.2026

Kontakt

Kirurgisk avdeling

Kontakt Kirurgisk avdeling

Oppmøtestad

Du finn oss på Førde sentralsjukehus.
Vi har og sengepost og poliklinikk på Lærdal sjukehus.

Transport

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Bussen stoppar ved busstoppet på motsatt side av Vievegen, på austsida. Herfrå går flybussen til Førde Lufthamn Bringeland 75 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.