Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Spilleavhengighet

Ein definisjon på spelavhengigheit er at du har mista kontrollen på spelinga og at det dominerer både tankar, kjensler og åtferd. Behandlinga kan hjelpe deg til å akseptere problemet, ta kontroll over spelinga og lære deg å handtere risikosituasjonar.

Pengespill er alle typer spill hvor det satses penger selv om risikoen for tap er stor. Alt fra skrapelodd og lotto til digitale spilleautomater på utenlandske nettsider, er pengespill. For noen kan pengespill føre til avhengighet og store økonomiske problemer.

Les meir på helsenorge.no

Behandlinga vil bestå av

  • motiverande intervju
  • kognitiv åtferdsterapi.

I behandlinga ønsker vi å gjere deg bevisst på samspelet mellom tankar, kjensler og handlingsmønster, slik at du kan bli betre i stand til å meistre avhengigheiten din.

Med yngre pasientar kan behandlingsprosessen òg inkludere foreldre/pårørande. Skule, fastlege og NAV kan involverast etter behov og ønske.
 

Tilvising og vurdering

Fastlege, barnevernsteneste eller konsulent på ditt lokale NAV-kontor kan tilvise til spesialisthelsetenesta for behandling av spelavhengigheit. 

Kor lang tid vil det ta før du kan kome i behandling /utgreiing?
For deg som er under 23 år skal behandlinga starte innan fire veker. For andre er det gitt ein rettleiande frist på 12 veker. Merk deg at ventetid kan variere avhengig av kor alvorleg tilstanden er.

Før

Før behandlinga startar vil behandlaren din saman med deg, basert på opplysningane i tilvisninga, danne seg eit bilete av kor alvorlege speleproblema dine er. Det vil deretter bli stilt diagnose og utarbeidd ein behandlingsplan.

Under

Behandlinga vil bestå av polikliniske samtalar individuelt, i gruppe, eller med ein kombinasjon av desse. I desse samtalane vil vi snakke om følgjande:
 
  • forholdet ditt til spel/speling
  • forsøke  å forstå kvifor du speler
  • undersøke kva funksjon spelinga har for deg
  • undersøke korleis spelinga påverkar kvardagslivet ditt
  • snakke om motivasjonen din for å gjere endringar med tanke på spelinga di
Det kan variere kor ofte du møter til samtalar. Det er vanleg med ein gang i veka.

Kor lang tid tar behandlinga?

Behandlingsperioden vil variere i lengde, intensitet og hyppigheit ut frå følgjande: 
  • har du andre psykiske lidingar i tillegg
  • kor klar du er til å gjere endringar
  • i kva grad du har tru på at du kan få til endringar 

Etter

Du vil bli følgt opp vidare av førstelinetenesta (t.d. fastlegen din) etter behandlinga.

Det finst òg sjølvhjelpsgrupper som kan vere aktuelle. 


Sist faglig oppdatert 22.08.2024

Kontakt

Psykisk helsevern