Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Rus, døgnbehandling

Tverrfagleg spesialisert behandling av rusmiddelproblem (TSB) kan vere behandling i ein døgninstitusjon.

Før

For at ei døgninnlegging skal gi best moglege resultat, er det viktig med eit godt forarbeid.

Før behandlinga startar, må vi først finne ut og førebu viktige ting om situasjonen din. Dette gjer vi slik at dei som skal behandle deg på institusjonen har god oversikt og forståing for kva du treng, allereie før behandlinga startar.

Dersom du allereie har oppfølging lokalt, er det viktig at det blir knytt kontakt mellom behandlarane og det lokale hjelpeapparatet ditt.

Under

Under ei døgninnlegging bur du på behandlingsstaden. Tilbodet består av individuelle samtalar og deltaking i grupper. Behandlinga blir lagd til rette ut frå behova dine. Det er behandlarar tilgjengeleg heile døgnet.

Etter

Etter eit opphald i døgninstitusjon overtar det lokale hjelpeapparatet. Før avslutning av døgnbehandlinga blir det samtalar mellom behandlarane ved døgninstitusjonen og det lokale hjelpeapparatet.

Ved utskriving tar du og tilvisaren din imot ei epikrise som er ei oppsummering av opphaldet og ei tilråding av vidare tiltak.

Sist faglig oppdatert 16.09.2025

Kontakt

Psykisk helsevern