Før operasjonen blir det oftast litt ventetid. Då er det vanlegvis naudsynt å bruke fatle for smertelindring og i tillegg smertestillande tabletter. Du kan være i den aktiviteten du klarer med omnsyn til smertene fra skuldra.
Kvelden før operasjonen skal du faste frå midnatt. Det betyr at du ikkje skal ete, røyke, bruke snus, tygge tyggegummi eller pastiller etter klokka 24.00. Du kan og bør drikke klare væsker (vann, saft), men ikkje melkeprodukter eller juice fram til 2 timar før oppmøtetidspunktet på operasjonsdagen.


