Diagnose

Skulder heilt eller delvis ut av ledd

Skulderleddet kan i spesielle tilfelle gå heilt eller delvis ut av normal stilling, dette blir kalla dislokasjon eller luksasjon. Dette blir vanlegvis forårsaka av ein skade, men hos personar med medfødd overbevegelege ledd skjer det at ledda går ut av stilling utan ein utløysande skade.

Vi skil mellom akuttbehandling av skulder som blir ståande ut av ledd (dislokert) og kroniske tilstandar med fleire dislokasjoner. Behandlinga må tilpassast kvar enkelt. Val av behandling avheng av type skade, kva plager du har og kor store forandringar som blir påviste i blautdelar og bein. Alderen din, mjukheit/rørsle i ledd og aktivitetsnivået ditt påverkar også resultatet etter dei ulike behandlingsalternativa.

Tilvising og vurdering

Ved akutt skade mot skuldra med dislokasjon som blir ståande ut av stilling eller som medfører uttalt redusert førlegheit, må skuldra undersøkjast akutt ved fastlege eller legevakt. Ofte er akutt røntgenundersøking og i nokre tilfelle magnetrøntgen (MR) av skuldra aktuelt.

Ved kroniske smerter som følgje av skade eller gjentekne luksasjonar i skuldra, startar utgreiing hos fastlege. Fastlegen vil vurdere behovet ditt for røntgen og/eller magnetrøntgen (MR) og viser til spesialist i ortopedisk kirurgi eller fysioterapeut ved behov.

Ved tilvising er det viktig at grad av funksjonshemming blir beskriven for å mogleggjere korrekt prioritering. Ofte er dette relatert til kor ofte og kor lett skuldra går ut av ledd. Arbeidsuføre og gjenteke dislokasjoner i vanleg dagleg aktivitet er døme på faktorar som tilseier raskare vurdering hos spesialist.

Det er eit ønske at ei beskriving av relevant biletdiagnostikk er lagd ved, inklusive eventuelle bilete tekne når skuldra er ute av ledd. Det er viktig å angi kvar og når desse undersøkingane er utførte slik at bilete kan innhentast av sjukehuset/klinikken, i den grad sjukehuset ikkje allereie har desse undersøkingane.

Ved dislokasjon av skulderleddet med mistanke om beinbrot eller avriving av sener (vanleg hos pasientar over 40 år), aukar hastegrada for behandling. Det blir tilrådd her at tilvisande lege sikrar at skaden blir vurdert i tide anten gjennom telefonisk kontakt med vakthavande ortoped eller ØH-innlegging for vurdering.

Utredning

Behandling ved akutt dislokasjon som blir ståande ut av stilling:

Dersom ledda ikkje går tilbake i korrekt posisjon må stillinga korrigerast av lege. Behandlinga blir utført på legevakt eller sjukehus. Hos dei fleste pasientar kan dette gjennomførast utan narkose, men med lokalbedøving i ledd og/eller smertestillande medisinar. Etter at skuldra er sett på plass får du eit fatle for smertelindring i ein til to veker. Gradvis opptrening bør så gjennomførast i samarbeid med fysioterapeut for å oppnå normal rørsle, kraft og koordinering. Ekstreme leddutslag og idrettsaktivitet med risiko for nye skadar bør unngåast i minimum seks veker. Ved uttalt redusert førlegheit etter at skuldra er sett på plass bør ein utelukke avriving av sener i skuldra med MR.

Behandling ved gjenteken dislokasjon av skulderledd:

For personar med medfødd overbevegelege ledd som går ut av stilling ved kvardagsaktivitet er fysioterapi første behandlingsval. Ved skadeutløyst skulderinstabilitet har du mindre sjanse for å oppnå ei stabil skulder ved hjelp av fysioterapi. Operasjonsindikasjon blir avgjord av kor mykje skulderfunksjonen er påverka av instabiliteten og effekten av behandling hos fysioterapeut. Du vurderer saman med lege fordelar med operasjon mot ulemper knytte til rekonvalesens og risikoen for komplikasjonar.

Behandling ved dislokasjon og forstrekking av kragebeinledd:

Etter akutt skade er grada av feilstilling i ledda avgjerande for vidare behandling. Ved lita feilstilling er leddbanda berre delvis rivne av og dei gror vanlegvis utan at du treng operasjon. Smerte i leddet er likevel vanleg og kan halde fram det første året etter skaden.

Hos ortoped vil du gå gjennom ei grundig klinisk undersøking. Ortopeden vurderer behov for tilleggsundersøkingar som til dømes røntgen, ultralyd eller MR. Basert på funn i undersøking og samtale vil de bli samde om vidare behandlingsplan.

Dersom du blir tilrådd operasjon må du førebu deg på ventetid. I denne perioden er det ein fordel at du får behandling hos fysioterapeut eller gjer øvingar på eigenhand. Formålet med behandlinga/øvingane er å redusere smerte og førebu deg til operasjon og trening du må gjere etterpå.

Behandling

Før operasjon vil du gå gjennom dei siste førebuande undersøkingane du treng og få meir informasjon om kva som skal skje når du blir innlagd.

Skulderleddet: Operasjonen går vanlegvis artroskopisk føre seg (kikhòlskirurgi). Leddband og leddleppe (labrum) blir festa tilbake på plass. Alternative operasjonsmetodar kan tilrådast til pasientar som har auka risiko for tilbakefall.

Kragebeinet: Ved kroniske smerter etter dislokasjon av kragebeinet, men lita feilstilling, blir dei ytste millimetrane i kragebeinet fjerna ved kikhòlskirurgi (artroskopi) for å betre plagene. Ved større feilstilling i leddet mellom kragebein og skulderblad kan ein vurdere å fiksere leddet i korrekt stilling akutt, for å tillate nærliggjande leddband å gro med rett lengd. Fiksasjonen blir gjord ved ein kombinasjon av kikhòlskirurgi og open kirurgi. Dette bør gjerast innan to veker etter skaden for å gi eit godt resultat. Ved kronisk feilstilling i kragebeinledd og skadar i leddet mellom brystbeinet og kragebeinet blir vanlegvis open kirurgi nytta, der leddband blir forsterka med sene frå annan del av kroppen (normalt sene frå låret) eller ved bruk av kunstig materiale.

Nokre pasientar blir skrivne ut operasjonsdagen, andre treng å bli ein dag eller to.

Ortoped avgjer behov for fatle i kvart enkelt tilfelle. Dei fleste må bruke fatle i to til seks veker. Nokre pasientar får i tillegg beskjed om å unngå visse rørsler og aktiv bruk av armen ein periode etter operasjonen. Du må alltid følgje beskjedar du fekk i beskrivinga av operasjonen.

Oppfølging

Er du på sjukehuset dagen etter operasjonen, kjem fysioterapeuten til deg og går gjennom informasjon, øvingar og bruk av fatle. Vi tilrår at du startar opptrening hos fysioterapeut éi til to veker etter heimreise. Opptrening og behandling skjer gradvis og i samsvar med operasjonsbeskrivinga. Fysioterapi og eigentrening er heilt nødvendig for å få eit godt resultat etter operasjonen. Du må trene intensivt i minimum fire til seks månader før du kan vende tilbake til idrett eller annan aktivitet med risiko for å pådra deg ny skulderskade.

Ved behov vil du få resept på smertestillande når du reiser frå sjukehuset.

Lengd på sjukmeldinga avheng mellom anna av restriksjonar givne i operasjonsbeskrivinga, arbeidssituasjon og omfang av plagar. Vanlegvis skriv ortoped ut den første sjukmeldinga og fastlegen kan forlengje denne ved behov.

Du vil bli kalla inn til kontroll etter operasjonen.

Ver merksam

Infeksjon i såret er ein sjeldan komplikasjon etter operasjon.

Ta kontakt med sjukehuset dersom du opplever følgjande symptom:

  • feber
  • frostanfall
  • puss i såret eller at såret blir raudt

Kontakt

Førde sentralsjukehus Ortopedisk avdeling

Kontakt Ortopedisk avdeling
En stor bygning med en stor plen foran seg

Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Transport

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Frå Førde Sentralsjukehus går flybussen 70 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

 

Praktisk informasjon

Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.

​​Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande.  Sjukehusapoteket er altså open for alle.

På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.

Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.

Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.

​For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.

Les meir om eigendelar på helsenorge.no

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

​Ved Nordfjord sjukehus og Førde sentralsjukehus finn du kiosk der du kan kjøpe aviser og andre kioskvarer.

Ved Førde sentralsjukehus kan du også levere kupongar til Norsk Tipping sine spel.

Alle kantinene i Helse Førde er opne for tilsette, pasientar og pårørande.

​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen. Dei har opningstid 10.30 - 14.30.

Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. Her får du kjøpt varm mat og mykje anna. Den har opent 07.30 - 16.30.
I Førde finn du også ein kafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid  09.00 - 15.00. Her finn du kaffe, te, anna drikke, påsmurt og kaker m.m.

Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle kvardagar frå klokka 10.00-13.30.

Kantina på Tronvik er open for tilsette og bebuarar.

​Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.

Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.

Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.

Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.

Førde sentralsjukehus har sett av hundre parkeringsplassar berre for pasientar og pårørande. Bommen ved pasientparkeringa opnar seg automatisk. Er alle desse plassane opptekne, er det fleire parkeringsområde rundt Førde sentralsjukehus. Ledige plassar på desse områda kan òg nyttast av besøkande.

BLODGJEVARAR og RØRSLEHEMMA har eigne parkeringsplassar mellom anna framfor hovudinngangen og rundt om på sjukehuset sitt område. Dei som kan parkere her, har eige parkeringsløyve. Utan slikt løyve er parkering rekna som ugyldig.

Ordinær parkering for pasientar og pårørande:
Parkeringsplassen er inn frå Svanehaugvegen. Sjå blått område på kartet:

Kart over parkeringsplassar ved Førde sentralsjukehus
 

​I 6. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthotell.

Pasienthotellet har 22 senger. Dei er fordelt på seks enkle rom og åtte doble rom. Alle romma er tilpassa rullestolbrukarar.

​Treng du nokon å snakke med? Sjukehuspresten er til for deg anten du er pasient eller pårørande. I møte med denne omsorgstenesta kan du finne ein «fristad» og ein plass å samle tankane. I samtale med sjukehuspresten er det tid og rom for både stort og smått.

Du treng ikkje ha kristen eller religiøs tru for å ta kontakt. Det er ditt liv og dine tankar som har fokus. Det er sjølvsagt og høve til klassiske prestetenester som mellom anna sermoniar og bøn.

Uansett kva du har på hjartet er sjukehuspresten tilgjengeleg for å møte deg, der det passar deg best. Det kan vere på telefon, prestekontoret, pasientrom, i kantina eller kanskje på ein benk ute.

Ta kontakt direkte med Helene Langeland på telefon 908 79 281, eller spør personalet om å tilkalle/avtale tid med prest.

Sjukehuspresten er primært tilgjengeleg i ordinær kontortid, men kan og tilkallast til andre tider.

Kontoret er på plan 2, første dør til høgre for inngangen til kantina.

Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
  3. Les nøye gjennom vilkåra.
  4. Trykk "Godta" når du har lese og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal berre vere nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
 

For å avgrense smitte under pandemien kan det vere andre visittider og reglar som gjeld. Sjå Smittestatus virussjukdomar​ for meir informasjon.​​

Akuttmedisin:
Etter avtale på telefon 57 83 90 82.

Barneavdeling:
Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet.

Kirurgisk:
Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30.

Kreft:
Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet.

Kvinneklinikken:
Far eller medmor kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Søsken til barnet og andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga.

Medisinsk:
Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale.

Nevrologisk:
Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne.

Ortopedisk:
13.30-16.00 og 17.30-19.30.