Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Spinalpunksjon

Spinalpunksjon (ryggmergsvæskeprøve) er ei undersøking der vi tek ei prøve av spinalvæske ved hjelp av ei nål som blir stukken inn nedst i ryggen. Spinalvæske er den væska som omgir hjernen og ryggmergen din. Nokre sjukdommar kan gi forandringar i denne væska.

Spinalvæske

Hjernen og ryggmergen blir omgitt av ei fargelaus, vassklar væske som blir kalla ryggmergsvæske (eller spinalvæske). Ryggmergsvæska består hovudsakleg av vatn, små mengder sukker og saltar, i tillegg til spor av protein. Normalt inneheld det ingen eller berre veldig få celler. Til kvar tid er det mellom 100 og 200 milliliter ryggmergsvæske, som sirkulerer og blir fornya i raskt tempo, slik at vi samla produserer omtrent 500 ml i løpet av eit døgn. Ved prøvetaking blir det som regel henta ut mindre enn 20 ml og volumet blir raskt erstatta av kroppen sjølv.

Tilvising og vurdering

Det er avdelinga du høyrer til på sjukehuset, eller fastlegen, som kan tilvise deg til denne undersøkinga.

Før

Du kan ete frukost og drikke som normalt før undersøkinga dersom du ikkje har fått beskjed om noko anna.

Nokre medikament, som blodfortynnande medisinar, kan gi auka risiko for komplikasjonar under undersøkinga. Derfor er det viktig at du fortel legen din kva medikament du bruker fast og om du har teke nokre spesielle medikament undersøkingsdagen eller dagen før. Presis informasjon om dette finn du i innkallingsbrevet ditt.

Under

Under undersøkinga er du vaken og legen vil fortelje deg kva som skjer.               

Du vil bli beden om å liggje på sida eller sitje oppreist med ryggen mot legen. Helsepersonell vil vaske området der det skal gjerast eit innstikk. Legen vil be deg om å krumme ryggen.

Ved undersøkinga stikk legen ei nål inn mellom ryggtaggane for å komme til sjølve ryggmergsvæska. Prøvetakinga skjer omtrent på nivå med hoftekammen, langt nedanfor det nivået der ryggmergen endar, slik at ikkje ryggmergen blir skadd. Du vil merkje eit stikk i huda når legen set inn nåla.

Av og til kan nervar til beina bli irriterte. Du vil då merke smerter i beina. Det er ikkje farleg, men gi beskjed dersom du får vondt, slik at vi kan endre stillinga til nåla. Når nåla er på plass, dryp væske ut og samlast i eit røyr for analyse. Etter at prøva er teken, fjernar vi nåla og legg ein plasterlapp over innstikkstaden. Heile prøvetakinga tek 20 – 30 minutt.

Etter

Vi tilrår at du tek det med ro undersøkingsdagen, og held deg borte frå jobb resten av dagen.

Du bør unngå å anstrenge deg kraftig det første døgnet, som ved tunge løft, tungt kroppsarbeid og trening.

Det kan ta ein månad eller meir før alle resultata frå undersøkinga er klare. Resultatet blir sendt til legen som har tilvist deg, som vil følgje deg opp vidare.

 

Dersom du får hovudverk etter undersøkinga, kjem ho vanlegvis i panna eller bakhovudet i løpet av det neste døgnet. Hovudverken kjem av ein liten lekkasje rundt punksjonsstaden som fører til lågare trykk rundt hjernen. Smertene gir seg nesten heilt når du ligg og blir verre igjen når du står opp. Ofte gir hovudverken seg i løpet av 24 timar. Det kan hjelpe å drikke noko med koffeininnhald (som cola eller kaffi) eller bruke reseptfrie smertestillande tablettar som inneheld koffein (fenazon-koffein).

Dersom smertene varer lengre enn 3 dagar, bør du kontakte avdelinga/legen der undersøkinga blei gjord, for å få ei vurdering av om hovudverken skal behandlast ved å setje litt av ditt eige blod rundt innstikkstaden (blodlapp). Dette vil lukke lekkasjeopninga, og smertene gir seg.

Somme kan kjenne smerter og stivleik i ryggen etter undersøkinga. Dette er normalt og ikkje farleg. Dette kan vare i nokre dagar.

 

Ver merksam

Bløding eller infeksjon er svært sjeldan etter spinalpunksjon, men kan finnast. Kontakt lege ved sterke smerter i beina eller ryggen og ved feber etter prosedyren.

Kontakt

Førde sentralsjukehus Nevrologisk seksjon

Kontakt Nevrologisk seksjon

Oppmøtestad

Førde sentralsjukehus, 4. etasje.
En stor bygning med en stor plen foran seg

Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Transport

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Frå Førde Sentralsjukehus går flybussen 70 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

 

Praktisk informasjon

Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.

​​Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande.  Sjukehusapoteket er altså open for alle.

På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.

Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.

Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.

​For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.

Les meir om eigendelar på helsenorge.no

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

​Ved Nordfjord sjukehus og Førde sentralsjukehus finn du kiosk der du kan kjøpe aviser og andre kioskvarer.

Ved Førde sentralsjukehus kan du også levere kupongar til Norsk Tipping sine spel.

Alle kantinene i Helse Førde er opne for tilsette, pasientar og pårørande.

​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen. Dei har opningstid 10.30 - 14.30.

Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. Her får du kjøpt varm mat og mykje anna. Den har opent 07.30 - 16.30.
I Førde finn du også ein kafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid  09.00 - 15.00. Her finn du kaffe, te, anna drikke, påsmurt og kaker m.m.

Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle kvardagar frå klokka 10.00-13.30.

Kantina på Tronvik er open for tilsette og bebuarar.

​Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.

Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.

Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.

Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.

Førde sentralsjukehus har sett av hundre parkeringsplassar berre for pasientar og pårørande. Bommen ved pasientparkeringa opnar seg automatisk. Er alle desse plassane opptekne, er det fleire parkeringsområde rundt Førde sentralsjukehus. Ledige plassar på desse områda kan òg nyttast av besøkande.

BLODGJEVARAR og RØRSLEHEMMA har eigne parkeringsplassar mellom anna framfor hovudinngangen og rundt om på sjukehuset sitt område. Dei som kan parkere her, har eige parkeringsløyve. Utan slikt løyve er parkering rekna som ugyldig.

Ordinær parkering for pasientar og pårørande:
Parkeringsplassen er inn frå Svanehaugvegen. Sjå blått område på kartet:

Kart over parkeringsplassar ved Førde sentralsjukehus
 

​I 6. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthotell.

Pasienthotellet har 22 senger. Dei er fordelt på seks enkle rom og åtte doble rom. Alle romma er tilpassa rullestolbrukarar.

​Treng du nokon å snakke med? Sjukehuspresten er til for deg anten du er pasient eller pårørande. I møte med denne omsorgstenesta kan du finne ein «fristad» og ein plass å samle tankane. I samtale med sjukehuspresten er det tid og rom for både stort og smått.

Du treng ikkje ha kristen eller religiøs tru for å ta kontakt. Det er ditt liv og dine tankar som har fokus. Det er sjølvsagt og høve til klassiske prestetenester som mellom anna sermoniar og bøn.

Uansett kva du har på hjartet er sjukehuspresten tilgjengeleg for å møte deg, der det passar deg best. Det kan vere på telefon, prestekontoret, pasientrom, i kantina eller kanskje på ein benk ute.

Ta kontakt direkte med Helene Langeland på telefon 908 79 281, eller spør personalet om å tilkalle/avtale tid med prest.

Sjukehuspresten er primært tilgjengeleg i ordinær kontortid, men kan og tilkallast til andre tider.

Kontoret er på plan 2, første dør til høgre for inngangen til kantina.

Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
  3. Les nøye gjennom vilkåra.
  4. Trykk "Godta" når du har lese og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal berre vere nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
 

For å avgrense smitte under pandemien kan det vere andre visittider og reglar som gjeld. Sjå Smittestatus virussjukdomar​ for meir informasjon.​​

Akuttmedisin:
Etter avtale på telefon 57 83 90 82.

Barneavdeling:
Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet.

Kirurgisk:
Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30.

Kreft:
Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet.

Kvinneklinikken:
Far eller medmor kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Søsken til barnet og andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga.

Medisinsk:
Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale.

Nevrologisk:
Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne.

Ortopedisk:
13.30-16.00 og 17.30-19.30.