Diagnose

Slitasje i tommelen sitt rotledd

Leddflatene i leddet til handa er dekt av ein brusk som fungerer som glideflate og støytdempar. Med alderen blir brusken svakare, og blir slite ned hos mange menneske. Dette blir kalla artrose. Tommelartrose er ein sykdom der brusken i leddet der tommelen møter handleddet, blir tynnare. Det kan gi smerte ved bevegelse i tommelen og nedsett kraft i tommel- og peikefingergrepet.

Artrose i rotleddet til tommelen er den nest hyppigaste forma for slitasjegikt i handa, etter artrose i dei små fingerledda. Årsaka er uklar, men med alderen blir leddbrusken svakare, og blir slite ned hos mange menneske. Artrose i basen av tommelen kan gi smerte og hevelse ved bevegelse, lokal ømheit og ofte betydeleg nedsett kraft i tommel-peikefingergrepet. Til å begynne med gjer det mest vondt å gripe, for eksempel å vri om ein nøkkel. Det kan gjere vondt å løfte ein mjølkekartong. Etter kvart kan du også få verk om nettene. Graden av dette varierer veldig. Nokre menneske med kraftig artrose har få eller ingen symptom. Tilstanden kan føre til feilstillingar som reduserer funksjonen til handa. Tilstanden kan førekomme hos både menn og kvinner, med ein overrepresentasjon av kvinner etter ca. femti års alder.

Utgreiing

Diagnosen blir stilt ut frå sjukehistorie, den kliniske undersøkinga til legen og røntgenundersøking. Lege eller terapeut undersøker funksjonen, styrken og smertepunkta til handa.

Behandling

Behandlinga blir avgjort etter kor store plager du har.

Ved lettare plager kan ei støtteskinne til tommel, for eksempel av typen PUSH-ortose, eller ei mjuk ortose i neopren gi smertelindring og støtte. Du kan kjøpe hjelpemiddel som kan lette dagleglivet. Inflammasjonsdempande legemiddel eller ein lokal kortisoninjeksjon i leddet kan lindre ubehaget. Effekten av ein kortisoninjeksjon kan vare frå tre til seks månader og kan bli gjentatt eit par gonger.

Det kan bli aktuelt med operasjon dersom ikkje noko av dette har god effekt.

Før operasjon
Dersom du bruker blodfortynnande medisin (Marevan), må du ikkje ta dette dei tre siste dagane før operasjon. Dersom du må bruke Marevan på grunn av hjarteklaffoperasjon eller blodpropp til lunge eller hjerne, må du ta kontakt med fastlegen din.

Under operasjonen

Ved den vanlegaste operasjonen fjernar ein det vesle beinet som tommelen ligg mot ved handleddet der leddbrusken er øydelagt. Operasjonen kan bli gjort i narkose eller lokalbedøving og tar frå 30 til 45 minutt. Som oftast blir det lagt ein gipslaske over tommel og handledd etter operasjon. Denne skal vere på i to veker. Fingrane og den ytste delen av tommelen er frie, og ein kan bevege desse utanfor gipsen. Det er vanleg å fjerne gipsen til fordel for ei tommelskinne etter 14 dagar. Denne kan du ta av og på ved behov, og den bør bli flittig brukt dei første fire vekene etter operasjonen.

Oppfølging

For å motverke hevelse etter operasjonen bør du:
  • Halde handa høgt og i hjartehøgde når du ikkje bruker den, og strekke armen oppover i den grad gipsen tillèt dette. Ha handa på ei pute om natta.
  • Bruke handa så mykje som gipsen tillèt det, men du bør unngå tunge løft.

Smerte i operasjonsområdet kan førekomme i nokre dagar. Ved behov kan du ta smertestillande (for eksempel Paracet og Ibux). Smerta som du tidlegare kjente då du kvilte handa, forsvinn vanlegvis etter operasjonen, men smerter ved belastning kan vare. Bevegelsen i tommelen blir vanlegvis ikkje påverka av ein operasjon, men operasjonen kan medføre ei viss nedsett kraft i tommel-peikefingergrepet.

Lengda på sjukemeldinga avheng av kor tungt arbeid du har. Vanlegvis er du sjukemeldt heile perioden du har på gips/ortose – av og til lengre.

Kontroll

Etter to veker møter du til kontroll hos ergoterapeut og lege på poliklinikken. Der blir gips og sting tatt av, og du får ei ortose (støtteskinne). Den skal du bruke i ei veke og ved tung belastning. Vanlegvis er det ikkje nødvendig med røntgen etter operasjonen. Du kan vaske hendene som vanleg med såpe.

Dei første månadene kan arret vere raudt, hardt og blankt. Hald huda rein og tørr, ha på eit plaster og smør og masser gjerne arret med ein fuktigheitskrem.

Det er lang opptreningstid etter operasjonen, og det kan ta 3–12 månader å få tilbake funksjon med stabilitet og kraft. Trening etter operasjonen skjer hos ergoterapeut, der du vil få tilpassa ortosar og få rettleiing for opptrening av bevegelegheit og styrke.


Ver merksam

Du bør kontakte poliklinikken dersom gipsen blir forskuva eller kjennest for trong, eller om du får feber eller har langvarig verk eller hevelse som ikkje går tilbake.

Det kan førekomme skade av hudnervar i operasjonsområdet, som kan føre til du blir nomen over tommel, eller i verste fall får smerter (nevrinom) der huda blir overfølsam. Dette er tilstandar som kan forsvinne, eller i nokre tilfelle vare livet ut. Ein annan komplikasjon er auka smerter og forverra feilstilling av tommel.



Kontakt

Førde sentralsjukehus Ortopedisk avdeling

Kontakt Ortopedisk avdeling
En stor bygning med en stor plen foran seg

Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Transport

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Frå Førde Sentralsjukehus går flybussen 70 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

 

Praktisk informasjon

Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.

​​Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande.  Sjukehusapoteket er altså open for alle.

På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.

Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.

Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.

​For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.

Les meir om eigendelar på helsenorge.no

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

​Ved Nordfjord sjukehus og Førde sentralsjukehus finn du kiosk der du kan kjøpe aviser og andre kioskvarer.

Ved Førde sentralsjukehus kan du også levere kupongar til Norsk Tipping sine spel.

Alle kantinene i Helse Førde er opne for tilsette, pasientar og pårørande.

​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen. Dei har opningstid 10.30 - 14.30.

Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. Her får du kjøpt varm mat og mykje anna. Den har opent 07.30 - 16.30.
I Førde finn du også ein kafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid  09.00 - 15.00. Her finn du kaffe, te, anna drikke, påsmurt og kaker m.m.

Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle kvardagar frå klokka 10.00-13.30.

Kantina på Tronvik er open for tilsette og bebuarar.

​Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.

Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.

Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.

Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.

Førde sentralsjukehus har sett av hundre parkeringsplassar berre for pasientar og pårørande. Bommen ved pasientparkeringa opnar seg automatisk. Er alle desse plassane opptekne, er det fleire parkeringsområde rundt Førde sentralsjukehus. Ledige plassar på desse områda kan òg nyttast av besøkande.

BLODGJEVARAR og RØRSLEHEMMA har eigne parkeringsplassar mellom anna framfor hovudinngangen og rundt om på sjukehuset sitt område. Dei som kan parkere her, har eige parkeringsløyve. Utan slikt løyve er parkering rekna som ugyldig.

Ordinær parkering for pasientar og pårørande:
Parkeringsplassen er inn frå Svanehaugvegen. Sjå blått område på kartet:

Kart over parkeringsplassar ved Førde sentralsjukehus
 

​I 6. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthotell.

Pasienthotellet har 22 senger. Dei er fordelt på seks enkle rom og åtte doble rom. Alle romma er tilpassa rullestolbrukarar.

​Treng du nokon å snakke med? Sjukehuspresten er til for deg anten du er pasient eller pårørande. I møte med denne omsorgstenesta kan du finne ein «fristad» og ein plass å samle tankane. I samtale med sjukehuspresten er det tid og rom for både stort og smått.

Du treng ikkje ha kristen eller religiøs tru for å ta kontakt. Det er ditt liv og dine tankar som har fokus. Det er sjølvsagt og høve til klassiske prestetenester som mellom anna sermoniar og bøn.

Uansett kva du har på hjartet er sjukehuspresten tilgjengeleg for å møte deg, der det passar deg best. Det kan vere på telefon, prestekontoret, pasientrom, i kantina eller kanskje på ein benk ute.

Ta kontakt direkte med Helene Langeland på telefon 908 79 281, eller spør personalet om å tilkalle/avtale tid med prest.

Sjukehuspresten er primært tilgjengeleg i ordinær kontortid, men kan og tilkallast til andre tider.

Kontoret er på plan 2, første dør til høgre for inngangen til kantina.

Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
  3. Les nøye gjennom vilkåra.
  4. Trykk "Godta" når du har lese og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal berre vere nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
 

For å avgrense smitte under pandemien kan det vere andre visittider og reglar som gjeld. Sjå Smittestatus virussjukdomar​ for meir informasjon.​​

Akuttmedisin:
Etter avtale på telefon 57 83 90 82.

Barneavdeling:
Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet.

Kirurgisk:
Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30.

Kreft:
Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet.

Kvinneklinikken:
Far eller medmor kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Søsken til barnet og andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga.

Medisinsk:
Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale.

Nevrologisk:
Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne.

Ortopedisk:
13.30-16.00 og 17.30-19.30.