Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Skulderproteseoperasjon
Innsetjing av skulderprotese kan vere aktuelt dersom leddflata er nedsliten og gir mykje smerter, ved store seneavrivingar eller ved kompliserte brot i skuldra. Vi bruker ulike typar skulderprotesar, avhengig av problemstillinga.
Dei vanlegaste typane er anatomisk og omvend totalprotese, der leddflata på både overarmsbeinet og skulderskåla blir skifta ut. Anatomisk protese gir best rørsle, men kan berre brukast når senene i skuldra er intakte og der ikkje er veldig uttalte beinforandringar. Omvend protese er aktuelt å bruke ved store seneavrivingar, frakturar og ved uttalte forandringar i bein. Omvend protese blir vanlegvis også brukt når ein tidlegare skulderprotese må skiftast ut.
Ved slitasje i skulderleddet blir brusken på leddflatene brote ned og det kan danne seg beinpåleiringar i leddet. Dei andre strukturane rundt skulderleddet, som til dømes leddhinne, leddband, slimposar og sener blir også påverka. Dette kan føre til smerte, knekkelydar/knirking ved rørsle av skuldra, stivleik og vanskar med å bruke armen i det daglege. Diagnosen blir stilt normalt med røntgenundersøking, men slitasje er også synleg på MR.
Behandlinga av slitasje i skuldra består i første omgang av smertelindring, råd om tilpassa aktivitet og behandling hos fysioterapeut. Steroidinjeksjon kan lindre plagene. Du må sjølv bestille time ved eit fysioterapiinstitutt. Nokre pasientar får monaleg redusert førlegheit i armen og sterke smerter trass i behandling som beskrive over. Det kan då vere aktuelt å setje inn ein protese i skulderleddet.
Tilvising og vurdering
Fastlege, manuellterapeut eller kiropraktor kan sende ei tilvising til ortoped. Når du er tilvist på grunn av slitasje i skuldra, vil du bli innkalla til undersøking hos ortoped. Det kan også vere aktuelt med kompletterande røntgenundersøkingar for å avgjere om du treng operasjon og kva type protese som skal brukast.
I tilvisingsteksten ønsker vi informasjon om:
namn og fødselsdato
vekt og høgde (dersom mogleg operasjonskandidat)
akutt skade eller snikande debut
symptom og varigheit
Detaljerte opplysningar om smerter: Lokalisering, utstrålande, smerter andre stader?
bildediagnostikk (alle pasientar bør greiast ut med røntgen)
resultat av bildediagnostikk (når og kvar det er utført)
ta MR ved instabilitet eller mistanke om seneskadar, rupturar eller annan blautdelsproblematikk
svar på undersøkingar bør ligge føre ved tilvising for å lettare kunne gi rett prioritet
behandling utført og effekt av denne (for eksempel fysioterapi)
om pasienten ønsker operativt tilbod, om det er aktuelt
yrke og sjukmeldingsstatus
faste medikament
andre sjukdommar
behov for tolk
Før
Ortopeden vil gjere ei grundig undersøking. Det kan vere aktuelt med tilleggsundersøkingar som til dømes røntgen for å avgjere om det skal gjennomførast operasjon og kva type protese som skal brukast. Basert på samtale med deg og funn i undersøkingane vil de bli samde om vidare behandlingsplan.
Medan du ventar på operasjon er det ein fordel at du held fram med behandling hos fysioterapeut eller gjer øvingar på eigenhand. Formålet med behandlinga er å hindre/minimere stivleik i skuldra, redusere smerte og førebu deg til operasjon og trening du må gjere etterpå.
Før operasjonen vil du gå gjennom dei siste førebuande undersøkingane du treng og få meir informasjon om kva som skal skje når du blir innlagd.
Under
Det finst ulike typar skulderprotesar og ulike operasjonsmetodar.
Heil protese (totalprotese)
Anatomisk totalprotese:
Dei slitte leddflatene på overarmsbeinet og skulderbladet blir fjerna og blir erstatta av nye, kunstige leddflater. Operasjonen skjer gjennom ei opning som blir laga framme på skuldra. Ei sene i skuldra (subscapularissenen) må gjerast losnast. Den losna sena blir så sydd tilbake på plass. Operasjonen tek vanlegvis 1 ½ til 2 timar.
Leddskåla på skulderbladet blir erstatta med ei kunstig leddkule. Leddkula øvst på overarmsbeinet blir fjerna og erstatta av ei slags kunstig «leddskål». Operasjonen skjer gjennom ei opning som blir laga oppe på skuldra (litt ned mot overarmen). Denne typen protese blir brukt når ein har mykje slitasje i skulderleddet og samtidig stor skade i dei omliggjande stabiliserande musklane.
Halv protese (hemiprotese)
Operasjonen skjer på same måten som ved heilprotese, men ved halvprotese er det berre leddflata på overarmsbeinet som blir erstatta med ny leddflate.
Etter
Dei fleste pasientane blir verande på sjukehuset i 2-5 dagar for smertelindring og hjelp til å komme i gang med øvingar for skuldra.
Fatle
Behov for fatle blir avgjort av ortoped i kvart enkelt tilfelle. Vanlegvis blir fatle brukt dag og natt i 3-4 veker. Har du fått operert inn anatomisk heilprotese eller halv protese skal du ikkje bruke armen aktivt dei første 4 vekene etter operasjon. Har du fått operert inn revars protese får du byrje med lette aktive øvingar frå første dag etter operasjonen. Beskjedar gitt i operasjonsbeskrivinga skal alltid følgjast.
Opptrening
Fysioterapi og eigentrening er heilt nødvendig for å få eit godt resultat etter operasjon. Dagen etter operasjon kjem ein fysioterapeut til deg og går igjennom informasjon, øvingar og eventuelt bruk av fatle. Vi tilrår at du startar opptrening hos fysioterapeut 1-2 veker etter operasjon. Opptrening og behandling skjer gradvis og er tilpassa den typen operasjon du har hatt. I byrjinga er målet å redusere smerte og hindre at skuldra stivnar. Etter kvart skal du gradvis trene opp rørsle, styrke og stabilitet.
Smertestillande
Ved behov vil du få resept på smertestillande når du reiser frå sjukehuset.
Sjukmelding
Lengd på sjukmeldinga vil bestemmast av mellom anna restriksjonar gitt i operasjonsbeskrivinga, arbeidssituasjon og omfang av plager. Vanlegvis skriv ortoped ut den første sjukmeldinga og fastlege kan forlengje denne ved behov.
Kontroll
Du vil bli innkalla til kontroll cirka 6 veker og 3-4 månader etter operasjonen. Har du spørsmål som den behandlande fysioterapeuten din ikkje kan svare på før denne tida, er du velkommen til å ta kontakt.
Ver merksam
Sårinfeksjon er ein sjeldan komplikasjon etter operasjon.
Ta kontakt med sjukehuset dersom du opplever følgjande symptom:
Førde sentralsjukehus: Pasientar som skal møte til operasjon, møter ved dagkirurgisk senter i 2. etasje i Svanabygget (houdblokka). Sjå i innkallingsbrevet ditt, dersom du skal møte opp dagen før.
Nordfjord og Lærdal sjukehus: Pasientar melder seg i ekspedisjonen i 1. etasje.
Anestesipoliklinikken og intensiv sengepost ligg i 2. etasje på Førde sentralsjukehus.
Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.
På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.
Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.
Flybuss
Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Bussen stoppar ved busstoppet på motsatt side av Vievegen, på austsida. Herfrå går flybussen til Førde Lufthamn Bringeland 75 minutt før alle flyavgangar.
Parkering
Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.
Taxi
Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.
Buss
Fleire rutebusser går forbi Lærdal Sjukehus.
På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.
Frå Lærdal er det også gode bussamband til Bergen og Oslo.
Flybuss
Næraste flyplass er Sogndal Lufthamn Haukåsen. Det er korrespondanseruter via Kaupanger – sjå rutetider på nettsidene til skyss.no.
Parkering
Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.
Taxi
Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.
Buss
Nordfjordeid Rutebilstasjon ligg i Nordfjordeid sentrum og er om lag ein kilometer frå psykiatrisenteret/BUP/sjukehuset.
På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.
Frå Nordfjordeid er det også bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.
Parkering
Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.
Taxi
Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.
Praktisk informasjon
Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.
Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande. Sjukehusapoteket er altså open for alle.
På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.
Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.
Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.
For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.
Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.
Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.
Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.
Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.
Alle kantinene i Helse Førde er opne for tilsette, pasientar og pårørande.
Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen. Dei har opningstid 10.30 - 14.30.
Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. Her får du kjøpt varm mat og mykje anna. Den har opent 07.30 - 20.00. I Førde finn du også ein kafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid 09.00 - 15.00. Her finn du kaffe, te, anna drikke, påsmurt og kaker m.m.
Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle kvardagar frå klokka 10.00-13.30.
Kantina på Tronvik er open for tilsette og bebuarar.
Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.
Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.
Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.
Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.
Førde sentralsjukehus har sett av hundre parkeringsplassar berre for pasientar og pårørande. Er alle desse plassane opptekne, er det fleire parkeringsområde rundt Førde sentralsjukehus. Ledige plassar på desse områda kan òg nyttast av besøkande.
Blodgjevarar og rørslehemma har eigne parkeringsplassar mellom anna framfor hovudinngangen og rundt om på sjukehuset sitt område. Dei som kan parkere her, har eige parkeringsløyve. Utan slikt løyve er parkering rekna som ugyldig.
Ordinær parkering for pasientar og pårørande: Parkeringsplassen er inn frå Svanehaugvegen, nord-aust for Svanabygget som er hovudbygningen ved sjukehuset. På nedsida av parkeringsplassen er det også ladepunkt for el-bil.
I 7. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthotell.
Pasienthotellet har 36 senger fordelt på 10 enkeltrom og 13 dobbeltrom.
Treng du nokon å snakke med? Sjukehuspresten er til for deg anten du er pasient eller pårørande. I møte med denne omsorgstenesta kan du finne ein «fristad» og ein plass å samle tankane. I samtale med sjukehuspresten er det tid og rom for både stort og smått.
Du treng ikkje ha kristen eller religiøs tru for å ta kontakt. Det er ditt liv og dine tankar som har fokus. Det er sjølvsagt og høve til klassiske prestetenester som mellom anna sermoniar og bøn.
Uansett kva du har på hjartet er sjukehuspresten tilgjengeleg for å møte deg, der det passar deg best. Det kan vere på telefon, prestekontoret, pasientrom, i kantina eller kanskje på ein benk ute.
Ta kontakt direkte med Helene Langeland på telefon 908 79 281, eller spør personalet om å tilkalle/avtale tid med prest.
Sjukehuspresten er primært tilgjengeleg i ordinær kontortid, men kan og tilkallast til andre tider.
Kontoret er på plan 2, første dør til høgre for inngangen til kantina.
Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:
Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
Les nøye gjennom vilkåra.
Trykk "Godta" når du har lese og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal berre vere nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
Akuttmedisin: Etter avtale på telefon 57 83 90 82.
Barneavdeling: Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet.
Kirurgisk: Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30.
Kreft: Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet.
Kvinneklinikken: Far eller medmor kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Søsken til barnet og andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga.
Medisinsk: Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale.
Nevrologisk: Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne.
Ortopedisk: 13.30-16.00 og 17.30-19.30.
Barseleininga har familierom og ingen faste visittider.
Medisinsk sengepost: 11.30 - 12. 30 og 16.00 - 18.00
Ortopedisk: Pårørande er velkomne heile døgnet.
God start eininga: Barseleininga har visittid heile døgnet.