Samstundes alvorlege rusmiddelproblem og psykiske lidingar vaksne

Omgrepet ROP blir brukt som ei samlenemning for «samtidig rusliding og psykisk liding». ROP-pasientar er personar med ei alvorleg psykisk liding kombinert med rusliding. Personar med mindre alvorleg psykisk liding og samtidig rusliding blir også inkludert viss kvar av dei to lidingane er forbunde med betydeleg funksjonssvikt.

Mål for behandlinga

Behandling for ROP-pasientar kan ha svært ulik målsetting. Vi ønsker å redusere skadane ved pågåande rusmiddelmisbruk og bidra til at du får betre psykisk helse og funksjonsevne. Eit anna mål kan vere betra funksjonsevne og integrering i samfunnet. Ofte vil målsettinga endre seg undervegs i behandlingsforløpet.

Før

Du vil få eit brev med tidspunkt og oppmøtestad før første behandlingstime.

Behandlinga kan skje poliklinisk eller i form av døgninnlegging. Nokre gonger kan det vere aktuelt med ein kombinasjon. Avhengig av behovet ditt og behandlingsstaden kan tilbodet bestå av individuelle samtaler, miljøterapi, deltaking i grupper, medikamentell behandling og fysisk aktivitet. 

For at ei døgninnlegging skal gi best mogleg resultat, er det viktig med godt forarbeid. Vi ønsker å vere best mogleg kjent med situasjonen din, slik at behandlinga kan bli lagt til rette for deg. Kontakt mellom behandlingsinstitusjonen og dei personane som allereie hjelper deg i ditt lokale hjelpeapparat (fastlege/kommune), er viktig. 

Kartlegging og utgreiing bør omfatte rusmiddelbruk, psykisk helse, kognisjon, somatisk helse – inkludert eventuelt tannhelse og ernæring. Vi ønsker også å kartlegge den sosiale situasjonen din og funksjonsnivået ditt i kvardagen, slik at det kan danne grunnlag for ein behandlingsplan.

Du kan lese meir om kartlegging og utgreiing i rusbehandling i den nasjonale retningslinja «Rus- og psykiske lidelser».  

Under

Eit behandlingstilbod kan bestå av hjelp frå eit behandlingsteam med ulike yrkesgrupper (lege, psykolog, sjukepleiar, sosionom). Vi kan møte deg enten på kontoret, heime hos deg eller ein annan eigna stad. Når hjelpa blir gitt ulike stader utanfor institusjon – alt etter behova dine og situasjonen din – heiter det ambulant behandling. 

Etter

Etter avslutta behandling i spesialisthelsetenesta overtar det lokale hjelpeapparatet, det vil seie fastlege og kommune. Før avslutning ved poliklinikk eller utskriving frå døgneining, vil det vere møte og samtaler mellom sjukehuset og ditt lokale hjelpeapparat. Ved avslutning mottar du og behandlaren din eit avslutningsbrev, som er ei oppsummering av opphaldet, og ei anbefaling av tiltak vidare.

Ved utskriving frå opphald i døgnavdelinga kan det i ein periode vere aktuelt med vidare poliklinisk oppfølging i spesialisthelsetenesta.

Kontakt

Psykisk helsevern